søndag 29. september 2013

Meir av kjøkenet

Eg har knipsa litt fleire bilder av kjøkenet vårt. 
Kjøkenet vårt er lite og enkelt. Men eg liker det likevel. 
Innreiinga heiter Lindingø og er frå Ikea.
Tavla på veggen har eg laga av ei hobbyplate
 som er måla med tavlemåling og magnetmåling
Den er skrudd fast til veggen :)
I sommar brukte eg gåvekortet eg vann hos Home&Cottage. 
Eg kjøpte blant anna denne store tallerkenhyllaDen er eg veldig fornøgd med. 
Hylla har plass til mykje og er dekorativ :)
I løpet av fotoseansen måtte eg teste med eit teppe på golvet her. 
Og eg trur det gjer seg å mjuke opp det 
svarte trasige golvet!? :)
 (teppet er frå Ellos.no)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 26. september 2013

Ha ein fin kveld!

 Eg er innom ein snartur for å ønske alle ein fin kveld!
Bildet er frå stova. Det viser Ikea-skapet som er "pimpa" med måling og tapet frå Retrovilla, og vidare ser du inn i TV-stova der den turkise skjenken står.
Det ser ikkje ut til at fargane blir pakka vekk denne hausten. 
Dette året får dei bli ;)
Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 24. september 2013

Krakk til å bli glad av!

Kjøkenkrakken vår har fått på seg ein gladtapet
Frå før av har eg måla denne grøn. Krakken er opprinneleg trekvit og frå Ikea :)
Farger gjer meg glad!
Eg blir også glad av ei bakestund med verdas beste Ariel :)
Ha ein flott tysdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. september 2013

Heldig vinnar!


Den heldige som vann hansker og skjerf i lammeull
 sponsa av lue.no er lodd

nr 44


Gratulerer! :)
Kan du sende meg kontaktinformasjon
 til epost husetvedfjorden(ætt)hotmail(dått)com?
Så skal eg vidareformidle kontakt :)

Mange fine nyheter!:)

Ha ein flott kveld/natt!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. september 2013

Glade lys

Eg fekk nokre penger til bursdagen min. 
Og fristelsen for å skaffe seg den største lyslenka frå Happylights vart veldig stor! 
Valget fallt på Copenhagen varianten. Fin-fine farger som lager 
herleg stemning i heimen :)
Husk at du kan vinne
eit sett med hansker og skjerf i deilig lammeull frå Lue.no
Meld deg på her om du vil. Trekning på søndag :)

Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 18. september 2013

Forandring fryder!

Vi har endeleg fått på plass verandadøra i spisestova. 
Her har det vore halvferdig i snart 2 år. Så veldig kjekt å få det ferdig! Jubel
Nå mangler berre sjølve verandaen utanfor. 
Men det er jo fort gjort ;P
Men kanskje nokon legg merke til noko anna som har forandra seg?
Eg har lenge vore lei av spisestolane våre med kvite trekk. Dei var store og tunge, 
og trekka var sjelden reine. Så eg selde dei rett og slett. No har min
 forkjærlighet for loppis-stoler endeleg 
komt til sin rett ;)
Inntrykket vart lettare, meir fargerikt og meir meg! 
Eg digger det :)
 Det mangler litt puter og eit sete på eine stolen
 for at sittekomforten skal vere god. Men det kjem seg etterkvart ;)
 Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

PS; husk fin-fin Give Away. Du finn link oppe til høgre ;)

søndag 15. september 2013

Skap Før&Etter + skohylle

Vi trengte eit nytt skap i gangen vår. Det vi hadde holdt på å ramle frå kvarandre.
Då foreldra mine skulle kvitte seg med eit trekvitt garderobeskap, 
så var eg snar å "adoptere" det ;)

Her er skapet slik det såg ut før;
(eg er begynt å måle på skuffene ;) 

Før;
Og etter litt Love&Care vart det sjåande slik ut. 
Fargen er frå Fargerike og heiter Jadeite :)

Etter;
På enden av skapet har eg hengt opp ei knaggrekke som er måla lys rosa. 
Og ei trekasse har fått funksjonen som skohylle
Den har eg måla grøn og satt hjul på.
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. september 2013

Dixie

Eg har sikla etter ei skinnveske frå Dixie ganske så lenge. 
Til bursdagen min (for eitpar veker sidan) fekk eg den endeleg av mannen! 
Snille kjæresten min! :)
No har eg også fått ei lommebok frå Dixie av Carriealong.no. 
Lommeboka er så stor at eg får plass til Iphonen i den, og eg kan bruke den som ei lita clutch- veske. Den finns i fleire farger, eg valgde sjølvsagt mint ;)
Nettbutikken Carriealong.no er vel verdt ein titt. 
Er du på jakt etter vesker, kofferter, PC vesker, ryggsekker, skulesekker eller 
eit  pennal er du på rett stad. Butikken er oversiktleg, 
dei sender raskt og servicen er god :)
Ha ein superduper dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 8. september 2013

Vinn skjerf og hansker i deilig lammeull

Sjølv om temperaturen ute er ganske sommarleg om dagen, så nærmer hausten seg. 
Det blir kaldare, og det blir godt å pakke seg inn i noko varmt. Kanskje du har
 lyst å vinne eit deilig skjerf og hansker i lammeull? I samarbeid 
med lue.no lodder eg ut 2 sett i valgfri farge. Eg har skjerfet
og hanskane sjølv i grått. Dei er varme, mjuke
 og av god kvalitet :)
Lue.no er driven av ein tidlegare kollega av meg. 
Han sel først og fremst mange tøffe luer. Men han har også 
eit utvalg i skjerf, votter og tøfler

Nettbutikken finn du her!
Facebooksida finn du her!
Instagram; lue_no
For å vere med i trekninga 
av 2 sett med skjerf og hansker av lammeull 
i valgfri farge (svart, grått, raudt og syrin)
så gjer du slik:

1 lodd = 1 kommentar
1 lodd = del konkurransen på blogg/FB
1 lodd = Finn din favoritt hos lue.no her!

Alle kan delta. 
Om du ikkje har blogg, må du legge igjen epostadressa di.
Husk å skrive kor mange lodd du tar :)

Trekning 22.september :)
Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. september 2013

Eg ♥ Farger

Eg har vore å snopa meg nye målingsfarger. Eg fekk spørsmål om kva eg skulle bruke dei til. Svaret var; nei, det veit eg ikkje endå. Det er kjekt å ha når ein får eit anfall av 
lyst til fornyelse ;) Heimen vår blir stadig meir fargerik, og vi liker det! 
Eg har tru på at fargar påvirker til godt humør. 
Ein blir rett og slett glad av det!
Den eine målingsfargen har eg testa ut på denne krakken
Fargen er fantastisk mintgrøn og har koden: S0530-B90G. Den andre fargen
 eg kjøpte er klar blå. Den skal testast ut ikveld, 
viss energien tillet det;)
Koppen fann eg i helga på Ørsta Gjenbruk. 
Eg digger harlekinmønsteret i den finaste fargen ;)
Viss nokon lurer så er skjenken måla i turkis med fargekode S0530-B50G. 
Og skoddene er måla i fargen Hammershöi :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 3. september 2013

Bruktfunn

Av og til får eg skikkelege abstinenser. Bruktfunn- abstinenser!
Forrige veke hadde eg det slik, og vi bestemte oss for ein roadtrip til Ørsta og Volda 
for å sjekke ut bruktbutikkane der. Og dei skuffa ikkje!

I Ørsta er der ein diger Bruktbutikk i 2 etasjer. Fantastisk! 
Og i Volda var der ein liten, men den skuffa ikkje den heller ;) 
Det blir absolutt fleire turer hit! ;)

Eg var på jakt etter gamle rammer og bilder til ein bildevegg eg skal ordne. 
Dette bildet med mor og barn synast eg var heilt fantastisk fint! Og krukka til mjøl, 
den er eg forelska i. Gammal og med favorittfargen på lokket!
Eg fann også eit gammalt koppesett med harlekinmønster 
og ein ny favorittkopp med blomster;)
 Gamle sengetøy blir eg aldri lei av. 
Dei er supre å lage puter av. Mjukt og fint stoff med glade farger :)
 Endå eit gammalt bilde med flott ramme. 
Også fann eg 2 slike krakker. Eg har litt lyst å måle dei, men kanskje 
eg skal la det vere? Dei er jo sjarmerande og naturleg slitt :)
 Ein stol som skal fiksast litt på, 
og eit fint gammalt bilde med natur på. Eg likte så godt fargane i det :)
Har du gjort nokre bruktfunn i det siste?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. september 2013

Hermine sitt rom

Eg viser nokre bilder frå Hermine sitt rom idag. 
Her er ikkje så mykje nytt, anna enn nokre honeycumbs i kosekroken. 
Etter at eg begynte å jobbe igjen har energien til nye prosjekt vore litt laber
Men etter bruktbutikkhandling og malingskjøp igår, 
så håper eg den snart kjem snikande tilbake ;)
Vi har vore fadderar i ein flott barnedåp idag. 
No er finkjolen av, og kosebuksa på :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails