onsdag 31. oktober 2012

Happy Halloween!

Eg har egentleg aldri hatt nokon tradisjon for Halloween
Men i år har vi gjort litt ut av det likevel. Gresskar vart innkjøpt og laga til. 
Og mannen og Ariel tok seg ei lita godterirunde. Det heile vart ein skikkeleg morsom dag. Det er mange meiningar om Halloween. I dag har eg gjort opp mi; 
Eg ser ingenting gale med litt ekstra moro i kvardagen ;)
Kva meiner du?



Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 26. oktober 2012

God Helg!

Eg, Hermine og Pusen Sofus er heime aleine i helga. 
Ariel og Pappaen er på vift. Det betyr rolige dager i Fjordhuset. 
Det er litt godt og litt kjedeleg på same tid ;)






Om du har planlagt å gjere noko kreativt saman med borna i helga,
 er du hjerteleg velkomen til å dele det med oss i utfordringa mi: 

God helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. oktober 2012

Tapet i bokskapet

I TV stova har vi dette Liatorp skapet frå Ikea. 
Det er stappfullt av DVD'er, bøker, spel, papir osv. Derfor er det ikkje 
spesielt pent med glasdører og fritt innsyn ;)

Eg har hatt blondegardiner i dørene før. 
Men no har eg rett og slett "tapetsert" det igjen ;) Som de ser var det her 
ein av tapetane frå Etsy endte opp!

Skapet vart eit kjempefint blikkfang
Det har vore litt fargelaust i dette hjørnet før, 
men no kom det seg ;)

Eg har berre brukt teip å festa tapeten med på innsida av dørene. 
Då er det enkelt å skifte ut om eg skulle ønske det :)

Akkurat no sit eg i sofaen,
 og ser ut på mange små snøfnugg som daler ned. 
Og eg kjenner at eg gleder meg til jul! ;)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. oktober 2012

Meir blått på badet + Galleriplass hos NIB :)

Vi har to dører på badet. 
Den eine går ut i gangen, og den på bildet går inn på soverommet vårt. 
No har denne fått nokre strøk med den fine blåfargen også. 
Det vart veldig herleg med nokre fargeklatter i det ellers
 så "sterile" rommet :)

Golvmatta som eg har hekla av stoffremser passer fint inn. 
Så den har fått oppholdstillatelse her på badet ;)

Eg er så kjempeglad over å vere i Galleriet til NIB si Baderomsutfordring!
 Det kom inn hundrevis av nydelege bidrag, så å få kome i dette gode
 selskapet ser eg på som ei stor ære. Lille meg
 blant alle dei proffe liksom..
 Tusen takk!:)

Og endå eit tusen takk til de som
 har bidratt i utfordringa mi: Kreativ med Barn. 
Det er komt inn mange fin-fine bidrag. Eg og Ariel er allereie igong med å teste ut ideane ;) Og vi vil gjerne ha mange fleire, så det hadde vore supert
 om du har lyst å lage eit bidrag! :)

Det blir avstemming og premie til eit av bidraga. 
Premien blir det eit eget innlegg
 om seinare :)

Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 22. oktober 2012

Utfordring; Kreativ med barn

Dottera mi Ariel er snart 3 år og klar for kreativitet ;) 
Eg dreiv å leita etter inspirasjon til aktiviteter som vi kunne gjere ilag. 
Spesielt no når hausten er her og det nærmer seg jul, er dette veldig kosleg! Eg tenkte fort at oppfinnsomheten i Bloggland er jo den beste eg veit om. Difor fekk eg lyst å lage ei utfordring her på bloggen, der du kan vise eit eller fleire innlegg om 
kreative påfunn som passer fint å gjere
ilag med unger.  



Så no håper eg du vil sette i gong med kreative påfunn som passer for unger,
knipse nokre bilder og lage eit innlegg som du linker under her. Eg håper det 
fører til ei kosleg stund for deg, og til inspirasjon for oss andre :)
Det blir også ein fin- fin premie til den som har 
den "beste" ideen!


Det er fullt muleg å linke til eit gammalt innlegg.  
Eg blir også veldig glad om de sprer ordet, slik at vi får inn mest muleg inspirasjon:)
Du treng heller ikkje ha egne barn for å vere med. Du kan lage noko sjølv
 å vise fram,berre det er enkelt nok 
for dei små ;)

Eg håper på mange fine innlegg med skaperglede!


Klem frå Bjørg :-)


søndag 21. oktober 2012

Stolt!:) + trekning

Eg var i finalen i Lidyll si utfordring: Vis meg dine Høstfarger. 
Og idag har eg fått den glade beskjeden om at bildet mitt fekk flest stemmer. Yeeei! 
Eg er stolt, glad og ikkje minst takknemleg for å bli stemt på. TAKK! :)
Det er moro at "mine" haustfarger fallt i smak ;) 
Her er bildet eg vann med;

Så er det på tide å finne den heldige vinnaren 
som stikk av med eit husnr skilt med 1-5 siffer i emalje frå Ramsign.

Det var 89 som deltok. 
Og Random trekte 
nr 68

Gratulerer til Beathe Monica Solheim!

Kan du sende meg ein epost til husetvedfjorden@hotmail.com ? :)

Ha ein super søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

Trekning ikveld! :)

Det er siste sjanse å melde seg på Give Awayen,
 der du kan vinne eit husnr skilt frå Ramsign. Trykk her, skriv nokre ord 
og skiltet kan bli ditt ;)

19:30- Give Awayen er avslutta!

Fin laurdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 19. oktober 2012

Nygamle skatter

Eg har fått i hus nokre skatter. 
Gamle ting, men nye for meg ;) Denne industrilampa har
 eg sett på i garasjen til Pappa ei stund. Og no fekk eg den med meg heim. 
Den har ein fin grønfarge, men har dessverre litt for mange målingsflekker. 
Så den er opp til vurdering for litt spraymåling :)
Kva ville du gjort?


 Eg har også fått 2 superfine retro-tapeter, som eg har bestilt på etsy. 
Dei er heilt nydelege! :) Eg tar meg sjølv i å springe rundt å 
prøve dei her og der. Planen er vel snart klar, 
trur eg ;)


Husk å melde deg på Give Awayen min. 
Berre nokre få ord i kommentarfeltet, og eit fin-fint skilt frå Ramsign kan bli ditt :) 
Du finn link oppe til høgre. Trekninga er allereie no på søndag, 
så fort deg å bli med ;)

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 17. oktober 2012

Utfordring: Høststemning

Kjenner du til Facebooksida og bloggen til Tips og Inspirasjon til Hjemmet
Akkurat no har dei ei bloggutfordring, som eg har lyst å slenge meg på :) Vi skal vise bilder med hauststemning. Haust for meg er masse innekosOg då må ein ha ein god 
plass å opphalde seg, skinnfeller, pledd, masse puter, lesestoff/handarbeid
 og noko varmt i koppen. Så dette vart mitt bidrag;






Vinnaren av utfordringa stikk av med denne kjøkenmaskina. 
Tenk å vere så heldig :)
 Den supre premien er levert av;


Og utfordringa er i regi av;


Trykk her om du fekk lyst å prøve deg du og ;)

Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 15. oktober 2012

Hekla matte nr 2

Eg er ferdig med golvmatte nr 2. 
Og med denne har eg vore "dristig" å prøvd meg på å hekle staver
Og det var jo enkelt jo! Kva skulle en gjort uten youtube ;) For dei som ikkje fekk 
med seg den første golvmatta, så kan du sjå den her! 
Eg hekler mattene av stoffremser.
Oppskrift finn du på høgre
 side på bloggen :)

 Det går raskare å hekle staver enn med fastmasker,
 som eg gjorde sist. Men egentleg synast eg det vart finare med fastmasker. 
På bildet under ser du at eg begynte med fastmasker innerst, 
og fortsatte med staver .)

Det er veldig moro å lage si eiga golvmatte. 
Har du prøvd?

Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

PS; Har du lyst å vinne eit fint skilt frå Ramsign,
 må du huske å delta på Give Awayen min. 
Link finn du øverst til høgre ;)

søndag 14. oktober 2012

Ny vase på 1-2-3

Ei strikkejakke Besta mi brukte mykje, låg klar for kasting. 
Ikkje på tale, sa eg! Den passer ikkje til meg. 
Men med ein liten vri kan den 
nytast lenge ;)

 Eine armen vart klipt av. 
Eg sydde sikksakk- saum der eg klipte av. 
Så trakk eg armen over eit Norges- glas. Og på 1-2-3 har eg ein
 "ny" haustleg vase til helgas roser ;)

 Vasen er no eit fint minne etter Besta, fin å sjå på
 og faktisk litt trendy ;)

 Eg har planer for resten av jakka og. 
Men det får bli ein anna dag. For i kveld når eg har tid til slikt,
 så har eg ein date med sofaen ;)

Ha ein super søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 13. oktober 2012

Hurra!

Eg er i finalen i Lidyll si utfordring "Høstfarger". 
Og for eit selskap eg er i, så mange flotte haustbilder! :)
 Dette er bildet eg bidrar med:

Dette skriver søte Lidyll om bildet:

Pasteller kan også være fine farger på høsten!
Herlig komposisjon og innbydende bilde. Nydelig med det gule pleddet mot det grønne/mintgrønne.

Om du vil stemme på meg (då blir eg jublande glad ;) 
eller nokon av dei andre: 
kan du trykke

Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. oktober 2012

Blå dør

Mitt neste måleprosjekt skulle jo egentleg vere spisebordet vårt. 
Men plutseleg fekk eg slik inspirasjon til å sette igong på badet. Vi har 2 dører på badet, 
og desse trengte sårt nokre målingsstrøk. No er den eine ferdig, 
og den er blitt blå ;) Vi trengte litt farge på badet. 
Og denne blåfargen passa perfekt,
 synast eg :)

 No står neste dør for tur. Listene vi har på badet er slike ferdigmåla som du får kjøpt. Eit godt døme på at kvitt ikkje alltid er kvitt. Trur kanskje desse får seg ein shinings og ;)
Eg planlegger også ein liten makeover på baderomsinnreiinga
Det er i allefall oppe til vurdering ;)

 Vi bruker Hemnes kommoden frå Ikea til stellebord denne gongen. 
Genialt med masse oppbevaringsplass. 
Også kan den stå her når vi er 
ferdige med bleier også ;)


 Etter baderomsutfordringa har eg fått ein del spørsmål om kor badekaret vårt 
er kjøpt. Dette kjøpte vi for ca 3 år sidan på Coop Extra Bygg. Det er ikkje laga av porselen,
 men er ei god etterligning i plast ;) Derfor har det ein fin pris på rundt 5000 kr. 
Det er ikkje av det største slaget, men herleg å bade i (dei få gongane eg har gjort det) 
Ungane digger det, og eg liker å sjå på det ;)

Fin fredag til deg, snart helg :)

Oppdatert; blåfargen har fargekode S0520-R90B

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 9. oktober 2012

Eg ♥ haust

Når hausten glimtar til med fint ver, så blir det heilt magisk ute synast eg. 
Dei flotte fargane, den skarpe lufta og den milde sola. Denne dagen var nettopp slik. 
Då må ein berre nyteUt på tur med mann, 
jentene, kaffi og nybakte boller. 
Då har vi det fint :)






Husk å melde deg på Give Awayen min under her. 
Berre ein liten kommentarog eit superfint husnr-skilt frå
 Ramsign kan bli ditt ;)

Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails