fredag 29. mai 2015

Teak-dilla fortset..

 Jepp, eg som ikkje likte teak har no fått det tredje møbelet i hus. 
Eg fann nattbordet på loftet hos foreldra mine. Og tok meg sjølv i å seie: 
Det der får dokke ikkje lov å måle! Dagen etterpå vart 
det levert på døra vår ;)
Eg må innrømme at eg er litt frista til å måle deler av det. 
Kanskje, kanskje ikkje..
 Nei, eg trur det skal få vere akkurat slik det er :)
Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 26. mai 2015

Eg er forelska i eit hotel!

Det nærmar seg sommar 
og det er på høg tid å legge planar for ferien. 
Eg elsker å leite etter reisemål og drøyme meg vekk på nettet. 
Eg var nær på å utdanne meg innan reiseliv for ei tid tilbake og reiste
 utanlands minst 2 gonger i året. Men det var før dei finaste jentene
 våre kom til verda. Etter det har det blitt litt nedprioritert.

Men drøyme gjer eg fortsatt. 
Etter å ha utforska hotelspecials.no og deira store utval av hotell, 
fann eg eit heilt fantastisk eit! Nydelege Görvälns Slott som ligg 
i Järfälla utanfor Stockholm. Er det noko som interresserer meg litt meir 
enn reising, så er det sjølvsagt interiør ;) På dette slottet får ein verkeleg 
overdose av fantastisk interiør! Kva er vel bedre enn å reise på ferie 
og samtidig omgje seg med eit inspirerande miljø? 

Eit slott i godt varetatt 1700 stil må jo vere draumen. 
Berre sjå under her, heilt magisk spør du meg! (bilder frå Google)



 Sjekk den fantastiske skjenken dei lekre kakene blir servert på!

 Dette rommet trur eg faktisk ikkje at eg hadde gått ut av igjen. 
Nydeleg, ikkje sant? :)


Les meir om Görvälns Slott her
For meg blir nok ikkje denne draumen oppfyllt i år. Her blir det bubilferie til opplevelsesparkar. Ikkje fullt så spennande for eit interiørhjerte, 
men det blir nok heilt perfekt likevel så lenge familien er fonøgd. 
Men ein gong…så skal eg bu på dette slottet! 

Har du budd på eit slott nokon gong? 

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. mai 2015

Smiles on Tiles

 Ein av butikkane hos Japan Photo, der eg jobber, er Smiles on Tiles
Dei sel sjølvklebande og vannfaste bilder til flisane på badet ditt. Ein heilt genial
 måte å dekorere badet på uten å måtte lage hol i veggane. 

Eg har lenge planlagt å skaffe meg slike.Ting tar ofte litt tid hos oss, 
men no er den endeleg bestilt og plassert ;)

 
Mannen er båtfrelst så valget fallt på eit bilde frå ein segltur han har vore på. 
Så no kan han sitte på do og drøyme seg vekk ;)

Vi valde å lage ein mosaikk, slik at bildet vart stort. 
Som de ser har vi baderomsplater på badet, men det fungerer like godt på dei :)
Dei er enkle å montere, og like enkle å ta vekk igjen utan at det set merker!

Sjekk gjerne ut Smiles on Tiles her! 
Vi er veldig fornøgde :)

Ønsker deg ei herleg pinse!

Klem frå Bjørg :-)


//innlegget er laga i samarbeid med Smiles on Tiles//

søndag 17. mai 2015

Hipp Hurra! Gratulerer med dagen!

Det var godt å sette seg i sofaen etter ein fin 17.mai :)
Vi feira med tog, sjømat hos oss og leiker på plassen 
slik som vi har gjort dei siste åra!
Eg håper du har hatt ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 15. mai 2015

Ut i vår hage!

I dag har vi endeleg begynt å flytte ut på terassen vår! 
Det er så kjekt å få på plass utemøblane og gjere det fint ute. 
Litt "nytt" har det blitt på terassen i år. Blant anna dette bordet som eg har måla
 i utandørs oljemåling i yndlingsfargen nude :)
Dette er mitt bidrag til nibutfordringa Ut i vår hage. 
Sjå meir hageinspirasjon her!

Ha ein fortsatt herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 4. mai 2015

Det må vere lov å endre meining!

Eg har aldri likt teak noko særleg. 
Designet og dei fine beina har eg alltid likt, men ikkje fargen. 
Trudde eg! Plutseleg fekk pipa ein annan lyd.
 Det starta med den lille kommoden eg fekk. 
Planen var å måle den. Men etter at den vart plassert i TV-stova,
 så kjente eg at eg likt den! Eg likte teak! Kva skjedde? Eg synast teaken passa
 så godt til pastellane i heimen vår. Det vart ein fin kontrast som 
gjer litt meir sjel til interiøret!
Eg måtte ha meir! Blir eg hekta, så blir eg hekta! 
Etter nokre tastetrykk på Facebook fekk eg napp på ein lang teakskjenk
Den vart min for ein 1000-lapp og no står den så fint under verdenskartet i spisestova.
Eg elsker beina på den og den fine (!) varme fargen.
Forandrer du ofte meining angåande interiør?

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails