Eg fekk eitpar lamper av Mamma som ho har kjøpt på ein bruktbutikk.
Sjølvsagt såg eg potensiale for dei, og no er den
eine fiksa litt på ;)
Om nokon skulle vere i tvil er dette
Før;)
Etter;
Lampefoten har eg måla grøn (begynt å bli ein "oppbrukt" farge, men eg er så glad i den :)
Og lampeskjermen sydde eg eit trekk til. Eg sydde rett og slett ein "kanal" nede og
oppe på den og tredde i tråd som eg
snørte godt saman.
Jepp, så vart den og pastellifisert ;) Eg synast det er så moro med
slike småprosjekt som tar kort tid og gjer
ein bra effekt!
Eg tok bildene i dårleg lys, så fargane kom litt dårleg fram. Og dei vart litt uklare.
Men det gjer no eit lite inntrykk på korleis den vart.
Sånn er det når ein ikkje har tålmodighet
til å vente på dagslys! ;)
Tusen takk for alle gode ord de legg igjen, eg blir så glad!
Og har veldig dårleg samvittighet for at eg ikkje rekk å ta bloggerunder slik som før.
Men eg håper på å kome sterkt tilbake snart ;)
♥
Om du har lyst å vere med i trekninga av herleg premie frå Frk Doris,
er det berre å legge igjen nokre ord her!
Håper du har ein flott torsdag kveld!
Klem frå Bjørg :-)