søndag 27. februar 2011

Endå ei KorKTavLe Før&Etter :)

Eg har pussa opp endå ei korktavle
Dette er morosamt arbeid, og eg synast dei blir mykje meir
 dekorative når dei er ferdige :)


Eg kjøpte ei korktavle på eit loppemarked ifjor, den er vist på bildet over. 
Personleg synast eg desse er kjedelege. Eg har pussa opp ei før som du kan sjå her
Denne gongen fekk tavla ein annen farge og stoff.


Gjer det sjølv (DIY) ;
 Eg tok av ramma, denne måla eg i fargen lavender. 
Korken trekte eg med eit Tilda- stoff. Og stifta det fast på baksida. 
Når eg tok på ramma igjen måtte eg lime litt i kantane. Så var det eit strøk til på ramma
(for å skjule limen) som siste finnish.


Eg leiker med tanken å ha den på veggen i stova
Den pynter i seg sjølv, og så er det enkelt å skifte ut bilder,eller evt pynt som ein vil feste på. Ein treng jo ikkje berre bruke dei til huskelappar og 
mindre dekorative ting ;)


På bildene har eg stæsja midlertidig, det får nok ikkje stå i fred slik av Ariel ;) 
Men eg likte kombinasjonen søte pasteller mot den 
røffe krakken og zink :)


Tusen takk for gode ord! 
Og beklager at eg ikkje får besøkt alle tilbake. Det har vore hektisk den 
siste tida når Ariel har vore så mykje sjuk. Eg reknar med eg
 kjem sterkare tilbake:)

Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. februar 2011

"Ny" VedKasSe ;)

Eg arbeider på ein fabrikk
Og rundt omkring der står faktisk mange kule ting som er i vinden. 
Factory style er jo veldig aktuelt no. Så eg vart veldig happy når eg fekk lov til å ta ein av desse kassene med meg heim :)

No fungerer den som den perfekte vedkasse :)
Må jo ha litt røffe innslag i det ellers så "søte" interiøret.
Eg ser av bildene at eg skulle hatt noko på veggen i denne kroken. 
Eit nytt prosjekt: Me like ;)
Tusen takk for alle gode ord de legg igjen. 
Og eg er veldig takknemleg og stolt av at eg stadig får nye følgera. 
Håper de vil trivast her hos meg :)

Ha ein flott fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 23. februar 2011

Meir "Tapetsering":)

 Det er veldig populært med tapetsering i Bloggland for tida. 
Når eg likevel var igong med kommoden, tapetserte eg ein & -bokstav med papir frå Tilda. 
Dette har eg sett blitt gjort hos blant andre Sukkertøy for Øyet
Og lettpåvirkeleg som eg er, måtte eg og prøve ;)


Dette var enkel moro,
 og det er eg stor fan av ;) Det som går fort og har stor 
effekt er best ;) Her var det klipping og liming, og vips har du 
ein mykje meir "fresh" bokstav :)


Ha ein strålande onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. februar 2011

Liten KoMmoDe Før&Etter :)

Mange har sikkert sett den lilla kommoden min. 
Eg kjøpte to av desse på Bruktbutikken. No har den siste endeleg fått ein 
makeover som eg har tenkt på lenge. 
Ting tar som kjent tid ;)

Denne gongen måla eg den kvit og tapetserte frontane på skuffene med tapetprøver
 frå Pip bestilt på Inreda. Eg brukte ganske enkelt decoupagelim til å feste 
tapeten med. Knottane er skifta ut med nokre i porselen
 frå Kremmerhuset.

Kommoden skal stå på rommet til Ariel, eg skal vise bilder når den er på plass. 
Eg fekk ikkje tatt bilder der idag, fordi ho er ikkje heilt i form stakkars. 
No tar ho seg ein liten høneblund på rommet sitt :)

Ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 20. februar 2011

Ha ein fin SønDaG :)

Eg er innom for å ønske alle ein flott søndag vidare. 
Og god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 18. februar 2011

InTeRiøR- MaGaSiN..

..har eg mengdevis av.
Eg tør nesten ikkje tenke på kor mange. 
I Bokskapet har eg 6 magasinholdera fulle av herlighetane.
Eg har rett og slett ikkje hjerte til å kaste dei.


Dei nyare utgåvene oppbevarer eg i ei gammal kasse,
 som eg har måla i fargen isvann. Den står lett tilgjengeleg ved 
sofaen for dagleg inspirasjons dose ;)


Favorittane mine er BoligDrøm og Boligpluss, som eg abbonerer på. 
Eg har og veldig sansen for svenske Hus&Hem.
Kva er dine favorittar?


Ha ein strålande fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. februar 2011

NyTT og NyTtiG på KjøKeneT :)

På Ikea- handlelista mi stod det meir enn kopper og Sofatrekk ;) 
Eg har lenge irritert meg over alt som sleng på kjøkenbenken. Dette har eg løyst med å 
henge opp stenger frå Ikea med tilhøyrande S- kroker. Benken er no ryddig og 
klar for matlaging, og alt det nødvendige 
heng fint på veggen :)
Eg har også fått meg endå ei kvit søppelbøtte med lokk frå Ikea.
Desse rommer no papirboss og tomflasker. Ryddig og fint å sjå på, synast eg. Ute av syne, ute av sinn (heilt til dei må tømmast ;) I tillegg har eg skaffa meg denne supersøte boksen frå GG. 
Den skal brukast til å strø melis med :) 
(noko eg sjølvsagt gjer dagleg, så den 
var meget viktig ;)

I dag har eg fridagen min. 
Og den skal blant anna brukast til å kanskje få
nyte synet av at vindaugene i stova blir skifta ut. Jubel! :) 
Ikkje noko stor forandring interiørmessig. Men no slepp vi trekken frå dei gamle
 vindaugene og det blir varmt og godt :)

Ha ein strålande onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 14. februar 2011

Søtaste Maileg ♥

Det vart Strynetur på meg på laurdag, 
og sjølvsagt vart det ein tur innom Fryd. Eg måtte begrense meg litt, 
men noko vart sjølvsagt med heim :) Eg (som mange andre;) er litt forelska i dei søte 
Maileg- kaninene. Så ei stor kanin med gul 
heklekjole er no i hus :)

Mamma var så snill å kjøpe ein liten leikekomfyr frå same merket. 
Og Pappa kjøpte dongerikjolen til Ariel. Tusen takk begge to :) Noko anna eg gleder meg veldig over er at Ariel er begynt å like kaninene veldig godt. Så då har eg 
mykje bedre samvittighet for denne
 kanin- "galskapen" ;)

Ha ein super mandag, og god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

PS; Huset ved Fjorden er no på Facebook, du kan "like" sida her.

søndag 13. februar 2011

Rosa KoppeR..

...frå Ikea ;)
Som fortalt før fekk foreldrene og søstra mi med seg handleliste då dei var på Ikea for litt sidan. Eg hadde ei samtale med søstra mi då dei var der. Ho fortalte at dei hadde full handlekorg. Ho hadde handla ei knaggerekke og foreldrene mine nokre gryter. 
Kremt..kven skulle ha resten tru ;) Tusen takk
 for at de handla for meg!


Eg sikra meg blant anna 4 slike rosa kopper. 
Til 16 kr stk var det ikkje så mykje å lure på ;) Eg håper de forstår kor heldige
 de er dokke som bur i nærleiken av Ikea. Eg har 4t å køyre, 
så det blir ikkje så ofte, dessverre..
Ikea er jo fantastisk!!;)

No er eg kjempeklar for ny veke. 
Forhåpentlegvis med frisk Ariel og at eg har masse energi til å gå igong med alle prosjekta eg har så lyst å begynne på. Det har vore alt for lite kreativt i det siste! Noko som derimot er veldig kjekt er at snekkarane er i gong utvendig med 
etterisolering og skifting av bordkledning 
og vindauge. 
Jippi ;)

Ha ein flott søndag alle som er innom!
Og God Morsdag (spesielt til deg Mamma ;)

Klem frå Bjørg :-)


PS; no finn du Huset ved Fjorden på Facebook. Du kan like den her :)

lørdag 12. februar 2011

Vann du gåvekort på Frydbutikken?;)

I dag er det 1 år sidan eg starta med Huset ved Fjorden. 
Det har vore eit morosamt og kreativt år, som absolutt gjer meirsmak til fleire år med blogging. Det som gjer det verdt alt, er de som besøker sida mi! Følgerane har auka på litt etter litt, og eg er så glad for kvar einaste ein av dokke!:) 
Tusen takk for alle gode ord og inspirasjon de gjer meg. 
Når eg no feirer 1 årsdag er det egentleg dokke
 som besøk meg eg vil feire
Og no er vinnaren
 av Give Awayen
 min trekt :)
Aller helst skulle eg gitt alle 198 som meldte seg på ein premie, 
men det går dessverre ikkje ;)
Eg brukte random.org, og vinnaren vart nr 2
 (jippi, så slapp eg å telle gjennom så mange ;) 

Nr 2 er 
tadadadam......


Linda med den flotte bloggen

Gratulerer så mykje! :) 
Du er den heldige som kan plukke deg ut varer for 500 kr 

Vil du vere snill å sende meg ein epost, der eg får fullt namn og epostadresse
 til husetvedfjorden@hotmail.com. Så skal eg formidle
 vidare til Jannicke :)

Eg har travle dager med ei sjuk lita frøken. 
No krysser eg fingrane for at ho finn roen og søv godt denne natta, 
og blir frisk igjen!

Ha ein fin  kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 10. februar 2011

Har DU lyst på eit gåvekort frå Frydbutikken?

Eg er så heldig å få gje vekk eit gåvekort på kr 500,-
 hos Jannicke med den flotte nettbutikken

Bildet er lånt frå Frydbutikken.no

Eg hadde ihvertfall ikkje hatt problem med å finne meg noko
 fint i denne butikken. Berre sjekk her! Akkurat no er der mange godbiter på salg
Klikk deg inn og la deg friste ;)


Butikken til Jannicke som heiter Fryd ligg i Stryn, 
og den er no open kvar laurdag framover!
Eg skal hvertfall ta turen dit :)

Om du vil vere med i trekninga kan du melde deg på her, 
eller bruke linken øverst til høgre. Det einaste du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar. Om du ikkje har eigen blogg, velger du anonym. Husk å legge 
igjen epost- adresse slik at eg får tak i deg om du blir
 den heldige!;)

Trekninga er laurdag kveld. 
1 årsdagen til Huset ved Fjorden :)

Ha ein fin torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

Viktig! 
Du kan ikkje melde deg på under dette innlegget. 
Bruk linken over ;)

onsdag 9. februar 2011

Pai i ny GG-form ♥

Eg skal slett ikkje skryte på meg at eg er ein god kokk. Men noko av det eg synast
 eg får til er paiOg når eg har kjøpt meg paiform frå
Frydbutikkener det ekstra
kjekt å lage ;)

Paideigen lager du i ein fei
blandast i kjøkenmaskin eller eltast for hand;

4 dl kveitemjøl
200 gr margarin (ikkje smelta)
1/2 dl vatn


Så koker du opp broccoli og steiker bacon.
Ja, eg veit..vi er sikkert blant dei siste som
 har slik komfyr ;)


Smør (i mitt tilfelle ;) den lekre paiforma, og trykk paideigen på plass. 
Ha i bacon og broccoli.


Visp saman ei blanding av 3 egg og passeleg med mjølkKrydre 
med litt salt og pepper. Og hell blandinga i forma.
Ha over ost. Og steik ved 
200 grader i 30 min.


Serverast med ein god salat
og fetaost:)




Restane smaker også godt kalde. For eksempel til matpakken eller til kvelds. 
Grytekluten på bildene er eit av mine siste syprosjekt :)

Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)
Ps; husk å melde deg på Give awayen min som trekkast laurdag. 
Du kan vinne gåvekort på kr 500,- i Frydbutikken
Du kan trekke lodd på linken øverst
 til høgre.


mandag 7. februar 2011

Blomster til DEG..

..som les bloggen min!


Eg vil også minne om Give Awayen min som trekkast på laurdag! 
Her kan du vinne eit gåvekort på 500 kr i den søtaste nettbutikk, nemleg Frydbutikken. 
Ta ein titt her! 


Alt du treng å gjere for å delta er å legge igjen ein kommentar i linken øverst til høgre. 
De som ikkje har blogg kan legge inn kommentar som anonym.
(husk å legge igjen epost- adresse ;)


Ha ei strålande ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. februar 2011

"Ny" TV- Stove Del 2

Då var det klart for å vise resten av den ommøblerte stova med 
nye, kvite ektorp trekk :) Skoddene har eg måla i fargen Hammershöi, 
for dei som lurte på det ;)


Dessverre var eg ikkje så lur at eg skreiv opp kvite trekk til stolen og puffen vår og ;) 
Ektorp- stolen har det lyse lintrekket og puffen er fortsatt brun. 
Vi får sjå om det blir ei endring på det ;)
Eller kanskje eg skal la 
det vere?


Bokskapa frå IKEA som er pimpa med blondegardin på innsida av dørene
 har no fått plass der TV'en stod før. Det store skapet inneheld bøker, 
fotoalbum og kontor"ting". Billyskapet 
inneheld DVD'er :)


Framfor skapa har vi sett stolen og puffen. 
Att med ovnen er dette blitt ein skikkeleg herleg plass å sitte.
Enten med ei bok, framfor TV'en eller berre med ein god kopp te 
som eg har planer om her ;)



Den gulspraya lampa mi har flytta frå Spise- stova og inn hit. 
Det gjorde seg med litt knallfarge ;) Vedkassa vår som er ei gammal eplekasse, skal snart få nytt bruksområde. Eg har nemleg ein plan om ei 
litt spesiell ny vedkorg ;)


På den veggen de ikkje har sett står det 2 store korger fulle av leikane til Ariel. 
Dei pleier som regel å vere velta og leikane ligg strødd utover golvet ;) 
Det kan eg vise ein anna dag, 
eller kanskje ikkje?;)

Ha ein god søndag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails