Endeleg kan eg vise fram leikehytta innvendig.
Den er no så og seie ferdig, etter mitt syn. Ariel har imidlertid vore
fornøgd med den lenge ;)
Ute er hytta pynta med ei vimpelrekke.
(enkelt laga ved klipp og lim)
To fine tallerkener funne på loppis pynter over kjøkenbenken.
Lampa er kjøpt på Ikea. Mannen skal fikse det
slik at den kan brukast :)
Bordet og stolane er også frå Ikea.
Dei er måla og tapetsert voksduk på :) Rammene på veggen har Ariel
fått måle sjølv. Inne i dei har vi plassert
bilder av jentene.
Eg har kjøpt eit koppesett billeg på ein bruktbutikk.
Dette får dei bruke i leikehuset. Som regel går det roleg for seg,
men skulle noko bli knust er det
ingen krise :)
Kjøkkenbenken er ei plate hengt opp med hylleknekter.
Eg har sydd eit forheng og hengt opp under. Hylla på veggen er eit loppefunn
som eg har "pimpa" med dekorpapir.
Tusen takk til alle som stemte på meg i utfordringa; Sommer på Jorda hos Nib.
Eg vart så overraska og ikkje minst glad når eg såg at eg hadde vunne.
Jubel i heimen :)) Og igjen tusen, tusen takk!
Eg må ha dei finaste leserane!!! :)
Ha ein herleg tysdag!
Klem frå Bjørg :-)