Då eg såg det skulle vere loppemarked i nærheten av der foreldra mine har hytte,
var eg snar å spørre om eg og Ariel kunne vere med på hyttetur i helga som var ;)
Det er som sagt før ikkje ofte det er loppis her i området. Loppemarkedet skulle
opne kl.10, og "profesjonelle" som vi er var vi der presis.
Men vi var ikkje aleine om det. Lokalet var
allereie stappfullt.
Men eg fekk no med meg nokre godbiter (i mine auge hvertfall ;)
Og prisane var kjempefine, sånn som ein skikkeleg loppis skal vere ;)
Dette vart med meg heim;
4 små lampeskjermer
Stor kvit vekkerklokke
2 gullrammer (som skal målast)
Hekla grytelapper
2 kakebokser
1 blå fillerye
1 ildfast fat frå StavangerFlint
1 serveringsfat frå StavangerFlint
1 stort rundt serveringsfat frå Figgjo med gul kant
Fine hekla grytekluter er ofte å finne på loppiser eg er på.
Og dei blir ofte med meg heim. Dei er superfine å bruke til å dekorere putetrekk med, eller berre henge til pynt. Dei kan jo sjølvsagt brukast til det dei
er meint som også ;)
Det har skjedd noko med meg som eg aldri trudde skulle skje;
Eg har fått dilla på oransje! Og då eg fann denne kakeboksen vart eg forelska ;)
Den skal få funksjon som oppbevaring av ei mengde irriterande
fjernkontrollar som flyt overalt.
Desse søte lampeskjermane skal brukast til ein liten makeover.
Men den innebærer spraylakk også, så det får
vente til babyen er komt ut ;)
Desse to serveringsfata frå Stavanger Flint er eg veldig fornøgd med.
Med oransje detaljer (sjølvsagt ;) og til 20 kr pr stk var det eit kupp.
Serien heiter June dekor:Rolf.
Eg håper du har hatt ein strålande dag i sola,
for det har eg!
Klem frå Bjørg :-)