Mitt neste måleprosjekt skulle jo egentleg vere spisebordet vårt.
Men plutseleg fekk eg slik inspirasjon til å sette igong på badet. Vi har 2 dører på badet,
og desse trengte sårt nokre målingsstrøk. No er den eine ferdig,
og den er blitt blå ;) Vi trengte litt farge på badet.
Og denne blåfargen passa perfekt,
synast eg :)
No står neste dør for tur. Listene vi har på badet er slike ferdigmåla som du får kjøpt. Eit godt døme på at kvitt ikkje alltid er kvitt. Trur kanskje desse får seg ein shinings og ;)
Eg planlegger også ein liten makeover på baderomsinnreiinga.
Det er i allefall oppe til vurdering ;)
Vi bruker Hemnes kommoden frå Ikea til stellebord denne gongen.
Genialt med masse oppbevaringsplass.
Også kan den stå her når vi er
ferdige med bleier også ;)
Etter baderomsutfordringa har eg fått ein del spørsmål om kor badekaret vårt
er kjøpt. Dette kjøpte vi for ca 3 år sidan på Coop Extra Bygg. Det er ikkje laga av porselen,
men er ei god etterligning i plast ;) Derfor har det ein fin pris på rundt 5000 kr.
Det er ikkje av det største slaget, men herleg å bade i (dei få gongane eg har gjort det)
Ungane digger det, og eg liker å sjå på det ;)
Fin fredag til deg, snart helg :)
Oppdatert; blåfargen har fargekode S0520-R90B
Klem frå Bjørg :-)