Eg har totalt dilla på juletre.
Så denne jula blir det eit og anna, her og der ;)
Eg fekk ein ide om å lage juletrelysestaker.
Sidan eg fortsatt har verktøyskrekk, spurde eg mannen veldig fint
om han kunne sage ut nokre til meg. Eg teikna skisser og la dei "tilfeldig" på stovebordet.
Og så var dei fiks ferdige dagen etter! Flinkisen :) I toppen har han bora hol
i to av dei og sett ned i metallkopper til stearinlys (eg kjøpte hos Panduro)
Også måla eg dei i 3 fine grønfarger.
Er du litt handy
og kan handtere ei sag, så er dette ein enkel
gjer-det-sjølv for deg ;)
Eg ser for meg at dei kan bli veldig fine
å dekorere med til jul ilag med litt raudt og granbar.
Ha ein fin onsdag!
Klem frå Bjørg :-)