..vart gjort for lenge sidan. 
Og det var ein kommode i teak. Den gong måla eg alt kvitt. 
Og denne kommoden slapp heller ikkje unna det kvite målespannet. 
Heilt kvitt er noko eg per idag synast er litt kjedeleg. 
Difor fekk kommoden ein ny og friskare 
utsjånad for nokre dager sidan. 
Ein del kvitt har den endå, 
men to av skuffene har fått dei finaste korallfargane. 
Sidan eg ikkje har dei orginale handtaka lenger, 
så kjøpte eg nokre i tre og måla dei i same
 fargen som skuffene.
Kommoden skal få plass i gangen vår. Ei skuff 
til kvart familiemedlem. Så no skal det bli 
orden i sakene ;)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
