Vi starta desember med eit "smell" .
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting,
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida,
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to
ponnier på, som også var ei gave.
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og,
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
No gleder eg meg til å fortsette desember
med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)