Etter ein
liten handletur
igår vart det sjølvsagt med meg noko heim ;)
Den kvite muggen
frå IB Laursen har eg sikla etter lenge.
Og no er eg den heldige
♥ eigar! ♥
I dag
har eg brukt den til is- te.
Men den blir og flott med blomster i ♥
Denne
vesle sink bøtta vart og med heim.
Eg synast den var ekstra tøff med skrifta på ♥
Denne er også frå IB Laursen,
som er blitt eit av mine yndlingsmerker.
Dei har
utruleg mykje fint til ein
rimeleg pris!
Dette bordet har eg fornya litt.
Det såg slik ut;
Etter at
eg vifta med kvitsprayen
endå ein gong,
vart det slik;
Eg kunne
heilt sikkert gjort grunnarbeidet bedre.
Eg berre vaska bordet,
og spraya i veg.
Men eg ville ha ein litt slitt "look",
og det fekk eg :)
Eg spraya og glasplata under,
slik at bordplata og vart
kvit.
♥♥♥
I kveld skal eg
teste ut dei nye transfer- arka mine.
Dei er heilt geniale.
Du printer ut det bilde du vil ha,
og stryk det over på stoff.
Eg skal
pynte dei planlagte putene mine med det :)
♥♥♥
Eg har vore så heldig
å få ein Award frå snille Lunica
med den flotte bloggen All about Lunica.
Denne kjem eg gjerne tilbake til!
Tusen takk :)
Håper du nyt den siste delen av helga!
Klem frå Bjørg :-)