Fjordhuset er klart for julepynting.
Dette er siste dagen, enn så lenge, at pasteller får råde.
No blir det raudt og kvitt og julestemning
i (nesten) kvar ein krok!
Eg har egentleg ingen plan på korleis eg skal pynte.
planen blir til undervegs.
Ein ting er sikkert,
og det er at eg gleder meg stort til å begynne å pynte ;)
Når dette innlegget blir publisert er eg på julehandel. Eg tipper det blir med noko
ny julepynt heim, i tillegg til at eg blir ferdig med
julegåvene (det er jo lov å håpe ;)
I min barndom pynta vi ikkje før på Lillejulafta.
Så lenge klarer eg ikkje å vente. No skjer det første søndagen i advent.
Det vil seie i morgon den dag!! :) Men juletreet skal eg klare
å spare til Lillejulafta ;)
Kva tradisjonar har du når det gjeld pynting før jul?
Eg er nokså sikker på at mitt neste innlegg
blir prega av julestemning ;)
Ha ein fin laurdag!
Og nyt første søndag i advent imorgon (eg gleder meg!!;)
Klem frå Bjørg :-)














