fredag 21. januar 2011

GoD FreDaG!

Den beste dagen i veka er her. 
Eg og Ariel skal ha jentehelg, sidan mannen skal spele med bandet i helga.
Helga ligg foran oss ubrukt og full av kos :) 


Rosene var begynt å henge med hovudet. 
Så eg klipte av toppen og la dei i ei skål med vatn. 
Så kan eg nyte dei litt lenger ;)

Eg har dessverre ikkje hatt den heilt store energien i det siste. 
Så eg har vore dårleg til å legge igjen kommenterer. 
Eg lover å kome sterkare tilbake:)

Ha ein fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. januar 2011

"Rydde"-Trollet ♥

Ariel er komen i den perioden der ho "rydder" alle bordflater ho kjem over. 
Alt skal ned på golvet ;) Og det har ført til ein del tomme stader i
 stova vår  (ikkje golvet vel og merke ;)der det før har stått 
dill og dall i fred og ro.


I dag når ho tok formiddagsluren sin stæsja eg litt på denne vesle kommoden. 
Berre fordi eg kunne gjere det liksom ;) 
Og sjølvsagt tok eg litt bilder.


Kommoden er måla i Lavendel. Lysestakane er eg veldig glad i. Dei kjøpte eg på bruktbutikken, dei var då mørkeblå med gullkant. Men med så mykje anna her i Fjordhuset, vart fargen snart endra på ;) 


Dei store lysestakane er spraya kvite, dei to mindre er måla i  lavendel og hammershöi. 
Ramma er spraya i signalgul. Eg synast gult og lilla er 
ein sprek kombinasjon :)


Før Ariel vakna vart imidlertid lysa blåst ut og stæsjet sett utanfor rekkevidde 
for små ivrige "rydde"- hender ;)


Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-) 
(som nyt fridagen min, med verdens søtaste jente og litt tomme bordflater her og der ;)

mandag 17. januar 2011

Ny Lue frå Jannes Lille Butikk♥

Janne Merethe lager dei nydelegaste ting som ho sel i Epla- og Bloggbutikken sin. 
Då ho viste ørelappluene sine var eg solgt. Måtte berre ha ;) 
Så no er eg den heldige eigar av ei kjempegod og fin lue. 
Den skal bli herleg å ha resten av vinteren!


I pakken sendte ho med desse to kjempesøte hårklemmene, 
Ariel har allereie tatt dei i bruk :)

Tusen takk for god service, Janne Merethe!
Eg anbefaler varmt besøk på den flotte og inspirerande bloggen ho skriv Jannes Lille Sted. Eplabutikken finn du her og bloggbutikken finn du her

God fornøyelse! :)

Klem frå Bjørg :-)
(som er klar for seinvakt og endeleg frisk igjen :)

søndag 16. januar 2011

VåR i StovA :)

Eg veit vi fortsatt skriv januar, og ute er det masse snø
Derfor synast eg det er godt å vere inne i eit hus med vårfølelse. Det gjer meg meir 
energi og det er slik eg trivst best :)



Ein liten dæsj farge her og der,
 i alt det lyse :)


Tusen takk til alle som har meldt seg på Give Awayen min, 
og de som har lagt igjen slike fine kommentarer. 
You make me HappY :)


Ha ein flott søndag!


Klem frå Bjørg :-)
(Fortsatt lodd igjen på Give Away, du finn link øverst til høgre ;)

fredag 14. januar 2011

Det var på TIDE :)

I går fekk vi endeleg på plass den nye varmepumpa vår.
 Vi kjøpte pumpa i november (!) og fekk beskjed om at den skulle monterast 13. desember. Kvelden før gjorde min kjære det klart for montøren, 
ved å rive ned den gamle (som fortsatt virka,
men vi ville ha ei kraftigare ei..)


Eitpar timar etter han hadde gjort dette fekk han telefon om at montøren ikkje 
kunne kome før tidlegast etter Nyttår! Så der stod vi med eit stort delvis uisolert hus, 
enkle vindauge i 2. etasje og berre ein ovn 
å varme opp med (+ elektriske på soveromma)

På det kaldaste hadde vi 6 grader i gangen. Brrrr! 
Men varmt i stova foran ovnen,
 heldigvis :)

Men idag med ny pumpe innstallert var 
det andre boller, varmt og herleg! 
Me like :)

God helg alle saman!

Klem frå Bjørg :-)


Husk å melde deg på Give away, med gåvekort på kr.500,- hos frydbutikken.no som premie. 
Meld deg på med link øverst til høgre :)

torsdag 13. januar 2011

SweeT as CandY :)

I fjor kjøpte eg eit speil i gull på eit loppemarked. 
Gull er fint nok det, men det passer ikkje inn i Fjordhuset. 
Så eg har hatt framme målekosten, igjen ;)


Speilet har fått nokre strøk med fargen Hammershöi
Som er ein av pastellfargane eg har forelska 
meg fullstendig i ;)


Mens eg måla kom det fine roser til syne. 
Det er så moro å sjå korleis detaljane kjem bedre fram når gjenstanden 
blir lysare :) 


Planen er å ha speilet på Ariel sitt rom. 
Men det pynta igrunn fint på bordet og. Så eg trur det får 
vere der litt til ;)

Ariel blir no henta frå sin 2. dag aleine i barnehagen! 
Så no gleder eg meg (som er sjuk og ligg på sofaen) til å få min flinke lille venn heim :)

Eg håper alle har ein fin torsdag!


Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. januar 2011

KrakK Før&Etter ♥

I slutten av oktober ifjor fann eg denne krakken 
på eit loppemarked i nærheten. Den vart sjølvsagt med heim ;) 
Eg hadde egentleg ikkje tenkt å gjere noko med den. Men så var det
 denne aktiviteten blant dei små grå og kløen i fingrane då...


Etter mykje fundering fram og tilbake, 
tok eg meg sjølv i at eg hadde funne fram lilla måling.
 Og krakken vart utsatt for vask og pussing!



Krakken vart som sagt måla i lilla-nyansen Lavendel
På toppen strekte eg 2 lag med vatt og eit Tildastoff over. Som eg stifta 
fast under kanten. Slik blir det litt mjukare for 
store og små rumper ;)



Og eg seie meg fornøgd med resultatet.
 Sukkersøt og lekker å sjå på, 
synast eg då:) 


Det var moro å forandre den slitte krakken til ein søt sak som frisker opp. 
Den vart liksom litt meir min stil ;)




Nokon meiner sikkert at krakken burde ha vore som den var
Men eg har ein til som skal få behalde sin 
gamle utsjånad :) 
Til slutt eit tips til oss som digger Green Gate. 
Frydbutikken har salg på GG- krus til kun kr. 39,- Trykk her for å sjå!
For å vinne gåvekort i same nettbutikk kan du ta lodd i min Give Away
Link øverst til høgre:)

Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 11. januar 2011

Ein Fryd for auget :)

I fjor opna det ny interiørbutikk i Stryn,
 som er nærmaste tettstad til der eg bur. Butikken har det fengande namnet Fryd.
Og du kan tru gleda var stor når
 eg fann ut dei skulle ha Green Gate i butikken. 
Verkeleg jubel i heimen ;)


Etter å ha besøkt butikken fann eg ut at her var det ikkje berre Green Gate- "snop", 
men Maileg, Blafre, My Cinnamon Girl, Ugly, IB Laursen og mykje meir ;)
 Virkeleg ein butikk etter mitt hjerte. 

Dette bildet taler vel egentleg for seg sjølv;


Her står Jannicke (butikkeigaren sjølv) 
blant dei nydelegaste ting i dei herlegaste fargar! ;)

Butikken i Stryn er vinterstengt akkurat no, 
men då er det berre å slå seg laus i nettbutikken hennar istaden. 
No er det til og med salg der !! ;)
Du finn Frydbutikken her og Facebooksida her.


(Alle bildene i dette innlegget er lånt frå Frydbutikken.no)

Det er nettopp frå denne nettbutikken du kan vinne eit gåvekort på kr 500,- 
om du deltek på min Give Away, som du finn her!

Eg anbefaler deg varmt ein tur innom Frydbutikken
god fornøyelse ;)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. januar 2011

Vil DU delta på Give Away? ♥

Planen var å ha ein Give Away når eg runda 50 000 besøkande. 
Men no når eg endeleg har "somla" meg til det, har eg runda 
55 000 besøk og i skrivande stund 
269 herlege lesera :)

Eg er så takknemleg og stolt over at eg i det heile har besøk på bloggen min :) 
Så no vil eg gjere stas på de som er innom og lodder ut eit gåvekort.
Trekninga blir på 1 årsdagen til Huset ved Fjorden 
som er 12. februar :)

Jannicke har vore så snill at ho vil sponse eit gåvekort på kr. 500,- 
i sin fantastiske nettbutikk Frydbutikken

I nærmaste framtid kjem eit meir utfyllande innlegg om Fryd
Om de ikkje klarer å vente kan de sjekke ut nettbutikken 
til Jannicke her.


Du får eit lodd om du kommenterer under her. 
Om du ikkje har profil kan du kommentere som anonym og legge igjen 
epost- adresse slik at eg får tak i deg.

Om du vil følge meg vidare blir eg kjempeglad, 
det same om du har lyst å linke til Give Awayen (bruk det øverste bildet) 
Men dette er kun om du har lyst til det :)

Eg håper du vil vere med?
Lykke til! :)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 8. januar 2011

Nib Utfordring Januar- Barnerom ♥

Norske Interiør Blogger si ufordring for Januar er Barnerom. 
Og eg slenger meg på med desse 
bildene;



Eg har mange planer framover for rommet til Ariel. 
Ei gammal barneseng funne hos mine foreldre skal inn her, den venter på målekosten. Leikekjøken og diverse skal også på plass. 
Eg gleder meg til eg er i gong :)


Eigaren av rommet måtte sjølvsagt få vere med på eit bilde ;) 
Her er ho etter formiddagsluren sin.


Dei andre flotte bidraga kan du sjå her!
Ha ein fin-fin laurdagskveld!

Klem frå Bjørg :-)
(det kjem snart Give Away her hos meg)

fredag 7. januar 2011

Eg ♥ Pasteller

Endeleg er jula så og seie ute av Fjordhuset. 
(utenom eit meget malplassert juletre, som endå ikkje har funne vegen ut)
Det tok si tid! Men med febersjuk Ariel og ny arbeidsveke for meg,
 seier det seg sjølv kvifor.


Og endeleg er pastellane tilbake i huset vårt.
Misforstå meg rett, eg elsker raudt og kosleg julepynta hus. 
Men pasteller er det eg elsker å ha rundt meg.


Pastellane gjer meg ein vårleg og lett følelse 
som gjer meg energi :) 


Det er tulipansesong, 
og mannen var så snill å kjøpe ein bukett til meg :)
(etter at eg førte det opp på handlelista hans. Tihi ;)


Her blir det snart feiring av over 55 000 besøk,
 og i skrivende stund 266 herlege lesera. 
Det vil sjølvsagt seie ny Give Away med ein spennande premie! 
To be continued! :)

Ha ein fin fredag og ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. januar 2011

Nytt På SoveRommet :)

Jula er på veg ut av Fjordhuset. 
Veldig sakte, men også veldig sikkert ;) 
Så lenge er hvertfall soverommet vårt klart.


Senga har fått nytt sengetøy i flanell, som vi var så heldige å få i julegåve. 
Det er varmt, mjukt og herleg å sove i.


Det quilta teppet og putene kjøpte eg på Coop Extra i sommar. 
No tjener det som sengeteppe og ekstra puter i senga vår.
Eg synast kombinasjonen blått og brunt 
gjer ei lun stemning.


Vekkerklokka mi frå Green Gate liker eg så godt! 
Men å ha batteri i den klarer eg ikkje. For tikkinga gjer at eg ikkje får sove!
Lesestoff på sengekanten må ein ha, og det gjer ingenting
 om det er blad frå 2009 ;)


Skiltet "Motherhood is not for Sissies
fekk eg til bursdagen min ifjor. Og det synast eg er
 veldig aktuelt no for tida ;) 


I går hadde Ariel sin første dag i barnehagen. 
Pappaen var med, og dei var der eitpar timar. Og det gjekk heldigvis fint det :) 
Når dei kom heim fekk ho feber, stakkar liten. Så det har vore ei 
uroleg natt for små og store.


Tusen takk for alle lykke til kommentarer eg fekk ang barnehage start! 
De er så snille alle saman! :)


Ha ein strålande onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. januar 2011

BarnehageJente ♥

I morgon blir verdas beste Ariel barnehagejente.
 Pappaen (som fortsatt har permisjon) skal vere med på tilvenning. 
Og Mammaen skal vere på jobb med aldri 
så lite hjerteverk..


Eg håper alle har fått ein god start på 2011!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails