Etter at Ariel er lagt for kvelden.
Og innimellom amming og kos med Hermine, så er der pittelitt tid til overs.
Eg prøver å få gjort litt kreative aktiviteter då.
Fordi det gjer meg glad og gjer
meg ny energi :)
I går testa eg målingsfargen Sommersol.
Det er ein nydeleg gulfarge. Ein dus og nostalgisk pastellfarge,
akkurat slik eg liker det :)
Eg måla denne krakken i Sommersol. Og eg vart kjempefornøgd.
Fargen passer perfekt i Fjordhuset. Så no er eg på vill jakt
etter nye"offer" som skal bli gule ;)
Pappa har snekra krakken for mange år sidan.
Vi har fleire slike i huset og eg liker dei veldig godt. Dei er også kjempepraktiske.
Ariel tar dei med seg overalt for å sitte,
eller nå opp til ting.
Det er veldig kjekt at så mange vil vere med på Give Awayen der
du kan vinne flotte plakater sponsa frå Retroliv. Der er fortsatt
mange lodd igjen! Viss du vil vere med finn
du link oppe til høgre :)
Ha ein super onsdag kveld!
Klem frå Bjørg :-)








