torsdag 23. august 2012

Forandring fryder!

Den nye tallerkenhylla vart så fin på veggen i spisestova synast eg :) 
Og no har eg forandra litt på skjenken også.
Forandring fryder ;)

Det gamle vaskefatet og muggen har fått plass her. 
Og nokre loppislysestaker som var i rødt og gull har eg måla gule.




Ha ein strålande torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 21. august 2012

Oregano&Timian..

...i hermetikkbokser
 med favoritt-tapeten limt på og merka med Dymo :)

Hermetikkbokser kan brukast til mykje og kan bli ganske så dekorative :) 
Eg har tidlegare måla nokre bønne- bokser i pastellfarger som eg bruker til vaser.
Gjenbruk er bra ;)

Eg er ikkje så glad i å ha mykje ståande på kjøkenbenken, 
så eg satte dei rett og slett i skuffene til hylla eg har på veggen :)

Så gjenstår det å sjå kor lenge urtene lever ;)
 Eg håper eg får baka nokre 
urtebrød først!


Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. august 2012

Botanisk bilde

På Ting og Tøy, ein bruktbutikk på Lillehammer,
 fann eg også eit botanisk bilde. Det ser gammalt ut og har gullramme. 
Det vart raskt mitt for berre 45 kr :)

Eg vurderte å spraye ramma, sidan gull aldri har vore nokon favoritt.
 Men når eg hengte det opp, så passa det så godt inn slik det er :)

 Det har fått plass over dagsenga som står i Spisestova vår.
Eg synast det passa fint her :)

 På det svarte bordet har mannen datamaskina si.
 Den har stor skjerm og er fin å sjå film på. Så då er det perfekt med ei seng her. 
Når vi får tid til slikt igjen.

Sofus liker seg her og ;)

Ha ein super søndag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 17. august 2012

Søt helg! :)

Vi har starta helga med å bake Foccaccia og Cupcakes med bringebær.  
Eg prøvde meg på å lage smørkrem for første gong (jepp, treig av meg ;) 
Det var nydeleg godt, men veldig mektig. 
Det var nok med ein ;)


Eg håper du får ei nydeleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 15. august 2012

Vaskefatet..

...eg fann på Loppis har fått selskap av ein mugge i same stil. 
Det var Pappa som var så snill å 
finne det til meg :)

Begge er emaljerte og herleg slitte. 
Fatet har blå kant og muggen har grøn kant. 
Eg har også tissepotta i same serien ;)

Eg synast det vart veldig fint med Dronning Margrete-
 roser frå egen hage i muggen ;)

I grunnen er det dekorativt som det er og :)

I dag har vi hatt ei lita måle-hus-pause. Og prøvd å kose oss
 mest muleg i sola istaden :)

Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 14. august 2012

Endeleg..

...er stillaset på plass og husmåling pågår. 
Det skal bli så kvitt og fint!! Pappa og Mannen er i skrivande stund ferdig med 1 vegg. 
Berre 3 igjen! ;) Eg putler med å måle rekkverk når Hermine søv. Husmåling er
 mykje arbeid, men vi satser på at resultatet er verdt slitet :)

 Eg har bursdag seinare denne månaden. 
Og eg har vore så heldig å få det som var øverst på ønskelista mi. 
Nemleg denne fin- fine sittegruppa kjøpt på Jysk. 
Eg vart kjempeglad, tusen takk! :)

På desse bildene ser de den fantastiske utsikta vi har frå huset 
og terassen vår. Berre vegen skiller oss og fjorden. 
Eg er veldig glad i dette synet ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. august 2012

Fin- fint bruktfunn :)

På ferieturen vår til Lillehammer så vart det nokre bruktbutikk- besøk på meg. 
Slikt er ikkje så enkelt med 2 små som skal passast på samtidig. 
Men eg er kjempefornøgd med dei tinga eg fekk med meg!
Sjølv om eg løyste svetten og sikkert 
såg ganske panisk ut ;)

Blant anna fann eg denne tallerkenhylla. 
Den var litt slitt og med perfekt blåfarge. Heilt meg med andre ord ;)
Også er den stor nok til å romme samlinga mi av serveringsfat. 
Jubel ;)

Eg må seie det er moro å gå i bruktbutikker på nye stadar. 
Plutseleg så finn ein det ein har leita etter lenge. Eg hadde faktisk 3 tallerkenhyller å velge mellom på denne bruktbutikken! Der eg pleier å gå
 finn du omtrent aldri slikt!:)

Bruktbutikken heiter Ting og Tøy og ligg i Lillehammer sentrum. 
Vi besøkte også ein i same kjeden i Otta. Dette er store bruktbutikker med herleg utvalg! 
Eg har handla litt meir som eg skal vise seinare ;) 

Tallerkenhylla er bytta ut med den kvite som hang her før. 
Dette er i spisestova på veggen mot kjøkenet :)

I morgon begynner Ariel i barnehagen igjen etter 4 veker ferie. 
Det gleder ho seg veldig til! Og eg får meir tid til diverse målejobber
 som har vore utsatt lenge. Det skal bli 
godt å kome igong ;)

Ha ein flott søndag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 11. august 2012

Kakebaking..

...med like forkle :)
Ariel er veldig glad i å hjelpe til med å bake. 
Så då måtte eg kjøpe ho same forkle som eg har, i barneutgåve. 
Desse er å få på Ahlens :)
Stor stas!

I dag baka vi verdas beste Brownies. 
Og det kjekkaste med å bake, synast Ariel, er å sleike slikkepotten ;)

Herlege kaloribomber i den finaste kakeboksen :)

Vi storkoser oss i sola denne helga!
Herleg :)

Eg håper di helg også er fin!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 9. august 2012

Litt barneromsbilder..

..som viser teppet eg har hekla av stoffremser.

Og mens eg knipsa bilder kom eigaren av rommet inn og. 
Så då vart linselusa med på resten av bildene ;)




Vi har hatt nokre fine dager på Lillehammer. 
Der har vi besøkt Lilleputthammer og Hunderfossen. Stor stas for Ariel.
 Hermine tok det meir med ro, og har sove
 seg gjennom det meste ;)

Oppdatert; Eg bidrar med dette innlegget hos Franciskas Vakre Verden. 
Der ein kan få mulighet til å vere med i den nye boka hennar Sanselige Rom. 
For meir informasjon kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 3. august 2012

Nib Utfordring August: Kreativ med tekstiler

Ny månad og ny utfordring hos Nib. 
Denne gongen heiter den Kreativ med tekstiler. Midt i blinken for meg! 
Eg synast tekstiler i interiøret er heilt sjølvsagt. Eg bruker tekstiler i interiøret for å mjuke opp og tilsette farge. Her i huset finn ein både kjøpe- tekstiler
 og slike som eg har laga sjølv.

Å ordne senger er utruleg kjekt. 
Det å sette saman tekstiler for å gjere senga innbydande er kjempemoro!
Desse bildene er frå gjesterommet vårt.

Det er ingen hemmelighet at eg elsker puter! 
Og dei syr eg gjerne sjølv av gamle retro- sengetøy. 
I sofaen vår finns eit stort utvalg ;)




På soverommet vårt finn du sengetøy frå Princess. 
Linputetrekk frå H&M. Baby- sengesett frå Kid. Det strikka lappeteppet har eg laga sjølv. Det kvite hekla sengeteppet er gammalt, det har Oldemora mi hekla.


På Ariel sitt rom finn du mange heimesydde tekstiler. 
Rund pute og forheng til leikekjøkenet har eg sydd av diverse stoff. 
Teppet på golvet har eg hekla av stoffremser.



Dette er mitt bidrag til utfordringa.
 Trykk her for å sjå fleire bidrag og la deg imponere ;)

Klem frå Bjørg :-)
...som tar nokre dager bloggpause. I'll be back ;)

torsdag 2. august 2012

"Nytt" nattbord..

...har fått plass på gjesterommet.

 Eg har fått nattbordet etter Besta. 
Og det skal få vere akkurat som det er. Eg elsker grønfargen 
og spora etter eit langt liv :)

Når Hermine sitt rom er pussa opp tenkte eg det skulle
 inn der. Men rommet hennar blir nok ikkje ferdig før til jul. Enn så lenge får
 gjestane våre nyte synet av det ;)


 Tusen takk for alle gode ord de legg igjen! 
Det er moro at de likte realitetsbildet i forrige innlegg. Eg har sagt det før og seier det igjen: Bildene mine har som regel motiv som er ryddige og ordentlege. 
Men det er ikkje sikkert resten av huset ser slik
 ut når eg knipser ;)

Eg ønsker deg ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 1. august 2012

Oppbevaring..

..er noko eg aldri får nok av. 
Då eg fann denne kista på Kremmerhuset måtte eg berre ha den. 
Det resulterte i at det vart rydda i leikane til Ariel. 


Eg synast det er godt å rydde vekk alle leikane som sleng overalt,
 etter at Ariel er lagt for kvelden. Og då er det
 supert å gøyme dei under lokk ;)


Eg likte så godt desse kistene. 
Og til ein super pris på berre kr 229,- så trur eg
 faktisk at eg må kjøpe fleire ;)

Maileg kaninene var lenge veldig populære i Bloggland. 
Eg lot meg påvirke og kjøpte mange før Ariel i det heile tatt var født. 
Så det er veldig moro at ho leiker masse med dei no :)

Eg måtte berre ta med dette bildet. 
For det forteller sannheten om korleis det som regel ser ut her ;)

Eg håper torsdagen din er fin- fin!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails