I TV stova har vi dette Liatorp skapet frå Ikea.
Det er stappfullt av DVD'er, bøker, spel, papir osv. Derfor er det ikkje
spesielt pent med glasdører og fritt innsyn ;)
Eg har hatt blondegardiner i dørene før.
Men no har eg rett og slett "tapetsert" det igjen ;) Som de ser var det her
ein av tapetane frå Etsy endte opp!
Skapet vart eit kjempefint blikkfang.
Det har vore litt fargelaust i dette hjørnet før,
men no kom det seg ;)
Eg har berre brukt teip å festa tapeten med på innsida av dørene.
Då er det enkelt å skifte ut om eg skulle ønske det :)
Akkurat no sit eg i sofaen,
og ser ut på mange små snøfnugg som daler ned.
Og eg kjenner at eg gleder meg til jul! ;)
Ha ein fin dag!
Klem frå Bjørg :-)








