torsdag 6. desember 2012

Mens vi venter..

Eg elsker desember. 
Ventetida før juleveka er egentleg den delen eg liker best med desember :)
Eg bruker å pynte til jul, slik at det er nokelunde klart til 1.desember.
 Så feirer vi bursdagen til Ariel som er 2.desember i julepynta hus! 
Det finns så utruleg mange fine måter å pynte til jul på, 
men eg må ha litt raudtDet er med på å skape 
julestemninga for meg. Ellers i året bruker eg 
aldri raudt, difor blir huset heilt 
"nytt" når det er 
jul hos oss ;)

Eg målte denne skjenken turkis før i år, 
og eg var veldig spent på korleis denne ville ta seg ut i julepynta hus. 
Men det gjekk jo kjempefint. Eg hadde aldri trudd det, men raudt og turkis
 er faktisk ein god "match" ;)

 Trauet som står på skjenken har eg fått låne av Mamma. 
Det er gammalt og heilt nydeleg, synast eg! Dette har eg fyllt med granbar, 
små flugesopper, lyslenke, ei raud julestjerne og 2 kvite lysestaker. 
Enkelt og stemningsfullt :)

Eg kan vel beskrive julestilen min som tradisjonell, med ein personleg vri
Pynten eg bruker er for det meste granbar, kongler, flugesopper, 
pepperkaker, raude tekstiler, svibler, 
julestjerner og masse lys :)

I ventetida koser eg meg altså med julestemning i huset. 
Som regel blir det ein del gåvekjøping, men det er eg allereie ferdig med i år (!) 
Julekaker må bakast, og smakast på ;) Og gåveinnpakking er stor kos!
Litt småpynting og omdekorering blir det!
Julemusikk må ein også ha ;)

Så er det juleverkstad og julegåvelaging med Ariel, 
julegrantenning, Lucia- feiring, førjuls- selskap og mykje mykje meir. 
Ah! Herlege, koslege Førjulstid ;)

Eg melder dette innlegget på bloggutfordringa Mens vi venter 
som er arrangert av Tips og Inspirasjon til Hjemmet. 
Du kan sjekke det ut, eller delta sjølv her!
 (NB! påmeldingsfrist fredag 7.12)

1.premien er 2 lysestaker + 2 lyskuler frå Perfect Home.


2.premien er gåvekort på kr.3000,- frå Dofta.

Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så glad! :)

onsdag 5. desember 2012

STAS!

For ei stund tilbake fekk eg spørsmål om eg
 ville vise fram Ariel sitt rom i magasinet Barn & Bo.
 Og det ville eg jo sjølvsagt :)

No har eg fått bladet i posten. 
Og eg må innrømme at det er grådig stas å sjå sine egne bilder
 på glansa papir ;)



Du kan lese og sjå bildene frå Ariel sitt rom i nettutgåva her! 
Og trykker du her kan du lese heile det fine julemagasinet til Barn & Bo :)

Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. desember 2012

Nib-Utfordring Desember: Jul i vårt Hus

For ei travel, men fantastisk kjekke helg vi har hatt! :)
 Vi har hatt juleverkstad, vore med på julegrantenning og feira Ariel sin 3 årsdag 
som var igår. Og ikkje nok med det så avrunda vi med besøk frå ei avis idag, 
som skal lage julereportasje frå Fjordhuset. Så då benytta eg 
sjansen til å knipse mange bilder frå ryddig
 og julepynta hus ;)

Eg valgte ut nokre av bildene, 
som eg sleng med på NIB si utfordring for desember:

Her kjem eit bilderas, 
og det blir sjølvsagt mange fleire juleinnlegg framover ;)








Trykk her for å sjå dei andre julete bidraga;)

Ha ein flott mandag! 

Klem frå Bjørg :-)

fredag 30. november 2012

Kalender :)

24 pakker ligger klare for ei spent lita frøken :) 
Sidan ho ikkje skjønner heilt det at ein ikkje kan opne alle pakkane på ein gong, 
så får ho ein pakke kvar morgon i julesokken sin istaden. 
Og den er det "nissen" som har lagt der ;)

 Hermine må vente til neste år før ho får pakkekalender. 
Så då blir det 48 pakker å kjøpe, og ikkje minst pakke inn. Men eg koser meg med det. 
Og omtrent alle pakkane inneheld saker og ting som ho uansett hadde fått. 
Og når ein kjøper over tid, så følest det ikkje så dyrt ;)

Lager du pakkekalender?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. november 2012

På 1-2-3..

..vart ramma på veggen julefin ;)

 Eg klistra rett og slett på dekorteip frå Panduro. 
Superenkelt, men eg synast det gav ein fin effekt. Når jula skal ut er det berre 
å rive den av ;) Bildet er av Hermine. Jenta vår er allereie 
over 5 mnd. Tida går så altfor fort!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. november 2012

Ingen jul uten..

..svibler!
Eg har vore å kjøpt ein del av dei med kvite og raude blomster. 
Men heilt ærleg synast eg dei er finast før dei blomstrer! 
Så eg må nok ha fleire før jul :)

Eg har planta sviblane i kopper og kar eg hadde for handa. 
Nokre med mose på toppen, andre med kongler. Heilt enkelt, men dekorativt. 
Akkurat slik eg liker det :)

Den raude gamle stolen min er også komt ned i varmen. Den blir nok fotografert
 ein del no fram mot jul! ;) Til jul er raudt eit "must"
ellers i året er det ein farge eg bruker lite.


Sviblane skal plasserast litt rundt omkring, når eg er klar for julepynting. 
Enn så lenge pynter dei opp på kjøkenbordet :)

Ha ein fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 26. november 2012

It's beginning to look a lot like..

..cristmas!
Eg er ihvertfall godt i gong med vasking, 
og pynten som er ny dette året er plassert her og der.
Det er like spennande kvart år å hente alle kassene med julepynt ned frå loftet. 
Det dukker alltid opp noko eg har gløymt eg hadde ;) 
Men først skal det vaskast ferdig, så kan 
moroa begynne :)

 Denne jumbokoppen kjøpte eg på Bohus. 
Her har eg festa eit stearinlys med kitt og tatt mose rundt. 
Ein enkel dekorasjon som pynter opp til jul :)

 Dette er den første jula vi feirer uten Besta vår. 
Strikkejakka ho brukte mykje har eg sydd pute av. Den er blitt eit
 veldig kosleg minne etter henne.


Då får eg finne vaskebøtta og sette igong ;)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. november 2012

Vinnerane!

Resultatet er klart etter ei spennande avstemming :) 
Takk til alle som har stemt, og ikkje minst takk til alle som har deltatt
 i utfordringa: Kreativ med Barn :)

Vinneren av...
er...



vinneren av...
er...


Vinneren av...
er..


Gratulerer så mykje! :)

 Kan de gje meg ein lyd på epostadressa:
 husetvedfjorden (ætt) hotmail.com

Eg håper denne utfordringa har gitt mykje inspirasjon til aktiviteter med barna. 
Her i huset har vi testa ut fleire av ideane. 
Og det er veldig moro! :)

Det ligg ein link til innlegget med alle bidraga på høgre side av bloggen. 
Slik at ein enkelt finn det igjen om en skulle trenge ideer :)

Tusen takk til goyAgoy og Kremmerhuset 
som har sponsa premiane! :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
(som er i vaskeogpyntetiljulmodus ;)

torsdag 22. november 2012

Ny lampe..

..ja, du leste riktig. 
Ei ny lampe er komt i heimen. Ikkje ei gammal funne på eit loft eller kjeller, men ei ny ;) Og grunnen til det er Camilla sine herlege gåvedryss. Der var eg nemleg
 så heldig 
å vinne eit gåvekort på kr.1000,- 

Valget fallt på ei mintgrøn lampe frå House Doctor
Og den var ein perfekt "match" til Fjordhuset ;)

Den har vandra litt rundt, vi får sjå kor den ender opp. 
Fin er den ihvertfall ;)



Ha ein super dag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 20. november 2012

Finale: Kreativ med Barn

Dette har ikkje vore nokon enkel jobb! 
Det kom inn 28 bidrag i utfordringa Kreativ med Barn. 
Og når det i tillegg var fleire glimrande idear i same innlegget, så vart det mykje å velge mellom :) Eg anbefaler på det varmaste å ta ein tur å sjekke ut bidraga her! 
Det vart reine idebanken til aktiviteter med ungane det her. 
Tusen takk til alle som deltok! 

Eg er veldig glad for at det ikkje er eg som skal velge ut pall- plassane, 
for det er nemleg de leserane mine som skal ;)

Her kjem finalistane, 
sjekk ut linkane for heile framgangsmåten:)











Blir du inspirert? Det blir eg!
Du kan stemme på din favoritt fram til laurd 24.11 kl.21.00 :)


søndag 18. november 2012

Cookies

I dag baka eg og Ariel Cookies til søndags- kaffien. 
Desse er kjempegode, og dei pleier å vere ein av sortane eg baker til jul. 
Men eg må nok bake nye, for desse varer neppe så lenge ;)

Her kjem oppskrift om nokre er interressert i den;

525 gr mjøl
450 gr smør
135 gr melis
4 ts vaniljesukker
100 gr salte peanøtter
150 gr finhakka mørk sjokolade

Ha mjøl og hakka peanøtter i ein bolle, smuldre smøret oppi. 
Tilsett melis og vaniljesukker. Kna alt godt saman ilag med sjokoladen. 
Sett i kjøleskapet i minst en time. Kan godt stå over natta. Kjevle deigen ut til ein
 tjukkelse på 4-5 mm. Stikk ut med former (eg brukte eit glas) Steik på brett med
 bakepapir ved 200 grader til dei er gylne.

Ikkje noko slankemat akkurat, 
men veldig gode! :)

Husk at fristen for å 
delta i utfordringa mi går ut i morgon kl. 21.30 ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 16. november 2012

G L A D :)

Ein ganske så grå og trasig dag (med sjuk Ariel og lite nattesøvn)
vart veldig mykje bedre etter at eg kikka innom finalistane hos NIB si utfordring
 denne månaden :) For der var bildet mitt! 
TAKK! ;)

Eg har ingen tru på pall-plass på meg, for her er fantastisk mange fine bilder! 
Men om du vil, blir eg kjempeglad for stemma di :) 

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails