søndag 26. mai 2013

Trekning imorgon!:)

I morgon trekker eg den heldige vinnaren av eit gåvekort frå lue.no
Trykk deg inn her viss du har lyst å vere med :)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 23. mai 2013

Det blomstrer i kassa

Det var eit glimt av finever igjen idag,
 og eg benytta anledninga å plante litt. Eg fekk nokre store
 trekasser av Pappa. Desse har eg måla i turkis og satt hjul på. Deretter lagde vi hol og tok plast i botnen. På denne måten held treverket seg sesong etter sesong. 
Også fyllte eg med lecakuler og jord. 
Klar for blomster ;)
 Eg gjekk for rosa margeritter i denne kassa.
 Turkis og rosa er fresht ilag synast eg :)
Eg har ein kjempefin Give Away gåande med eit gåvekort frå Lue.no som premie. 
Lue.no har fleire fine sommerhatter i sortimentet sitt ;) 
Delta gjerne ved å trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 21. mai 2013

Ein liten titt...

..på den (nesten) ferdige leikehytta.
Slik såg den ut når vi fekk den på plass på terrassen
Det er den flinke broren min som har snekra 
den av gjenbruksmaterialer.
No har leikehytta fått dør (som skal få sprosser etterkvart) 
Og eg har måla den i frisk turkis ( S 0530- B10G) 
med kvite detaljer.
Innvendig har eg måla både tak, vegger og golv kvite. 
Og den har fått leikekjøken. Fleire bilder kjem etterkvart ;)
Her blir vinkos på verandaen bytta ut med inne-TV-kveld. 
Finveret er gått over til regn..

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. mai 2013

Vi har flytta ut!

For nokre herlege dager vi har no. 
Eg skulle ønske heile sommaren vart slik. Det er jo lov å drøyme ;) 
Vi har flytta ut på terassen og storkoser oss. Uteplassen vår er virkeleg 
begynt å ta form. Eg gleder meg til å vise meir av 
den her på bloggen framover :)
Eg håper du har fine dager!

Klem frå Bjørg :-)

Ps; Har du lyst å delta i Give Away, der du kan vinne Gåvekort hos lue.no
Du finn link oppe til høgre ;)

torsdag 16. mai 2013

Dagen før 17.mai

Eg tar ein reprise på 17.mai bildene frå ifjor. 
Dette huset er nemleg langt frå ferdig til dagen imorgen. 
Det blir nok ein travel kveld :) 
Eg håper de alle får ei fantastisk 
fin feiring!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 13. mai 2013

Vil du vinne..

..gåvekort hos lue.no?

Eg har fått æren av 
å lodde ut eit gåvekort på kr.300,- til bruk i den 
fine nettbutikken Lue.noHer finn du eit godt utvalg
av luer, votter og skjerf  med 
god kvalitet.

Nettbutikken finn du her!
FB-sida kan du like her! 
(konkurranser på gong der og ;)

For å vere med på moroa 
kan du ta 1 lodd ved å legge igjen 
ein kommentar under her.

Du får 1 ekstra lodd 
viss du går inn her og fortel meg kva du 
ville kjøpt for gåvekortet :)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. mai 2013

Morsomt prosjekt på gong!

Onkelen til jentene har bygd ei leikehytte til dei!
Stor stas både for jentene og for meg :) Foreldra mine har skifta 
kledning på huset sitt, og hytta er bygd av den gamle kledninga
Skikkeleg gjenbruk med andre ord:)

Her skal det målast og innredast
Vi er allereie igong. Etter at dette bildet er tatt, har eg måla alt
 innvendig eit strøk. Og hytta har fått seg dør. De skal 
sjølvsagt få sjå meir etterkvart,
 om de vil:)
Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 11. mai 2013

Vinnerane er...

Så utruleg kjekt at Green Gate fortsatt er populært i blogglandet. 
Det vart tatt 127 lodd, og dei to heldige som får
 kvar sin fin-fin tekopp er:


Gratulerer så mykje! :)
Kan de sende meg navn og adresser på epost:
 husetvedfjorden(ætt)hotmail.com ?
Tusen takk til Henriette og Allmuen 
som ville sponse denne Give Awayen! :)

Ha ei fortsatt fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 10. mai 2013

Inspirasjonsguiden


Eg er denne vekas gjesteblogger hos Inspirasjonsguiden. 
Du kan lese det ved å trykke her :)

Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 9. mai 2013

Trekning på laurdag!

Det er fortsatt tid igjen å vere med i trekninga av 2 slike nydelege kopper! 

Ha ein strålande torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. mai 2013

Nib Utfordring Mai- Bruktduellen del2

Her kjem mitt andre bidrag i Nib si utfordring for mai- Bruktduellen. 
Eg elsker å handle brukt. Det er spennande, inspirerande, billeg, miljøvenleg. 
Og sist men ikkje minst så skaper du eit interiør og ein stil som er berre din.
Bruktkjøpa hos oss er for det meste gjort på bruktbutikker, loppemarked 
og fått/arv. Her i distriktet blir det dessverre ikkje lagt så mykje 
spennande ut på finn.no. Eg har tru på at det finns utruleg 
mange skatter stua vekk på loft og i kjeller rundt
 omkring. Og iblant blir mykje brent. Eg får rett
 og slett vondt i sjela når folk tenner bål. 
Det har faktisk skjedd at 
eg har redda nokre ting 
frå flammane 
også ;)

Det finns 2 typer bruktfunn; 
dei som er fantastisk fine med patina og levd liv
Dette er dei som virkeleg er skatterOgså har du dei som blir
 skikkeleg flotte med litt fornying

Hermine sitt rom er nyleg oppussa
Her finn du mange bruktfunn av den typen 
som trengte litt fornying :)
Kommoden er kjøpt på Loppemarked. 
Den var opprinneleg i teak. Eg liker egentleg teak, og hadde tenkt å 
behalde litt av det orginale. Men det passa rett og slett ikkje inn,
 synast eg. Så den vart måla i mint og rosa
Sprinkelsenga er også eit bruktkjøp.  
Den har eg måla kvit.
Teppet på golvet har eg nyleg hekla ferdig. 
Dette er også gjenbruk. Det er hekla frå remser av
sengetøy som eg har kjøpt brukt.

Bordet og den gule stolen er ein 
eldre modell frå Ikea som eg har fått brukt. 
Eg har måla stolen i sommersol og bordet er måla turkis, 
bordplata har fått ein tapet. Til og med ramma på veggen er kjøpt brukt 
og fått nokre omganger med målekosten. 
Blomsterbildet med ramme på kommoden er kjøpt på ein bruktbutikk. 
Skoa er mitt første skopar frå då eg var lita jente. 
Kaninlampa er ny :)
Lesekroken har puter sydd av sengetøy som er bruktfunn. 
Det same gjeld gardina :) Den raude stolen 
stod i huset då vi overtok.
Mange flotte bidrag i utfordringa finn du her!

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 7. mai 2013

Nib Utfordring Mai - Bruktduellen

 Nib si utfordring for mai er Bruktduellen
Vi skal vise fram bruktkjøp i heimen vår. Her i huset er det største 
problemet med den utfordringa; kva skal eg velge? Her er mesteparten kjøpt
 eller fått brukt, blanda med litt nytt. Eg elsker å gå på loppiser, bruktbutikker og blant andre sitt skrot for å finne skatter som passer perfekt hos oss. 
Eg vil melde på kjøkenet vårt i Bruktduellen.
Bord og stoler er kjøpt brukt på diverse bruktbutikker og loppiser. 
Nokre er måla andre ikkje. Krakken er blant mine yndlingskjøp. 
Den er herleg slitt og sjarmerande.
 I kjøkenhyllene mine finn du ei god blanding av bruktkjøp, arva og nye ting. 
Alle kakeboksane er bruktfunn. Den gule kakeboksen er det nyaste 
bruktkjøpet mitt. Veldig fornøgd med den:) Vekta er arva
 etter bestefaren til mannen. Det rosete kaffisettet
 har eg arva etter mi Bestemor. Skålene
 med roser på er funne på loppis.
 Her skimter du inn i spisestova vår. 
Den svarte skjenken bak der er også eit bruktfunn som
 er måla med svart bengalack.
På veggen mot kjøkenet er alt bruktkjøp
 utenom blomsterpotta, bildet (ikea), teppet (Ellos) 
og putene i senga.


Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 6. mai 2013

Rosa ranunkler

Eg elsker blomster. 
Mest av alt ranunkler. Og når dei er rosa i tillegg,
 er dei fantastiske! Berre så synd dei varer så kort. Dei knekker veldig raskt av. 
Eg snitter dei litt kvar dag og skifter vatnet. Er det noko meir ein kan gjere? 
Eg blir kjempeglad for tips! :)
Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 5. mai 2013

Soverom

Soverommet vårt har fått ein liten makeover
Etter at Hermine flytta på eget rom, har det vore veldig tomt der inne. 
Og langt frå på stell. Så det trengtes. Det første eg gjorde var å
kaste ut gardinene. Inn med lys og fram med den
 fantastiske fjordutsikta vår (som var veldig 
vanskeleg å få med på bildene)
For ikkje så lenge sidan fekk eg i hus
 nokre grøne nattbord som først vart plassert på gjesterommet. 
Men når eg dreiv å rydda og styrte på vårt soverom, så hadde eg plutseleg
 flytta dei inn dit. Eg hadde egentleg tenkt å måle nattborda. Men det er rart når 
dei kjem i sitt rette element, då blir fargen plutseleg heilt rett. 
Smaragdgrøn er vel forresten ein av
 dei store trendfargane i år.

Ei gammal skrivebordslampe er no blitt leselys. 
Og rundt vindauge på høgre side har eg hengt opp ei lyslenke.
Under her kan du skimte utsikten vår :)
Eit gammalt båtbilde (mannen elsker båter!) funne på eit bruktmarked
 i England og 2 sider frå Pappa sitt gamle herbarium 
er kome opp på veggen bak senga.
Lysekrone med forskjellige skjermer kjøpt brukt
 og sengetøyet er frå Princess. 
Senga er kjøpt på 
Skeidar.
Det vart litt bedre her inne. 
Men eg gleder meg villt til vi skal pusse rommet skikkeleg opp.
 Både vegger, tak og golv skal takast. 
Og då blir det bra!!:)
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Det varmer mykje, skal de vite!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 3. mai 2013

Eg har senka skuldrane!

Som de kanskje har skjønt så har eg
 hatt to hektiske og ikkje minst morosame veker! 
Det heile begynte med at eg kom til finalen i Nib si utfordring. 
Og fantastisk nok så vann eg denne!! I tillegg fekk eg epost frå Ann Helen 
og Solveig (Nib- jentene) Dei skulle på "Road Trip" i Stryn,
 og lurte på om eg ville ha besøk! 
 Eg skifta mellom gledeshyl og prestasjonsangst
Men svara jo sjølvsagt ja, og starta på alle dei prosjekta som
 eg hadde tenkt på lenge. Stova var heilt kaotisk! Då ringte ein journalist frå 
avisa Firda og lurte på om han kunne kome på besøk. Og det dagen etter.
 Eg sa ja, men advarte om kaoset. Vi løyste det med at han tok 
bilder der det var "bloggbart" og supplerte med nokre 
av mine bilder. Artikkelen vart veldig fin! 
Du kan lese eit utdrag og
 sjå bilder her

Vitrinekapet (eit av prosjekta) vart etterkvart ferdigmåla,
 og alt vart satt på plass. Pluss at mange andre prosjekt vart ferdigstillt. 
Så var det vasking og rydding på programmet. Lucky me! Blæ ;) 
Heldigvis reiste Ariel på ein miniferie til Besteforeldrene. 
Slik at det var muleg å få rydda, utan at nokon
 gjekk etter å rota igjen ;)

 Tysdagen kom, og Solveig (frå Nib) kom på besøk. 
Det føltes som å ha ein kjendis i hus, men ein veldig kosleg ein :) 
Eg skjøna plutseleg ikkje kvifor eg var så nervøs i forkant.
Det vart prata og fotografert. Tusen takk for 
besøket, kom gjerne igjen! :)

går kom spalta mi i Fylkesmagasinet. 
Den var heldigvis ferdigskrive før alt det her skjedde. 
Denne gongen handler den om å vere kreativ med tapet.
Du kan lese den her!
I dag er huset rotete igjen (heilt normalt)
skuldrane er senka. 
Det er helg!

Ha ei fin ei alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 2. mai 2013

Velkomen MAI :)

Eg og Ariel ønsker mai velkomen
 med litt meir såing og fin sommerkjole
Også gløymer vi at det slett ikkje ser så vårleg ut ute ;)
 Dette er ein kjempefin aktivitet å gjere ilag med unger. Og ikkje
 minst 
veldig spennande å følge med på om der kjem ein 
spire opp av frøet :) Denne gongen sådde vi 
peoner, anemoner og asters.
 Eg har aldri sådd før, dette er første gongen. 
Og det kan eg ikkje skjønne, for dette er jo skikkeleg moro!
 I hvertfall når det ser ut som om det kan lykkast ;)
Før har vi sådd ranunkler, basilikum og tomatplanter
Og dei spirer og gror så fint i vinduskarmen.
Ha ein strålande fin torsdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails