tirsdag 17. desember 2013

Pepperkakehus

Eg har laga pepperkakehus i år og. 
Dei er meget skeive og skakke samanlikna med andre 
pepperkakehus- kunstverk i Blogglandet. Men dei må lagast kvart år, 
og stå der og spre deilig juleduft i huset.
 Eg er som sagt ingen ekspert, 
men her kjem nokre triks som eg brukte denne gongen;

- Kjevle deigen opp på bakepapiret, og skjer til husdelane på steikebrettet. 
- Bruk eggekvite istaden for vatn til melisen når du pynter. 
Då blir den stivare og held seg kvitare.
- Lim saman med limpistol ;)
Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. desember 2013

Give Away

Her kjem ein ny Give Away med super premie frå Jotex.no.  
Jotex er ein nettbutikk som sel interiør til ein rimeleg pris. 
Akkurat no har dei halv pris på all julepynt. 
Ta ein titt her!
I denne Give Awayen kan du vinne;
2 stk sengesett i nydeleg kvalitet 
2 stk flotte pynteputer

Det einaste du treng å gjere 
er å legge igjen ein kommentar på dette innlegget :)

Lykke til!

Vinnaren av valgfri Beanie-lue frå Lue.no vart;


Gratulerer! 
Kan du sende meg kontaktinformasjon til
husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)com? :)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 14. desember 2013

De nærmer seg.

..trekning av Give Awayen 
der du kan vinne ei valgfri Beanie-lue 
sponsa av Lue.no.
Sjekk ut dei tøffe luene du kan velge mellom her! 
Om du trykker her kan du melde deg på i konkurransen :) 
Trekninga skjer i morgon kveld, og då kjem det 
også ein ny Give Away. 
Hurra! ;)

Tusen takk for gode ord på bloggen,
 på Facebook, på Instagram og "ute blant folk". 
Det varmer veldig! :)

Klem frå Bjørg :-)

fredag 13. desember 2013

Surrealistisk!

For nokre månader sidan 
fekk eg ein epost frå ei dame som sa ho jobba i eit magasin. 
Ho lurte på om eg ville ha på trykk nokre bilder frå kjøkenet vårt. 
Dama hadde funne bilder av det på Pinterest og likte det veldig godt skreiv ho.
 Eg trudde først at dette var tull. Men eg googla namnet hennar og magasinet Romantic Homes og fann ut at dette var "for real". Veldig smigrande og utruleg rart :) 
Eg sendte over nokre bilder. Ein dag dukka det opp 
ein pakke frå Dallas i USA i posten.
I pakken fann eg september utgåva av Romantic Homes
Bildene frå kjøkenet vårt spredte seg over ikkje mindre enn 8 sider!
Og der satt eg med hakeslepp og måpande blikk!
Eg hadde venta meg eit lite bilde liksom, 
sjølv om eg riktignok 
sendte mange ;)
Og når eg først er igong med å "skryte";) 
De kan lese og sjå bilder frå huset vårt i Ikealivemagazine.no 
sin utgåve for desember. Du kan trykke her for å sjå ;)

Surrealistisk? Jepp!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. desember 2013

Barnebursdag

Ariel fyllte 4 år i begynnelsen av desember. 
Etter mykje venting var Ariel veldig klar for barnebursdag idag. 
Vi var spente både ho og vi. Dette er første barnebursdagen vi har invitert til.
Men med slike flotte bursdagsgjester, var det ingen sak ;)
Slik såg det ut før gjestene kom;
Prinsessecupcakes og Slott- kake var bestilt. 
Så då måtte vi sjølvsagt ha det ;)

Husk Give Awayen,
 der du kan vinne ei god og varm lue sponsa av lue.no
Link finn du viss du trykker her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 8. desember 2013

Ha ein fin søndag!

Det er herleg å kome heim og krype ned i godstolen,
 etter å ha køyrt bil i nokre timar. 
Eg trur eg berre blir her! ;)
Julestjerna i mint med prikker er frå keiserensnye.no
Pleddet i stolen er frå jotex.no

Ha ein fin søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. desember 2013

Jul, Jul Strålande Jul

Det er på tide å prøve seg i Nib- jentene si utfordring igjen. 
Denne gongen heiter den; Jul, Jul strålande jul. 
Her kjem litt bilder frå vår julepynta heim :)
 Eg liker veldig godt den landlege stilen til jul, med raude detaljar. 
Men eg blander gjerne inn litt andre stiler også. 
Slik som julestjerner i mint med prikker 
og heimelaga juletrelysestaker.
Granbar er eit "must". 
Den sprer den herlegaste juledufta rundt i huset. 
Eg legg den gjerne rett på bordet.
 Raude tekstiler er nødvendig
 for å skape den rette julestemninga for oss.

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 3. desember 2013

Vinn Beanie- lue

Hadde det ikkje vore herleg med ei splitter ny og varm lue? ;) 
I samarbeid med nettbutikken Lue.no gjer eg vekk
 ei valgfri Beanie-lue til 
ein heldig vinnar!
Sjekk ut Lue.no her
Dei har fått ny design og mange flotte nyheter!

Du kan ta 3 lodd;

1 lodd = 1 kommentar
1 lodd = Trykk her og finn din favoritt.
1 lodd = Link til konkurransen på FB/Blogg

Trekning 15.desember.

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. desember 2013

1.desember

Det har vore ei begivenhetsrik helg. 
I går bestemte Hermine seg for at det var på tide å begynne å gå. Stor stas! 
Og litt spesielt at ho valde Rema1000 som destinasjon for sine
 første vaklande skritt aleine ;)
Vi har også starta feiringa av Ariel som fyller 4 år imorgon.
 I dag feira vi med familien. I neste veke blir det barneselskap :)
Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 30. november 2013

Hei Desember!

 Hurra, endeleg er desember her. 
Her i huset er vi godt igong med pyntinga. Vi har til og med 
starta med kakebaksten. Pepperkaker og 
Cookies er i boks ;)
 Ariel fyller 4 år på mandag, så her blir det feiring i fleire dager. 
Ho har gleda seg og planlagt bursdagen sin i snart eit år.
 Så eg føler ein viss prestasjonsangst ;)
Ha ein herleg første søndag i advent!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. november 2013

Lita vimpelrekke på treet

 Jula er begynt å snike seg inn i heimen. 
Kassane med julepynt er komne ned frå loftet. 
Og svibler og julestjerner er på plass. I år har eg også kjøpt 2 juletre i potte. 
Ariel har fått det eine på rommet sitt. Det andre
 pynter fint i spisestova.  
 Eit juletre synast eg må pyntast litt på ;)
Difor fann eg fram 3 forskjellige washiteiper og eit tynt tau, 
og laga ei  lita vimpelrekke.
 Riv av 2-3 cm med teip. 
Klistre den saman over tauet og klipp det til. 
Enkelt og greit ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. november 2013

Bilder til barnerom

Eg gjorde mange gode funn på bruktbutikken for nokre veker sidan. 
Blant anna fann eg nokre fine gamle bilder til barnerom. 
Eg liker så godt slike, og kjøper dei eg kjem over ;)
Juni- bildet er av Elsa Beskow. Denne posteren har eg kjøpt ny. 
Men dei to andre bildene fann eg på bruktbutikken. Eg digger alle tre, 
og eg synast dei pynter fint opp på Hermine sitt rom :)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. november 2013

Gjer-det-sjølv Juletrelysestake

Eg har totalt dilla på juletre. 
Så denne jula blir det eit og anna, her og der ;)
Eg fekk ein ide om å lage juletrelysestaker
Sidan eg fortsatt har verktøyskrekk, spurde eg mannen veldig fint 
om han kunne sage ut nokre til meg. Eg teikna skisser og la dei "tilfeldig" på stovebordet. 
Og så var dei fiks ferdige dagen etter! Flinkisen :) I toppen har han bora hol 
i to av dei og sett ned i metallkopper til stearinlys (eg kjøpte hos Panduro)
 Også måla eg dei i 3 fine grønfarger.
Er du litt handy 
og kan handtere ei sag, så er dette ein enkel
 gjer-det-sjølv for deg ;)
Eg ser for meg at dei kan bli veldig fine
 å dekorere med til jul ilag med litt raudt og granbar.
Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. november 2013

Heldig vinnar!

 Eg har trekt vinnaren av den 
herlege gåvepakken som er sponsa av den fin-fine 
nettbutikken Jotex;

Og det vart

Nina E 
med bloggen Yndet

GRATULERER! :)

Kan du sende meg namn og adresse
 til epost husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)com ?
(Med forbehold om utsolgt, i tilfelle blir vara erstatta med noko tilsvarande)

Tusen takk til alle dei 87 som deltok. 
Ta gjerne ein tur innom Jotex.no. Der er masse fint til ein rimeleg pris :) 
Kanskje du klikker heim nokre julegåver ikveld?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 16. november 2013

Soverommet

Eg kunne tenkt meg fleire timer på soverommet vårt for tida. 
Med ei som liker å vere våken om natta, og ei anna som
 står forholdsvis tidleg opp, så blir ein 
aldri så lite trøtt ;)
Sengetøyet er nytt og deilig, og det har eg fått frå  Jotex
Du kan vere heldig å vinne blant anna 2 slike sengesett
 om du deltar her med ein liten kommentar ;) 
Trekning skjer imorgon kveld!

Ha ei flott helg vidare!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 12. november 2013

Ny spalte i Fylkesmagasinet

For eitpar veker sidan laga eg til juleverkstad ved spisebordet vårt. 
Litt tidleg kanskje? ;)  Men det var for å ta bilder til spalta eg skriv i Fylkesmagasinet. 
Avisa kom i posten idag. Og denne gongen handler spalta om Førjulstid og Juleverkstad. Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstander i Sogn og Fjordane. 
Du kan lese spalta mi på nett her om du vil :)
Her kjem nokre av bildene eg 
knipsa i den anledning;
Eg gleder meg til jul, 
gjer du

Klem frå Bjørg :-)

søndag 10. november 2013

Farsdag :)

Etter å ha fått etterlengta søvn heilt til kl halv 9 idag tidleg,
 vart det ein flott farsdag for både Pappaen og oss andre i huset. 
Pappaen fekk gåve på senga, vi åt middag på kafe og kake vart baka og eten opp :)
I tillegg vart det togbane leik utover spisebordet. 
Stor stas for liten og stor ;)
Fortsatt fin Farsdag til min Pappa,
 og alle andre Pappaer der ute!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 8. november 2013

Nysydde puter i glade retrostoff

For ei stund sidan kjøpte eg nokre fin- fine stoff på Etsy.  
No har eg endeleg somla meg til å sy puter av dei. 
Retrostoff i fine farger er til å bli glad av, 
synast eg ;)
Fin helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 6. november 2013

Blopp!

Det er lenge sidan eg har "leika" med symaskina
Men no fekk vi ein liten time med kvalitetstid, 
og då vart denne putefisken til.
 Nokon ekspert på sying er eg alldeles ikkje. 
Eg er litt på 'prøve-meg-fram-så-får-vi-sjå-korleis-det-går' stadiet.
Men eg synast det er utruleg moro. Denne gongen har eg teikna mønsteret sjølv,
 klipt ut i fine stoff og deretter sydd i veg. Den vart litt skeivt her og der. 
Men skit la gå, morsomt var det ;)
Jentene våre likte den. 
Og det er jo det beste av alt! :)
 Eg håper du har ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails