mandag 13. desember 2010

SpiseStova er klar til JuL

Vi er så heldige å ha 2 stover i huset vårt. 
Den eine har vi som TV- stove, som er det mest dokumenterte rommet 
i denne bloggen ;) I den andre stova har vi spisedelen
Tenkte eg skulle vise den fram i sin beste 
julestas idag.


Spisestova har fått nye julegardiner frå Jotex.  
Min kvite IB Laursen mugge har fått besøk av granbar og 
søte sopper frå Kid.


Dette bildet viste eg i mitt bidrag til NIB si utfordring. 
Det er av ein gammal raud stol som stod i huset då vi overtok det. Eg gjekk mange runder med meg sjølv der eg funderte på om eg skulle måle den. Men den endte 
opppå soverommet vårt der vi har ein liten dæsj raudt 
i det maritime. No til jul vart den hedersgjest
 ved spisebordet, pynta 
med hjerter :)


Det store sølvfatet mitt har fått besøk av fleire 
kvitspraya lysestaker ilag med granbar og kanelstenger.
Den svarte skjenken min har fått raud hekleduk 
som Besta har laga.




Nøtter er obligatorisk i jula, 
sjølv om eg ikkje er så altfor glad i dei sjølv. 
Men det pynter jo fint:)


Eg ønsker alle som er innom ein flott mandag og St. Lucia feiring! 
Og masse gratulerer med dagen til mi søte søster ;)


Klem frå Bjørg :-) 

søndag 12. desember 2010

JuLebaKst :)

Onsdag hadde vi ein kosleg bakedag
Eg og mannen hadde på nisselue, julemusikk var på plass og snart spredde 
det seg god julelukt i heile huset.




 Ariel storkosa seg gjennom det heile. 
Og smakte både på deigen og kakene ;) Kakeboksane vart fyllt med 
kakemenn og pepperkaker
Nam- nam ;) 


Kakemannane er heilt heimelaga
Mens vi juksa og kjøpte ferdig pepperkakedeig ;)

dag skal eg og Ariel på julekonsert i kyrkja. 
Vi gleder oss! :)

Klem frå Bjørg :-)


fredag 10. desember 2010

JulePynt på 5 MiNutT ;)

I går laga eg litt julestemning 
5 minutt ;)  Du treng eit kubbelys, eit glas, snor, 
papir og pynt.


Det er nok mange
 av dokke som har laga liknande lyspynt :) 
Eg har brukt scrapbookpapir og hjertepynt frå Kremmerhuset.


Det er veldig enkelt, men likevel 
skaper det stemning på det vesle bordet mitt :)


Mannen skal på guttetur i helga, 
så no blir det høg syfaktor på kveldstid her i heimen ;)


Ha ei flott helg, ikkje lenge til jul! :)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. desember 2010

Jul i Kvar ei KrÅ ;)

Det har "dukka" opp litt jul på kjøkenet og. 
Det betyr raude innslag her og der :)


Kjøkenhandkle frå Jotex og Kid er på plass. 
Pepperkakeformene er samla i ei raudrutete sløyfe og står klar til kakebakst ;)


Eg kjøpte fleire slike hjerter på Kremmerhuset
Det eine pynter opp i hylla og lager julestemning ilag med julekopper og skåler, 
også frå Kremmerhuset :)





For anledninga har adventsstaken på kjøkenet fått plass øverst på hylla. 
 (tihi, dette avslørte at det er hvertfall ei veke  sidan eg tok bildene, kun eit lys har vore tent ;)
Lysa er pynta med adventstal og raud sløyfe :)


I dag har eg fri, og planen 
for dagen er å bake julekakerKakemanner og pepperkaker skal i ovnen 
om alt går som det skal ;)



Ha ein flott onsdag alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 7. desember 2010

DIY; GåveEskeR !

Eg har leika meg litt med scrapbook- papira mine. 
Resultatet vart nokre julepynta gåveesker.


Her har eg brukt ei eske eg hadde liggande, og kledt den med papir,
 glansbilder, papirpynt og decortape. Eg har reve somme av kantane og stroke 
ei brun stempelpute over for å få ein gammal effekt.
Handtaket er laga av raud kartong.

Dette er ei stratoskjeks- eske som har fått ny "drakt" ;)
Her er det brukt bilde frå internet, decortape, papir, papirblad-og blomster, band og blonder.
Eskene er enkle og kjempemorsomme å lage! 
Kva med å gje vekk heimelaga julekaker, konfekt eller anna i ei slik? 
Det tenkte eg at eg skulle gjere :)



Eg håper alle har ein flott tysdag! 


Klem frå Bjørg :-)

søndag 5. desember 2010

Jul i TVstova

Tv- stova er nesten klar for jul, 
den mangler berre juletreetMen det skal ikkje inn før 
Lille Julafta har eg tenkt..


Julesokken som heng på skapet vart til under "daten" 
med symaskina. Den skal eg fylle med noko lurt 
til Ariel 1. juledag :)


Juletrekka til Lyslyktene har eg vist i eit innlegg tidlegare, 
dei  vart og til på symaskin "daten" ;) Juleputa som står "julekos" på er kjøpt på Spar Kjøp. Duken på bordet og gardinene er frå Kid.


Dei gamle koffertane mine har inntatt plassen 
under bordet, som oppbevaring for diverse 
leiker og blad.


Fargane eg har brukt til jul i år er raudt, kvitt, lin og 
innslag av grønt i form av juleplanter.



For enkelte kan dette sikkert bli vel mykje raudt, men for meg 
er dette jul!! :)Ellers i året bruker eg omtrent 
aldri raudt i interiøret.


Eg håper alle har hatt ei fin helg, 
og god søndag vidare!


Klem frå Bjørg :-)

lørdag 4. desember 2010

JuL i vÅrt HuS ♥

Norske Interiørblogger (NIB) si utfordring for desember 
er sjølvsagt "Jul i vårt hus" ! 
Her er mitt bidrag ;




Ta ein titt på alle dei flotte bidraga her
og få julestemning du og! Lykke til alle saman :)

Håper du får ein god laurdag!

Klem frå Bjørg :-)


fredag 3. desember 2010

God helg! :)



Først må eg takke for alle 
gratulasjoner til Ariel sin 1 årsdag! :) 
Vi hadde alle saman ein flott dag. Ariel fekk smake sjokoladekake
og lagde mmmmmm -lyder heile kakestykket 
igjennom ;)

God helg alle saman! 
Eg kjem innom med meir julepynta TV- stove på søndag :)

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 2. desember 2010

Hipp Hurra! :)

For akkurat eit år sidan kom denne skjønne jenta til verda. 
Og eg og Pappaen har vore fortapt sidan, i henne ;)
Hipp Hurra for Ariel som er 1 år idag! :)

( Bildene er frå jakta på det perfekte julekortbildet ;)

Dette året har gått så fort
Og Ariel er blitt så stor, vi er kjempestolte av henne :)
Ariel skal idag feirast med kake og gåver!

Ha ein fin torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 30. november 2010

Lyslyktene er komne i julestemning ;)

Då eg hadde "date" med 
symaskina, sydde eg juletrekk til lyslyktene mine. 
(eg hadde ikkje telys å tenne i dei  då eg tok bildene!! :/ )


Som på dei forrige eg har laga brukte eg stoff, pomponger og blonder. 
Men denne gongen med herleg juleraudt ;)


Her er ein liten forsmak på julepynta TV-stove i Fjordhuset. 
Fargane går i raudt, kvitt, lin og litt grønt. Mest raudt, noko eg nesten aldri bruker 
i interiøret resten av året :)


Fleire bilder frå julepynta stove kjem
 i eit innlegg om nokre dager.


Eg håper du får ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 28. november 2010

God Advent!

Så var plutseleg advent her, 
og den koslege ventetida er igong :)


Fjordhuset har sett meir eller mindre "bomba" ut i heile dag. 
Julekasser og julepynt har vore slengt overalt. No ser det nokelunde ut. Men pyntinga
 er ikkje over. Den skal eg kose meg meir med i 
dagane framover ;)


Adventslysa er klare og det første vart tent idag tidleg. 
Eg har ein  enkel vri på dekorasjonen iår. 

Eg har brukt eit fat frå Bruktbutikken, mose frå Plantasjen,
 4 kvite kubbelys, taldecoupage og 
sopper frå Panduro.


Duken er rett og slett eit raudrutete kjøkenhandkle
Eg synast desse er julete, og etter ein omgang med strykejernet skal den få 
fungere som duk :)

Eg er veldig lei meg fordi eg ikkje har fått besøke dei flotte bloggane dokkas i det siste. Dagane har gått i eitt, men eg er snart tilbake på besøk!

Ha ein fiiin søndag! 
Her står gløggen klar med ein ørliten 
skvett raudvin i ;)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 27. november 2010

Stille før "stormen" ;)

Fjordhuset er klart for julepynting
Dette er siste dagen, enn så lenge, at pasteller får råde. 
No blir det raudt og kvitt og  julestemning 
i (nesten) kvar ein krok!


Eg har egentleg ingen plan på korleis eg skal pynte. 
planen blir til undervegs.


Ein ting er sikkert, 
og det er at eg gleder meg stort til å begynne å pynte ;)
Når dette innlegget blir publisert er eg på julehandel. Eg tipper det blir med noko 
ny julepynt heim, i tillegg til at eg blir ferdig med
 julegåvene (det er jo lov å håpe ;)


I min barndom pynta vi ikkje før på Lillejulafta. 
Så lenge klarer eg ikkje å vente.  No skjer det første søndagen i advent. 
Det vil seie i morgon den dag!! :) Men juletreet skal eg klare 
å spare til Lillejulafta ;)


Kva tradisjonar har du når det gjeld pynting før jul? 


Eg er nokså sikker på at mitt neste innlegg 
blir prega av julestemning ;)

Ha ein fin laurdag! 
Og nyt første søndag i advent imorgon (eg gleder meg!!;)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. november 2010

Endeleg med fokus på JUL ♥

I kveld skal eg endeleg 
begynne å konsentrere meg om den koselegaste tida eg veit om; 
Advent og jul ;)


Julepyntkassane skal ned frå loftet i dag. 
Eg må sjå igjennom kva meir vi "trenger", før o'store shoppetur på laurdag. 
I jula ifjor var eg alldeles i ammetåke, så eventuelle julepynt -kjøp (som garantert vart gjort ;) 
er komen heilt i gløymeboka.


Sidan vi bur i utkanten av utkantane, er det allereie gjort nokre innkjøp på internet. 
Eg hadde nok ikkje overlevd her uten 
nettshopping ;P
Nokre julehandkle, gardiner og julegris er noko 
av det eg har "snopa" hos Ellos.


I kveld når Ariel søv søtt, skal eg ha stevnemøte med symaskina mi. Eg skal sy litt 
julepynt, og kanskje starte på nokre julegåverI år skal eg for første 
gong gje nokre egenproduserte ting i tillegg til anna.
 Eg er spent på korleis det 
blir mottatt :)



Eg håper alle har ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails