torsdag 6. september 2012

DIY- Hekle teppe av stoffremser

Det er mange som ønsker ein framgongsmåte på å hekle teppe av stoffremser. 
Dette er så enkelt at alle kan klare det. Eg skal prøve så 
godt eg kan å forklare ;)


Du trenger:

- Stoff 
(du kan evt bruke  sengetøy,
 laken og duker som ikkje er i bruk lenger)
- Heklekrok nr 8
- saks


1. Klipp og riv remser av stoffet. Ca 1 cm breidde. 
Ikkje riv heilt ned, la det stå igjen ca ein halv cm, klipp og riv andre vegen igjen (som på bildet) 
Så slepp du å få så mange ender når du hekler ;)

2. Lag fine nøster ;)

3. Så hekler du 5 Luftmasker
Framgongsmåte til luftmasker på YouTube finn du her!

3. Desse tar du saman til ein ring,
 ta ei kjedemaske ned i den første luftmaska du laga.

Kjedemaske;



4. Hekle 8 fastmasker med nedtak i ringen. 
Framgongsmåte til fastmasker finn du på YouTube her!

5. Hekle 2 fastmasker i kvar maske. 
Då har du 16 fastmasker. Så er det berre å fortsette med ei fastmaske i kvar maske.
 Auk gradvis med ca 8 fastmasker fordelt pr runde (2 fastmasker i kvar maske)

6. Skift farge så ofte som du har lyst ;) 
Du kan feste endane ved å legge dei langs kanten og "hekle dei inne" :)

Lag teppet så stort som ønskeleg. 
Snart har du ditt eget sjølvlaga hekleteppe. 
Lykke til! :)

Eg blir veldig glad om du gjer meg ei tilbakemelding
 på om dette var forståeleg ;)

Fin dag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. september 2012

NIB Utfordring - Inviter

Nib- jentene har lyst å bli invitert heim til oss i Blogglandia. 
Eg inviterer til raudvin i store glas og noko å bite i ved kjøkenbordet vårt. 
Velkomen skal de vere ;)

Og sidan eg er flinkare til å pynte enn å kokkelere, 
så fokuserer vi på borddekkinga ;)

Eg liker å gjere det enkelt
Men likevel må eg ha nokre detaljar som krydrer litt :)

Bordkorta er hjerter klipt ut av scrap- papir og festa med malte klesklyper. 
Små vaser med roser henta frå hagen, saman med eit blondeband utgjer pynten på bordet. 
I lampa har eg hengt stoffremser til pynt.


Ingenting av serviset eg har dekka med er likt. 
Eg har sett det saman av diverse fat eg har samla opp igjennom etter 
besøk på loppiser og bruktbutikker. Serviettringane er 
også eit bruktfunn.


Eg ser at det er komt inn 
vannvittig mange nydelege bidrag til utfordinga allereie. 
Du kan sjå dei her!

Det var mange som hadde lyst på ein DIY av hekleteppet eg har laga. 
Så det kjem eit innlegg om det i nærmaste framtid :)

Fin onsdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. september 2012

Før&Etter..

..på ein liten skuffesak ;)
Eg fann denne på ein Bruktbutikk i sommar og eg såg straks potensiale. 
No er eg ferdig å fikse på den :)
 Skuffene måla eg grøne. Også brukte eg scrabook-papir på frontane. 
Dette limte eg fast med decoupage- lim. Til slutt fekk dei eit 
strøk med decoupage utanpå og.

 Eg har ikkje heilt bestemt meg for bruksområde for denne endå. 
Men den kan godt brukast til hobbysaker
 som på desse bildene :)


 Nøstene de ser på toppen er sengetøy som er revne opp til 1 cm breidde.
 Eg skal snart igong med eit nytt hekleteppe, slik som det eg har laga til Ariel sitt rom. 
Om det er interesse for det kan eg lage ein
'korleis-lage-teppet' 
på bloggen?

Eg fekk ein gledeleg overaskelse
 igår når eg såg at Huset ved Fjorden er denne vekas VI
Sjekk det ut her! :)

Flott ny veke til deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 2. september 2012

Fram frå skapet!

Eg kjøper ofte fine fat på Bruktbutikker og loppiser. 
Og dei har blitt liggande i eit skap, noko eg synast er for gale! Eg fann oppheng til fat på Jernia, så no har eg hengt opp favorittane mine på veggen :)


Her kan eg skifte ut fata om eg skulle finne nokre finare,
 eller eg får lyst på eit anna uttrykk. Har tenkt på å henge opp berre 
retrofat frå Figgjo her ein gong :)

Kva skal ein med dyr kunst,
 når ein har flott porselen i skapet? ;)

Fin søndag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 31. august 2012

Sunflower

Eg var så heldig å få solsikker denne veka. 
Solsikkene har fått plass i den gamle muggen og pyntar så fint på kjøkenet vårt :)


Eg har prøvd meg fram med litt forskjellige stoler rundt bordet. 
Det er moro med litt forandring :)

Eg hadde besøksrekord på bloggen igår. 
Grunnen er nok at FB sida Tips & Inspirasjon til Hjemmet la ut bilder og link frå Huset ved Fjorden. Noko eg synast var kjempestas! Hjarteleg velkomen til nye følgerar :)
Trykk her viss du ønsker herleg interiørinspirasjon frå
 denne sida på Facebook!

Ariel er i barnehagen og Hermine søv. 
Og då skulle det vel bli avslapning på meg? Nei, langt ifrå ;) 
Her er det berre å "joine" mannen som måler hus! Heldigvis liker eg å måle :)

Ha ei superduper helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. august 2012

Snill dame

Ein dag eg var på butikken var det ei dame som kom bort til meg. 
Ho hadde sett på bloggen min at eg liker emaljerte mugger og vaskefat. Også lurte ho på om eg ville ha ein mugge med blå kant som ho ikkje trengte lenger.
Og det ville eg sjølvsagt! :)

Eg vart kjempeglad 
og synast det var veldig snillt av ho å tenke på meg før muggen vart kasta!  
No har eg både vaskefat og mugge med blå kant.
Tusen takk! :)


Muggen har fått besøk av nokre roser
Eg synast settet passa så godt på kommoden i gangen oppe.

På veggen heng det kvitmåla rammer med sider frå gamle bøker i. 
Arbeidslampa har eg funne heime hos foreldra mine.


Ha ein super onsdag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 28. august 2012

Loppefunn :)

Det vart ikkje dei heilt store funna på Loppisen forrige helg. 
Noko som var litt skuffande sidan eg har gleda meg til dette loppemarkedet lenge
Men litt vart no med heim likevel:)
Eg fann nokre fine sengesett som kan brukast til litt av kvart. 
Kommoden har eg pønska ut ein plan for, den skal etter litt Love&Care vere på
 Hermine sitt framtidige rom :)

Hyllene på hjul skal dusjast med spraylakk og fungere som oppbevaring på Ariel sitt rom. Ellers vart eit sausenebb, søt kattefigur, fin hjerteboks
 og 2 melaminkopper med heim.
Heilt greit ;)

Tusen takk for alle bursdagshelsingar. 
Det varmar mitt :)

Fin tysdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. august 2012

34?

Eg er komt ut av tellinga..
uansett så har eg bursdag idag. 
Og det er ikkje så moro lenger når ein har bevega seg godt over 30 ;)

Ein er uansett ikkje eldre enn ein føler seg! ;)

Ha ein fin-fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 24. august 2012

Kjøkenklut

Eg trur det var i mai eg starta å strikke denne kjøkenkluten
Og "rask" som eg er, vart den ferdig denne veka! Egentleg er dei raske å strikke når du faktisk strikker litt inneimellom ;) Du strikker annakvar rad med rett og rett/vrang. 
Eg brukte 3 mm pinner og bomullsgarn. Eg har hekla rundt og laga
 bølgekant i tillegg :) Her brukte eg heklekrok 2,5 
og same type garn.

 Dei er kjempegode å bruke. 
Så den skal absolutt ikkje vere berre til pynt i den lekre fargen ;)


Eg har vore på Loppis idag! 
Det vart nokre få kupp. Fortsettelse følger ;)

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 23. august 2012

Forandring fryder!

Den nye tallerkenhylla vart så fin på veggen i spisestova synast eg :) 
Og no har eg forandra litt på skjenken også.
Forandring fryder ;)

Det gamle vaskefatet og muggen har fått plass her. 
Og nokre loppislysestaker som var i rødt og gull har eg måla gule.




Ha ein strålande torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 21. august 2012

Oregano&Timian..

...i hermetikkbokser
 med favoritt-tapeten limt på og merka med Dymo :)

Hermetikkbokser kan brukast til mykje og kan bli ganske så dekorative :) 
Eg har tidlegare måla nokre bønne- bokser i pastellfarger som eg bruker til vaser.
Gjenbruk er bra ;)

Eg er ikkje så glad i å ha mykje ståande på kjøkenbenken, 
så eg satte dei rett og slett i skuffene til hylla eg har på veggen :)

Så gjenstår det å sjå kor lenge urtene lever ;)
 Eg håper eg får baka nokre 
urtebrød først!


Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails