Eg har alltid synast Pip serien er superfin!
Men eg har aldri prioritert å kjøpe den fordi den er litt dyr,
og tåler ikkje oppvaskemaskin. Men den har no lurt litt i bakhovudet mitt likevel ;)
Den er jo heilt nydeleg!
Denne sida har utenom herleg inspirasjon, mange flotte konkurranser heile tida.
Og då dei la ut at ein kunne vinne 4 kopper med fat og 4 tallerkener
frå Pip sponsa av Velkommen.
Jau, då søkte eg lykka ;)
Og den fann eg! :)
Eg er no den lykkelege eigar av kopper og kar frå Pip.
Hurra :) Så får eg heller vaske dei opp for hand
med eit smil :)
Stolen på bildene har forresten fått seg nokre strøk med ein nydeleg grønfarge.
Litt vanskeleg å fange, når det er dårleg fotolys :-/
Skal du gjere noko kreativt saman med ungane dine i helga?
Då er du hjarteleg velkomen til å knipse nokre bilder, lage eit innlegg og vere med i utfordringa mi; Kreativ med Barn. Du finn den her! :)
Her er allereie komt inn mange gode forslag,
så kanskje du får nye ideer her.
Ta gjerne ein titt :)
Dei fine premiane blir presentert neste veke!
Ha ei god helg!
Klem frå Bjørg :-)
Oppdatering;
Tusen takk for opplysninga om at Pip serviset kan vaskast i oppvaskmaskin.
Då gjer eg definitivt det! Og glad er eg for det. Eg er ingen fan av å vaske opp for hand ;)
Oppdatering;
Tusen takk for opplysninga om at Pip serviset kan vaskast i oppvaskmaskin.
Då gjer eg definitivt det! Og glad er eg for det. Eg er ingen fan av å vaske opp for hand ;)



