Ny månad og ny utfordring hos Nib,
denne gongen skal vi fange kontraster med kameraet.
Gammalt og ubehandla trebord møter nymåla grå stol.
Sarte perleblomster og sommerfugler møter grafiske element.
Og det heile har ei kvit ramme rundt.
Ein grønmåla stol med blomster på blir som ein smilande
kontrast i eit sterilt baderom i svart og kvitt.
Den gule fargen er som å få sola inn på kjøkenet,
og står i fin kontrast til dei ellers så duse fargane i rommet.
Sarte rosa tulipaner mot røfft, gammalt og ubehandla tre.
Dette bildet definerer veldig godt min bruk av farger.
Eg har som regel ein kvit eller grå base som eg fyller på med duse farger og
strammer det heile opp med nokre få svarte/mørke kontraster.
Den lyse stova vår er krydra med pasteller i gult, blått og grønt.
Gardinstanga og den svarte taklampa strammer opp,
og er ein fin kontrast, synast eg :)
Vil du sjå andre bidrag, og/eller delta sjølv?
Ha ein fin tysdag!
Klem frå Bjørg :-)