Eg liker haust i stova kjempegodt!
Det er så kosleg å kunne tulle seg inn i eit pledd, tenne stearinlys og berre kose seg.
Gjerne med handarbeid eller lesestoff lett tilgjengeleg. Interiøret
her i huset forandrer seg i takt med årstidene.
Pastellane er her alltid, men tilbehøret
blir meir lunt om hausten.
Dei fargeglade putene og retrodynene i sofaen blir bytta ut med
naturmaterialer i lin og ull. Til denne hausten har eg kjøpt eit nydeleg grått
hekla teppe hos Kid. Og puta eg har laga av ullstrikkejakka som
Besta brukte, blir tatt fram igjen.
På siste skattejakt hos Pappa fann eg denne flotte og gamle trekassa med stempel på.
Denne skal få hjul på så snart som eg får tak i. Den er perfekt som oppbevaring
til mine (altfor) mange interiørblad! Eg liker varmen det slitte treverket
tilfører i heimen vår. Det blir nok fleire slike
innslag iløpet av hausten:)
Eg kjenner eg gleder meg til hausten verkeleg kjem.
Det er mørkt ute, vi fyrer i peisen og krøller oss saman under eit teppe i sofaen!
Eg gleder meg til den friske og klare haustlufta ute.
Til å gå tur, plukke epler og lage eplekake.
Og det nærmer seg haust og kvardag her i huset.
Første tegnet på det er at imorgon er det barnehagestart.
For begge jentene. Vår vesle Hermine sin første dag. Og veka etter starter
jobbkvardagen for meg igjen. Nye tider. Spennande!
Dette er mitt bidrag til NIB si utfordring; Er du en Stuepike?
For meir haustinspirasjon kan du trykke her!
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)