Det veldig etterlengta vaskerommet vårt er omtrent ferdig!
Eg skreiv om det på bloggen første gongen i mars ifjor (les det her!) og trudde det skulle vere fort gjort. Over 1 år skulle det gå før vi kunne ta det i bruk. Interiørplanane
der inne har endra seg fleire gonger på den tida. Resultatet ser du
under her. Det var vel verdt ventetida!
Før hadde vi eit skikkelg ukosleg vaskerom i den mørke kjellaren vår,
og tørking av kle foregjekk på gjesterommet. No er det historie og
det er plutseleg blitt skikkeleg kjekt å vaske kle ;)
Hyllene er gamle stringhyller som vi har spraya opphenget på.
Tøymykner og milo blir oppbevart i flasker frå Ikea. Vaskemiddel i ein gul boks frå Kremmerhuset. Øskjene frå Søstrene Grene rommer einslege sokker,
vaskeposer og merkelapper til kle. Det er sydd eit forheng som
skjuler dunkane med skittentøy.
Printet på hylla har eg laga sjølv i
photoscape og sett i ei ramme frå bilderammer.no
Over doen har vi fått laga smilesontiles av ei teikning Ariel har laga :)
For å hindre innsyn har vi sett på folie på vindaugene.
Slik får vi likevel inn mest muleg lys. Folien har bilde av eit tre med fugler i.
Det var litt vanskeleg å fange med kameraet ;)
Vaskerommet gjer kvardagen mykje enklare.
Rett og slett litt luksus ;)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)
2 kommentarer:
Dette ble et superfint vaskerom, skjønner godt det går an å ha det greit her!
Ha en fin kveld!
Klem fra Signe.
Så flott!!
Fargene gjør jo at man blir glad av å vaske klær:))
Legg inn en kommentar