lørdag 16. oktober 2010

Puter og vimpel :)

Då er Fjordbua fyllt opp med litt nytt.
Meir kjem, men tida strekk ikkje alltid til så godt som eg har lyst.


Eg har sydd kvitt putetrekk som eg har pynta med ein retrosopp. 
Den passer glatt inn i sofaen min. Spørst om kanskje 
eg skal sy meg ei sjølv og ;)


Putetrekket er 40x40 cm og har 
konvoluttopning bak.


Ei kvit pute med flugesopp på har og sett dagens lys. 
Denne trur eg blir veldig søt å pynte med til jul. Men den er ikkje julete, 
så den kan brukast heile året.


Denne er også 40x40 cm og har
 konvoluttopning bak.


Det har og blitt tid til ei vimpelrekke i rosafarger med blondekant. 
Denne er 160 cm lang + silkeband til å 
knyte fast med.


Alt dette og meir ligg til salgs i Fjordbua. 
Trykk her og ta ein titt dåvel ;)
♥
Eg håper alle har ein strålande laurdag!

Klem frå Bjørg :-)
(som gleder seg til trekning av min Give Away i morgon kveld! ;)

fredag 15. oktober 2010

Husk Give Away med trekning søndag! :)


Eg minner om trekning av min Give Away på søndag 17.10. 
No er er veldig spent på kven som 
stikk av med;

♥Eit gåvekort på kr 500,- sponsa av Frk Doris ♥
♥Ei valgfri vare på lager i min vesle nettbutikk Fjordbua ♥
♥2 trøstepremiar blir og trekt ut ;)♥

Meld deg på her! :)


 Ta deg gjerne ein tur innom den flotte nettbutikken Frk Doris allereie idag. 
Kanskje for å planlegge kva du kan bruke 500 kr på, 
eller "snope" litt allereie no? Mykje flott der! :)

Eg arbeider for tida med å fylle opp Fjordbua. 
På kveldane eg har tid til det, går 
symaskina for fullt ;)

♥

Eg håper alle har ein flott fredag, og 
god helg til alle!

Klem frå Bjørg :-)

Husk å melde deg på i linken lenger oppe i innlegget, 
eller bildet som er linka øverst til høgre :)

onsdag 13. oktober 2010

Sy trekk+ syltetøyglas = telysholder med stemning

Eg er inne i ein skikkeleg syperiode igjen. 
I går når eg stæsja litt fann eg ut at eg trengte ein rosa telysholder. 


Men når ein ikkje har ro i ræva å vente til ein kan gå på shopping. Kva gjer ein då? 
Jau, ein fikser det som best ein kan sjølv ;)


Eg brukte av stoffet eg fann på bruktbutikken sist. 
Her sydde eg til kant oppe og nede, og pynta med pomponger frå Panduro. 
Så sydde eg det til slik at det var berre å trekke det 
over syltetøyglaset.


Grunnen til at eg satte igong, var at eg ville teste liljene eg fekk, i melkeflaskene 
mine frå IKEA ;) Eg synast dei rosa detaljane til den 
røffe krakken vart så fint :)


Telysholderen synast eg vart veldig stemningsfull med lys i. 
Slik som dette såg det ut hos oss
 igår kveld:)




Eg var så heldig å vinne i Give Away hos den koslege bloggen Alle oss 4. 
Og igår fekk eg gåva i posten. Heldige meg :) Dette fekk eg, og 
det fallt veldig i smak. Tusen tusen takk! :)


Wallstickers med teksten Carpe Diem, duftolje og 
kjempesøtt hjerte :)



Tusen takk for alle gode ord de legg igjen til meg! 
Eg blir så glad! :)
♥
Eg håper alle får ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 12. oktober 2010

Lappeteppe for første gong

I går prøvde eg meg som sagt på å sy lappeteppe. 
Og det var jo faktisk kjempemoro! No skal eg ikkje skryte på meg at det vart perfekt. Veninna mi som skal få det er klar over at det er eit "forsøks"-teppe ;)


Men med litt meir øving så trur eg kanskje dette kan bli bra :) 
Kanskje det er noko for Fjordbua? Kva trur du? Butikken har fått lite 
med påfyll i det siste, men dette skal eg snart 
gjere noko med ;)


Teppet er sydd av stoff som er kjøpt på Bruktbutikken. Det synast eg gjer det unikt og miljøvenleg ;) Det går sjølvsagt i blåtonar sidan ein liten gut skal ha det :)
 Det er fora med platevatt og har same stoff som kantane
 på baksida. Eg fann oppskrift på NIB. 
Du finn den her!


Då krysser eg fingrane for at Mammaen og den vesle babyguten
 som snart kjem, blir fornøgde med teppet:)
(For fotoshooten si skuld har eg lånt vogga 
og bamsen til Ariel ;)


Eg håper alle har ein fin tirsdag!
Her er det snart TV-kveld:)

Klem frå Bjørg :-)
(delta gjerne i min Give Away og/eller spørreundersøkelsen øverst til høgre ;)

mandag 11. oktober 2010

Litt om alt og ingenting..

Så var det mandag igjen. 
Mannen er begynt på nytt jobbeskift, 
og eg virrer rundt og veit ikkje heilt kor eg skal begynne. 


Når mannen jobber pleier eg å vere supereffektiv å få unna prosjekt
 som har hopa seg opp. Eg håper ikkje at desse 2 vekene blir eit unntak, 
for no står prosjekta i kø ;) Og 1. november begynn eg i ny jobb, 
og kva eg får tid til då utenom jobb og familie 
veit eg lite om ;)


Liljene på bildene var vi så heldige å få av eit av besøka i helga. 
Dei pynter heilt nydeleg på 
bordet :)


I kveld står dette på planen. 
Eg skal for første gong prøve meg på eit lappeteppe. 
Planen er at ei veninne som venter ein babygut skal få det. Eg må berre 
sjå om eg får det til først ;)


I det siste har eg fundert 
litt på kva stil eg kjem under interiørmessig. Då vi flytta inn i huset
 var eg bestemt på at stilen skulle vere shabby chic. Alt skulle vere kvitt og harmonisk. 
Men så viste det seg at eg ikkje er så "harmonisk" likevel ;) Plutseleg vart det svarte innslag, og fargane gjorde litt etter litt inntog i Fjordhuset. I ein kosleg kommentar eg fekk
 for litt sidan stod det at eg hadde min eigen stil. Og det stemmer 
når eg tenker meg om; eg stæsjer rundt meg med ting 
eg liker og set dei saman 
på "min måte".

 Og no har eg begynt å falle hardt for 
ein dæsj med retro. Så gleda var stor då vi blant anna fann ei kasse med 
retrolamper i Pappa sitt verksted
 i går.

 
Her ser de ei av dei;
Lampa har den nydelegaste grønfargen og form. Den passer i mine auger glimrande til skoddene. Så denne skal bli leselys over toseter'en der mannen 
oppheld seg. Den treng berre litt 
Love&Care først ;)

♥
Eg håper alle har ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)
Ps; husk Give Away, link øverst til høgre. Trekning på søndag ;)

søndag 10. oktober 2010

DIY; Sengegavl

For litt sidan fekk eg hjelp 
av min kjære å lage ein sengegavl til gjeste/hobbyrommet. 
Det er slett ikkje vanskeleg, og det kosta meg berre 99 kr.


Du treng ei treplate(Vi brukte deler av ei seng vi skal kaste), 
skumgummi eller liknande (tjukkelse vel du etter kor mjuk du vil ha den), stiftemaskin og stoff  (eg kjøpte eit blått laken på Ahlens til 99 kr ;)
Så er det berre å stifte i veg, og du har ein sengegavl!


Eg angrer litt på at vi ikkje brukte tjukkare skumgummi til gavlen. 
Men eg har tenkt å løyse det med å sy puter som skal henge på den.
Så prosjektet er ikkje 100% ferdig (ikkje er den skrudd opp på veggen heller ;)



Helga vår har vore kosleg og sosial. 
I dag har vi blant anna vore på middag med mine foreldre og eg har atter ein gong 
"snoka" i Pappa sitt verksted...


 ..Og ingen overaskelse (men til min kjæres "fortvilelse") vart det med meg 
nokre skatter (skrot, som min kjære seier ;) heim, så no er plutseleg oppussingslista 
mi meget lang igjen ;)


Men det er no sånnt eg elsker å drive med. 
Så eg skal nok overleve ;)
♥
Eg håper alle har ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)
(som synast det er grådig kjekt at så mange har tatt lodd i  min Give Away,
 link øverst til høgre. Pst; framleis lodd igjen ;)

fredag 8. oktober 2010

Fangsten :)

Eg tenkte eg skulle vise 
fram "fangsten" frå Bruktbutikken igår.
Ei flott ramme, 2 slike nattbord og ein del stoff vart med meg heim.
Det ser vel ut som skrot for nokon, men for meg er det skatter vi ser her..


..eller det skal hvertfall bli skatter ;)
Det kjem kanskje ikkje som nokon overraskelse at planen er klar for alle tinga?
Her skal det målast, sprayast, tapetserast, skifte knotter osv..


Eg ser alltid etter sengetøy og stoff med fint mønster, og denne gongen var utvalget bra. 
Og eg var rask å få med meg alt dei hadde ;)


Ramma blir flott med 
noko anna inne i og ny farge, trur eg :)



Som sagt er planane klare, 
eg må berre finne tid til det ;) Det er nokre som lurer 
på korleis eg har tid til alle prosjekta mine. No syns ikkje eg at eg er så 
veldig produktiv. Det er jo forholdsvis enkle prosjekt eg held på med. Og eg har ei supersnill jente som legg seg kl.19 kvar kveld, og med ein mann som arbeider 
skift. Så er der ledig tid til slikt. 
Eg rigger meg til med prosjekta 
framfor TV-en og 
koser meg ;)
♥
Denne helga er forresten mannen heime. 
Så no er det fredagskos og 
TV-kveld.

Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)
PS; bli med å kjemp om fine premier i min  Give Away. Link øverst til høgre ;)

torsdag 7. oktober 2010

Hus med skuffer frå Panduro ♥

For litt sidan bestilte eg diverse frå Panduro. 
Blant anna eit lite hus med skuffer i tre. No har det blitt fiksa på ;)

Før /etter:


Med kvitmåling og tapetprøver frå Inreda vart det litt søtt synast eg. 
Og det har fått plass på loppekommoden på 
Ariel sitt rom.


Nokre av smykkene Ariel fekk til dåpen og ei lita Maileg frøken
 har fått nytt "hus" ;)


Eg har festa tapeten med decoupagelim.
 Sidan knottane på skuffene var limt fast måtte eg trikse litt for å få tapeten på. 
Eg løyste det med å klippe stykket i to og klippe hol til knotten. 
Det vart ei lita stripe på midten. 
Jaja, øvelse gjer 
mester ;)


Det blir kjekt med slike småskuffer til ei lita jente. 
Her kan ho gøyme vekk skattane sine ;)


Tallerkenhylla var eg heldig 
å finne på eit loppemarked (i området her finns der 2 loppemarked pr år!)
Den vart sjølvsagt måla kvit og gamle barnebøker eg hadde som liten står klar :) 



I dag har eg vore på bruktbutikken ilag med ei veninne.
 Og utruleg nok vart det med nokre skattar heim ;) Eg tipper dei vil dukke opp 
i bloggen i nærmaste framtid.


Og jammen er ikkje det vesle oppussa bordet mitt i loppeinnlegget 
under her, med i det nyaste nummeret av BoligPluss. 
Utruleg moro å bli plukka ut!:)
♥
Eg håper alle har ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
PS; fortsatt lodd igjen i min Give Away. Premier frå Frk Doris og Fjordbua. Link øverst til venstre ;)
Related Posts with Thumbnails