torsdag 4. august 2011

Fleire loppefunn og andre funn ;)

Hylla på kjøkenet har fått påfyll. 
Det er litt moro at denne hylla var den einaste fargerike plassen til å begynne med i Fjordhuset. Men du kan seie at den har gitt meirsmak, og no er 
heile huset fyllt med fargeklattar ;)

På loppemarkedet forrige helg fann eg litt av kvart. 
Blant anna 2 store serveringsfat frå Figgjo med herleg dus gulfarge på kanten. 
Eg rett og slett digger Figgjo ;) Eg har lenge sett etter tapet til eit prosjekt i gangen
Og når eg fann ein med roser til 10 kr på loppisen. Ja, då var valget lett ;) Resultatet kjem så snart eg får fiksa det. Skåla med roser på kunne eg rett og slett ikkje gå forbi. 
Det var nesten som om det stod Bjørg skreve på den ;)


Den blå hekla grytekluten fann eg i Danmark. Det var kjærleik ved første blikk ;)
Når eg møter på GG i ein butikk blir det ofte med noko heim. Denne gongen
 vart det den søtaste skåla i blåtonar ;)


Eg har faktisk vore på bruktbutikken idag. 
Og der kjøpte eg ei kjempesjarmerande enkelseng. Denne skal eg vise seinare. 
Også vi som allereie har for mange senger. Men som eg sa til mannen; 
"Slapp av eg har ein plan" ;)


Det går framover med verandaen. Eg skulle egentleg vere med å bygge.
 Men eg vart raskt forvist til husvask. Jaja, like greit. Eg har jo litt verktøyskrekk ;) 
Gje meg heller ein målekost. Og difor får eg æren av å begynne å grunne lister 
utvendig på huset imorgon. Jippi?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. august 2011

Møt Sofus ;)

Kattepusen vår har endeleg fått namn etter ein del funderinger. 
I går slo det meg plutseleg at han er ein SofusEit kjempekosleg namn synast eg. 
Og det vil passe like godt til han heile livet, 
håper eg ;)


Tusen takk for alle dei gode namneforslaga eg fekk :)
Det virker som om Sofus trivast hos oss. Han er ein liten rakkar som er høgt og lavt. 
Men han er og snill og kosete. Han og Ariel er bestevenner. 
Yndlingsleiken er å ta ein tur med dukkevogna! ;)


Her er det verandabygging på gong. 
Men det tar nok litt tid før eg har noko å vise fram. 
Men vi er igong, og det er herleg!! :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 1. august 2011

Pidestall i ny farge+ loppisfunn :)

Besten var kjempeflink med hendene sine.
 Og for litt sidan kom eg på nokre pidestaller som han har laga. 
Denne stod stua vekk i kjelleren til foreldra mine. 
Og det kunne vi ikkje ha noko av ;)


I eit hjørne i TV-stova har det vore litt lite farge synast eg. 
Og eg ville prøve meg på ein litt mørkare grønfarge enn eg har brukt før. 
Målings-spannet var allereie innkjøpt, så eg måla pidestallen same 
kvelden eg fekk han i hus.


No fekk kroken den fargeklatten som trengtes. 
Og når eg fekk sjå ei stund på fargen så fallt den i smak og ;)



I helga var det loppis i bygda. Jippijey ;) 
Eg var litt seint ute, men eg fekk no brukt litt penger fordi. 
(Hei til Ingvild som eg endeleg fekk helst på ;)


Eg fekk blant anna med meg den vesle lysestaken og 
vasen på brettet. Blomstrete og søte. Akkurat slik eg liker det ;) 
Koppen og fatet fann eg på bruktbutikken i Slagelse. Resten av loppefunna frå
 helga kjem i seinare innlegg. Og eg er meget
 fornøgd må eg seie ;)

(jepp, eg veit. Peisen skal få seg ein vask ;)

Her i heimen nyt vi siste ferieveka. 
No virker det som om sommeren er komen og (på tide ;)
Og det er rett og slett herleg! :)

Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 29. juli 2011

Badet vårt!

Det er lenge sidan eg har vist noko særleg frå badet
Dette er fordi vi lenge har mangla foringer og vinduslister. 
Men no er det på stell ;) 


Ei hylle er komen opp på veggen bak badekaret, 
og vindaugene har fått nydeleg folie :)
Folien er bestilt her!


Eg er kjempeglad i badekaret vårt, 
men må ærleg innrømme at det ikkje er mor i huset som bruker det mest.
 Eg finn liksom ikkje tid til å synke ned i det. Men Ariel er storforbruker av badekaret!
Vi har sjølvsagt dusj og, men klarte ikkje ta fine bilder av nokre dusjvegger ;)


Det er nesten synd å skjule den nydelege utsikten med vindusfolie, 
men vi må jo skåne oss og naboane for blotting ;)


Om du trykker her kan de sjå korleis badet såg ut før, 
og kva vi har gjort i oppussinga :)

Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 28. juli 2011

Gammalt og nytt funne i Danmark

Litt bilder frå tallerkenhylla i Spisestova. 
Her er kome litt nytt og gammalt etter Danmarks- turen vår :)


Dei to vasane til høgre og fatet i midten fann eg på ein bruktbutikk i Slagelse. 
Eg liker spesielt godt det fatet. Eg handla ein del i denne bruktbutikken. Den søte dama
 som stod der bemerka at eg måtte jammen like rosemotiv. 
Ikkje så rart, alt eg kjøpte var rosete og lekkert!
Eg var faktisk i vanlige butikker og ;) 
Der fann eg den turkise 
klokka.


Her i heimen går det i rydding og organisering for tida. 
Eg er langt frå ferdig, men det er godt å vere i gong. På boda står det 3 svære øskjer som skal leverast på eit loppemarked her i bygda. Mannen sa tørrt; 
"Det du ikkje vil ha, vil vel ingen ha?"
Grovt oversett; det skrotnissen over alle skrotnisser (les: underskrivne) 
ikkje vil ha, slikt skrot vil no ingen ha!
Eg må berre le ;) Og faktisk er det 
mykje bra i desse kassane,
 så det så ;)


Eg håper du har ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 26. juli 2011

Fin- fine bruktfunn :)

Torsdagane er bruktbutikken i Stryn open, 
og i forrige veke gjorde, eg i mine auge, nokre flotte kupp der! :)
Eg får aldri nok av gamle stoler, og denne gongen fann eg og det 
herlegaste fatet og koppen frå Figgjo!


Fatet med rosemønster liker eg så godt, det fann eg imidlertid i Danmark på ferie. 
Stolen  eg fann i Stryn hadde den herlegaste duse turkise fargen eg kan tenke meg. 
I tillegg hadde den sjarmerande slitasje, noko eg digger for tida!
Fatet og koppen frå Figgjo hadde farger og form
 som fekk hjertet til å slå litt fortare! 
Eg er så fornøgd! ;)

Eg må berre få sagt kor stolt eg er av landet mitt om dagen! 
Vi har svart på grusomme hendingar med kjærleik og omtanke. 
Eg synast dette sitatet frå ei av dei overlevande etter Utøya er så rørande; 

"Om en mann kan vise så mye hat, 
tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen."

Ha ein fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 24. juli 2011

Reportasjen frå huset vårt!

Det følest egentleg heilt feil å legge ut eit interiørinnlegg desse dagane. 
Tankane går til dei som er ramma etter dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya. 
Eg har nærmast sete klistra til skjermen og følgt med, fellt tårer og vore heilt rysta.
Men eg velger likevel å legge ut reportasjen som var i 
lokalavisa vår for litt sidan. 
Sjølv om det følest 
litt feil.

Eg fekk telefon frå ein journalist frå Fjordingen mandag før ferien. 
Ho hadde fått eit tips om huset vårt og bloggen min. Før eg visste ordet av det hadde eg sagt ja til besøk 2 dager etter, og eg stod over vaskebøtta heile kvelden ;)

Reportasjen vart flott den, men følte vi fekk litt mykje ros. 
Eg rødma når eg las artikkelen eg fekk tilsendt på epost når vi ferierte i Danmark, 
men eg var jo pittelitt stolt og ;)



Nokre sitatfeil vart det her og der, men ellers må eg seie meg fornøgd ;) 
For eksempel står det at eg alltid har drøymt om å eige dette huset. Det stemmer ikkje! Hadde du spurt meg berre for nokre år tilbake hadde eg nok aldri trudd at eg
 skulle bu her no!;) Men eg angrer ikkje altså ;) 


Huset er heller langt frå ferdig oppussa, sjølv om det står at alle 4 etasjane er ferdige
(ååh, det hadde vore flott! ;) Og eg arbeider  80%, ikkje fullt slik
 det står i artikkelen :)

Du kan trykke på bildene for å få dei større. 
Tusen takk til Sara som har laga reportasjen. Og tusen takk til Kirsten og Anders som hjalp meg med å gjere om filene til bilder :) Eg synast det og er veldig kjekt med alle dei gode tilbakemeldingane eg har fått pga artikkelen.Tusen takk!:)

Håper du har ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. juli 2011

Ufatteleg!

Det vart mange timer framfor TVen igår!
Alle mine tankar går til dei berørte etter det tragiske som skjedde i Oslo og på Utøya.
Heilt ufatteleg at dette har skjedd i "vesle" Norge!

Klem frå Bjørg

torsdag 21. juli 2011

Florasider i Nymåla Rammer

Det svarte bordet i TV-stova trengte ei fornyingSå det vart til at eg stæsja
 litt her igår. Og når eg styrer på slik ender det 
ofte med at eg tar fram
 målekosten ;)


Eg kom over ein Flora med fine bilder då eg var i Danmark. 
Ei side frå den, og ei frå den gamle floraen eg hadde frå før er komen i rammer
Rammene har eg nyleg måla i typiske Fjordhus- farger ;)
Dei fekk eit "slurvete" målestrøk, slik at 
dei ser litt gamle ut. 


Med skjell og steiner plukka frå diverse syden- strender 
vart det ganske så sommarlegsynast eg :)
Bildet i den gule ramma er yndlingsbildet mitt
 av dei 2 beste eg veit om!


Ein nyskjerrig nykommer i Fjordhuset måtte 
sjekke ut kva eg dreiv med ;)


Eg lurer forsatt på korleis eg kan få lagt ut PDF filer på bloggen. 
Eg har fått reportasjen frå huset vårt på slike sider, og eg får ikkje til å legge dei ut. 
Det hadde vore supert om nokon kan hjelpe?


Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. juli 2011

Nytt Familiemedlem ♥

Vi har lenge hatt lyst på ein liten raud pus
Og når eg såg ei eg gjekk på skulen med hadde fått kattunger i hus, 
som ho ville gje vekk. 
Så slo vi til :)


I går flytta den heim til oss. Og for ein skjønn liten kar! 
Så kosete og fin, både liten og stor her i huset er litt forelska i den trur eg!
Ariel gjer den kos rett som det er;)

Vi har ikkje funne namn til den endå. Har du eit forslag? :
Tusen takk til Susanne som ville gje den til oss!



Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 19. juli 2011

Inga from Sweeden

Eg fekk sjølvsagt brukt penger i København. 
Og det på klogger frå Sverige ;) Eg har lenge hatt lyst på slike frå A.Nordin. 
Men når eg såg desse frå Inga from Sweeden var eg solgt ;) Kan jo vere at det søte mønsteret hadde pittelitt å gjere med saken ;)


Skoa er kjempegode å gå i. Og er allereie ein favoritt ;)
Du kan lese meir om kloggane her!


Den vesle vasen og veska er bruktfunn frå Slagelse, 
og den turkise prikkete boksen er frå
 Søstrene Grene


Eg ønsker deg ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 18. juli 2011

Det er dejlig å vere norsk i Danmark?

Ja, det er det! ;)
Vi har hatt ei herleg veke i Danmark. 
Eg, mannen og Ariel leigde ei svær hytte ved Stillinge Strand (nær Slagelse) ilag med min bror og mine foreldre. Hytta hadde alle fasiliteter og diger plen med mange leiker :) 
Det var også ei flott strand like i nærheten.
Ariel storkoste seg!


Og at vi var kun ein time frå København var jo også eit pluss;) 
Sjølv om turen dit var litt nedtur når det gjaldt shopping. Eg fann rett og slett ikkje alle
 desse herlighetane av interiørbutikker som eg har høyrt så mykje om! 
Det kan jo vere fordi vi kun gjekk i handlegata Strøget, 
og at vi prøvde å rekke over mest muleg på kort tid. 
Men Søstrene Grene fekk eg med meg, 
og det var ein butikk etter min smak!:)

Vi besøkte også ein dyrepark med mange flotte dyr. 
I parken kunne vi mate alle dyra (vi fekk med pose med mat når vi kjøpte billetter) Det var og muleg
 å gå inn til mange av dyra. Ein kjekk tur for 
liten og stor :)


Eg fann fine bruktbutikker som eg gjorde nokre gode kjøp i. 
Ein liten smakebit her, kjem meir seinare ;)
Sidan eg var i feriemodus har eg ikkje tatt så mange bilder. 
Dei fleste i dette innlegget er tatt av min kjære. Derfor har eg lite med
 interiørbilder å vise fram ;)

Tusen takk til Pappa som spanderte turen på oss! 
Vi har kosa oss mykje!:)

Ha ein super mandag!

Klem frå Bjørg :-)
(som framleis har 3 herlege ferieveker igjen! Jubel! ;)

PS; Veit du korleis ein legg ut pdf filer på bloggen? 
Eg har lyst å legge ut reportasjen frå huset vårt i lokalavisa;) 
Men eg får det rett og slett ikkje til..
Related Posts with Thumbnails