lørdag 12. mai 2012

Minner om...


...at det er trekning av Gåvekort frå Whiteaway.no i morgon kveld. 
Det er mange som har meldt seg på og det er kjekt! Om du ikkje har gjort det endå kan du legge igjen nokre ord her, og du er med i trekninga! (trykk på linken:)

Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så glad, så glad, så glad!!

Ha ein super laurdags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 11. mai 2012

God Helg! :)

Det er lenge sidan eg har vist bilder av Sofus-pusen vår. 
Han er snart året gammal no, og er blitt ein stor katt!:)
Ei anna ei som er blitt stor...

 ....det er meg!
Berre ca ein måned igjen til lisjesøster kjem no. 
Tida går så fort! Babykleda er vaska. Vogn og vogge står oppreidd. 
Vi mangler berre nokre innkjøp, så er vi spenn klar ;)

Mannen er starta på terassebygging, og skal fortsette med det i helga. 
Eg har allereie innreia den, i hovudet mitt ;) 
Gleder meg!

Ha ei flott helg alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 10. mai 2012

Dukkehus Før&Etter

Det er ikkje ofte ein kan skryte på seg å ha pussa opp eit heilt hus på ein dag! 
Men det har eg faktisk gjort ;) Eg har tapetsert, lagt golv, måla og møblert. Sjølv om huset riktignok er i mini-format så var det skikkeleg moro! ;)

Dette er eit gammalt Lundby- dukkehus som søstra mi hadde når ho var lita. 
Eg fekk det av ho før Ariel kom til verda, så dette er eit prosjekt eg har hatt på vent ei stund.
Og som de ser har det fått hard medfart og trengte litt Love&Care ;)

Dukkehus Før;

 Dukkehus Etter;

 Det eg brukte av utstyr;
Kvit måling
Måleband
Scrappeark frå Panduro
Kartong frå Bazzill
Skjærebrett
Limstift

 Først måla eg dei fleste kortveggane og badegolvet med kvitmåling. Når dette hadde tørka tok eg mål av dei veggane som skulle "tapetserast". Eg brukte måleband slik at det var enkelt å kome til. Så brukte eg skjærebrettet mitt slik at alt var beint og hadde rette mål. Scrappearka festa eg med limstift. Veggane vart romantiske med 
sommerfugler og roser. Til golv fann eg scrappepapir med 
tregolv-struktur, veldig fornøgd med det ;)
Desse arka vart også kutta etter 
mål og limt fast.

 Taket på huset(som ikkje er komt med på bildet ser eg)  er også nytt. 
Der har eg "lagt" grå kartong frå Bazzill.

 Dukkehusa frå Lundby er jo fortsatt i salg, som de sikkert veit. 
Og det finns stort utvalg i møbler og stæsj. Eg har samla litt dei siste åra (og meir skal vi ha ;)
Så det meste av møbler i huset er frå Lundby, men dei 2 sofaborda, den kvite sofaen og det kvite skapet fann eg ifjor sommar i ein hobbybutikk i Danmark. 
Eg husker dessverre ikkje kva merket 
eller butikken heiter.

Til slutt det viktigaste av alt;
Huseigaren vart meget fornøgd då ho kom heim frå 
Barnehagen og huset stod ferdig til leik :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 8. mai 2012

Industrilampe

Eg er stadig vekk på skattejakt i Pappa sitt verksted, kjeller og loft ;) 
Ein dag eg var å "luska" i verkstedet hans fann eg
 denne supertøffe industrilampa!

 Pappa skjønnte ikkje kva eg skulle med den. Men det visste eg! ;) 
No er den bytta ut med lysekrona vi hadde i TV-stova.
Og både eg og mannen er superfornøgde!

Eg synast det er så fint med litt røffe kontraster
 til den ellers så søte stilen her i heimen.

 Lampa ber preg av hard bruk. Den har bulker og målingsflekker. 
Men den har berre fått seg ein god vask, ellers skal den vere akkurat slik den er :)
Den er skikkeleg sjarmerande, spør du meg!

I dag har eg pussa opp eit heilt (dukke)hus ;) 
Eg har tapetsert, lagt tregolv og måla. Resultatet kjem på eit innlegg seinare i veka.
Det var så moro!!:)

Husk å melde deg på Give Awayen min i innlegget under her. 
Det er berre å legge igjen nokre ord, så er du med i trekninga om
 eit gåvekort frå Whiteaway.no.

Ha ein flott tysdag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 7. mai 2012

Vil du vinne Gåvekort? :)

Eg har blitt kontakta av ein representant frå www.whiteaway.no
der eg er blitt spurt om eg vil lodde ut eit gåvekort på kr.500,- på eit 
valgfritt produkt blant deira kvitevarer på nett. Og det vil eg sjølvsagt ;) 
Det er jo kjempestas at ein av de som er innom
her kan få sjansen til dette :)

Whiteaway tilbyr billege kvitevarer frå kjente merker som for eks AEG, Bosch,
 Siemens, Philips og Electrolux. Dei har også gratis frakt på gateplan
 og ubegrensa returrett.



Ta ein titt på nettbutikken her om du vil. 
Eg trur ingen får problem med å finne noko å bruke kr 500,- på ;)

Vil du ha eit lodd kan du kommentere under dette innlegget. 
De som ikkje har blogg kan kommentere som anonym, men husk å legge igjen epost-adresse slik at eg får tak i deg om du skulle vere den heldige ;) Om du har lyst å linke
 er det supert, men det er ingen krav! I tilfelle kan 
du bruke det øverste bildet :)

Trekning søndag 13.mai. (avsluttet)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. mai 2012

Butterflies..

Eg hadde nokre sommerfugler som var for søte til berre å ligge i ei skuff. 
Så eg supplerte med sommerfugldekor frå Nille og festa alle til veggen med Tack It
Og vips så har Ariel ein liten sommerfugl sverm på rommet sitt.
Og ho har overraskande nok ikkje pirka dei ned endå ;)

 Tack It er genialt
Det fester seg godt til veggen, og du kan fjerne det når du blir lei uten at det setter merker. Nok ein oppdagelse som kom litt tregt her i Fjordhuset ;)

 Speila som heng på Ariel sitt rom
 er begge loppefunn som har fått ny farge :)

Tusen takk for responsen på forrige innlegg. 
Eg er heilt enig i at det er opp til kvar enkelt korleis innhaldet på deira blogg er. 
Eg har tatt mitt valg, men følte for å forklare kvifor :)

Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 4. mai 2012

Personleg?

Bloggen min Huset ved Fjorden er min fristad i kvardagen. 
Den er meint for å glede og inspirere andre som også er glade i interiør. Og eg håper eg lykkast pittelitt med det. Bloggens innhald er derfor om berre ein liten del av livet mitt. Denne veka har vore trist, og difor har eg blogga lite. Det er mykje som skjer i livet som blir for personleg å ta med, derfor dropper eg det og konsentrerer meg om glad- innlegg
 om interiør og kreative påfunn. Sjølv om tankane mine ofte er andre stader også. 
Dette er eit valg eg har tatt som er riktig for meg, eg respekterer og liker 
godt bloggerar som velger å vere meir på det personlege plan. 
Her hos meg er det likevel små utvalde glimt frå kvardagen, 
så eg håper de føler at de "kjenner" 
meg litt likevel ;)

Det er mange som kommenterer at eg alltid har det så ryddig heime hos oss. 
Men dette kan eg avkrefte med det same ;) Eg tar aldri bilder av rotet vårt, difor ser det ryddig ut ;) Meininga er jo å inspirere innen interiør, og det synast eg rot sjeldan lykkast med. Du skal kanskje berre 10 cm utanfor rekkevidda til kameralinsa før det blir 
veldig avslørande ;) Eg trivst absolutt best med å ha det ryddig, 
og prøver på det. Men med eit stort hus med 
2 etasjer er dette krevande :)

Kor personleg meiner du at ein interiørblogg skal vere?

Tusen takk for fine tilbakemeldingar på bidraget mitt til NIB 
si utfordring denne månaden.
 Det varmer :)

Eg ønsker deg ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 3. mai 2012

NIB utfordring- Nytt møter gammalt

I mai har NIB utfordringa "Nytt møter gammalt". 
Og her i huset var faktisk utfordringa å finne noko nytt å vise fram ;) 
Gamle saker er her visst overflod av. 
Men vi prøver likevel :)

Gammalt;
Favorittkrakken min som er slitt og sjarmerande, funne på Loppis.
Fin- fin  koffert funne i foreldra mine sin kjeller.
Søt vintage- tapet funne på Loppis.

Nytt;
Vase frå Kremerhuset.
Kopp frå Green Gate.
Puter og rose frå Coop Extra.

 Gammalt;
Krakk med ny "trendy" grønfarge.
Gamle sengetrekk som er blitt puter.
Bord vi hadde heime når eg var lita,
Kikkert etter mannens Bestefar.
Skodder redda frå eit Jonsokbål ,som er måla grøne.


Nytt;
Ektorp sofa
Telysholder frå Nille

Gammalt;
Sjøkart etter mannens Bestefar
Vinballong frå Loppis
Flasker frå Loppis
Skap vi har fått av snill dame som eg har måla turkis
Puter av gamle sengetøy
Skodderredda frå eit Jonsokbål, deretter måla grøne

Nytt;
Pledd frå Jotex
Puter frå HM Home (dei blå)
Ektorp stol og sofa
Skål frå Tine K
Gammalt;
Skap funne på Jonsokbål, som har fått ny roseknott.
Gammal krakk i ny trendy grønfarge.

Nytt;
Puter frå HM Home
Teppe frå Ellos
Skåler frå Tine K
Mugge frå IB Laursen
Trendy sommerfuglbilder i gamle rammer

Om du vil bli inspirert, sjå fleire bidrag her!

Ha ein fin torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 26. april 2012

Bildevegg i gangen

Eg har laga ein bildevegg i gangen i første etasje. 
Her kom nokre av rammene etter loppe-og bruktbutikk rundane mine til nytte :) 
Alle rammene hadde opprinneleg forskjellige farger. Derfor målte eg
 alle svarte for å få eit litt strammare uttrykk mot
 Ikea- kommoden som fekk romantisk
 tapet for ei tid tilbake.

 Bildene er skreve ut på fotopapir og funne hos min venn Google ;) 
Augestikkeren og sommerfuglbildene er velkjente motiv i Bloggland. No har eg mine eigne omtrent gratis til eg får råd til orginalane. Titanic- bildene og det store som
 er frå 2.verdenskrig er til ære for
 mannens interesser :)

Ny bildevegg ved å bruke det eg allereie har og nesten gratis,
det kan eg like. Kva synast du?

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; eg har fått ein del spørmål om kor pleddet som heng over stolen er kjøpt. 
Det kjøpte eg hos Jotex for ei stund sidan. Eg trur ikkje det er i salg lenger dessverre :(

onsdag 25. april 2012

Gammalt sjøkart på veggen

Eit gammalt sjøkart mannen har fått etter Bestefaren sin,
 er komen på veggen over det turkise skapet.
Før hadde vi det oppe i gangen, no har
 det fått hedersplassen i TV stova.

 Ramma fekk eg av same dame som eg fekk skapet av. 
Den var egentleg gullfarga, men etter 2 strøk måling er den no svart :)
Eg har som sagt før veldig sansen for svarte 
kontraster i interiøret.

 Ramma er uten glas, så den er berre festa til veggen og kartet er 
spikra rett på veggen i midten. Eg synast det
 gav ein fin effekt :)

 Det kjem dårleg fram på bildet, men vi har lagt ei lyslenke ned i vinballongen. 
No fungerer den som ei skikkeleg stemningsskapande
 lampe på kveldane. 

 Eg er kjempefornøgd med den "nye" TV-stova vår. 
Og det beste er at mannen også er fornøgd. Spesielt likte han å få kartet på veggen, sidan han er over langt over snittet interressert i sjøfart.

Fin onsdag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 24. april 2012

Eg ♥ markblomster

Ein av dei tinga eg digger med våren,
 er desse søte små blomane som stikk hovudet sitt opp av jorda.
Og når ein har plukka inn ein liten bukett. 
Ja, då er det vår!

 Buketten av kvitveis og smørblomst
 har eg plassert i ein mintfarga telysholder frå Nille.

I dag er det heilt stille i huset. 
Ariel er i barnehagen og mannen søv etter nattevakt. 
Eg har tusen ting å ta meg til, men eg velger å kose meg litt til før eg starter. På strikkepinnane har eg ein kjøkkenklut i turkis og eg har nettopp fått boka "Homespun Style" av Selina Lake i hus. Og her snakker vi flott inspirasjon! Eg er heilt betatt.
 Ekstra moro er at det er med fleire bilder frå heimane 
til hvertfall 3 norske bloggerar. 
Eg har bestilt den her 
hos Capris. 

 Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så utruleg glad for kvar einaste eit. Og hjarteleg velkomen
 til nye følgerar. Eg håper de vil trivast 
her hos meg :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. april 2012

Retroputer

Eg har alltid vore glad i fargerik retrostil, noko som ikkje alltid syner i huset vårt. 
Men no i vår/sommar skal den få utløp i stova vår, har eg tenkt. For litt sidan kjøpte eg nokre retrostoff av Kaspara i bloggbutikken hennar En dose Retro
Det anbefalast å følge med her, for det leggast stadig ut godbitar
 til ein billeg penge og med god service :)

 Stoffbitane er frå gamle retrodynetrekk og vintagestoff, og dei er mjuke og gode. 
Og derfor perfekte å sy puter av. No har fire av stoffbitane eg kjøpte blitt
 til fargeglade puter i sofaen. Og fleire er på veg ein
 gong lysta er der :)

 Det har vore nydeleg ver her idag. 
Eg og Ariel har plukka inn den første buketten med markblomster. 
Det er vår det! :)

 Dei to putene til venstre har eg sydd for ei stund tilbake. 
Desse er sydd av retrostoff som eg sjølv har funne på bruktbutikken.

 Tusen takk for alle kommentarer i innlegget under. 
Det var overraskande mange som likte det turkise innfallet mitt, og det er stas det :) 
No er innlegget oppdatert med fargekoden
viss du er interressert i den :)


Ha ein fantastisk søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. april 2012

Crazy?

Her har det skjedd litt impulsive saker og ting i det siste. 
Det begynte med at eg forelska meg i ein turkisfarge frå ein svensk heim i siste Boligpluss. 
Så fekk eg høyre om eit gammalt skap med utskjæringer som ei kjempesnill dame
 ville bli kvitt. Og plutseleg (etter masse jobb ;) så hadde vi ei ommøblert 
TV -stove med "nytt" turkist skap.

Skap før;
 Som regel pleier eg å køyre trygt med kvitt eller svart på store møbler, 
og heller leike med farger på små. Men no kunne eg ikkje få denne turkisfargen ut av hovudet, og bestemte meg for å ta sjansen og vere litt "crazy" ;)

Skapet etter;

Ramma som står opp på fekk vi og av same dama. 
Denne har eg måla svart, og skal snart opp på veggen med eit gammalt sjøkart inn i :)
Noko som er veldig moro er at ho som gav oss dette kunne fortelle at skapet har stått i huset vårt før. For som lita jente budde ho og familien i dette huset.
 Som ho sa; "skapet er på ein måte komen heim." 
Eg for min del håper berre at det liker
 si nye drakt ;)

 Kva synast du om mitt "nye" turkise skap?

Fleire bilder kjem når eg har fått ordna ferdig. 
Det blir mange nye idear som dukkar opp når ein held på å fikser og styrer :)


Oppdatert; Det er mange som har lurt på fargekoden til det turkise skapet. 
Eg har brukt Green Room interiør 40 glans 
Fargekode S0530-B50G

Ha ein fin- fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 18. april 2012

Strikke vrangt..

Handarbeidkunnskapane mine får stadig små påfyll. 
No har eg lært meg å strikke vrangt av min gode venn Google ;) 
Og for å øve meg har eg strikka ein kjøkenklut
 i søte bomullsgarnfarger.

 Eg strikka ein omgang med rette
deretter ein omgang med annakvar rett og vrang
Også fortsatte eg slik. Til slutt laga eg heklekant rundt og ei løkke til oppheng.

 Og det beste av alt er at kluten faktisk er kjempegod i bruk! 
Den er til og med godkjent av mannen. Så her blir det nok strikka fleire :)

Denne kvelden skal tilbringast godt planta på sofaen
Eg har gløymt å slappe av dei siste dagane, og det har eg fått merke idag. 

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails