søndag 29. november 2015

Pakke inn julegåver

Tenk at det er første søndag i advent allereie!
Det er så mykje som burde gjerast. Men når det meste er koslege aktiviteter, 
så går det fint. Julegåveinnpakkinga går i alle fall mykje bedre med fine 
produkt frå nettbutikken Heidishoff.no.

 Å pynte pakker i gråpapir med glitrande klistermerker, 
til-frå-lapper og kort set prikken over i'en :)

 Eg takker alltid nei til å få gåva pakka inn på butikken. 
Å pakke inn sjølv gjer meg julestemning, og det er fint å få eit personleg preg på gåva :)

 Julegåvetips til den som har alt? Dekorative bagasjelapper? ;)

Eg håper du har ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

/produkt i innlegget er sponsa av heidishoff.no

mandag 23. november 2015

DIY: Lightbox

Lightboxer er veldig populært for tida, eg ser dei overalt i bilder av interiør. 
Det er typisk meg og kjenne på at: Sånn må eg ha! Men eg pleier også å tenke: 
Kan eg lage ein slik sjølv? Og ja, det kunne eg! :)
Sidan eg jobber blant anna med nettbutikken bilderammer.no var det
 ganske naturleg at ideen om å lage lightbox av nokre av våre fine 
rammer såg dagens lys ;)
Til lightboxen trengte eg rammer som er ganske djupe. 
Derfor valde eg 2 stk av ramma Janne Galleri. Eg laga ein tekst i word og skreiv ut på vanleg kopipapir. Dette la eg ned mot glaset i ramma og festa det med klipsa. 
Bakstykket fjerna eg. På den andre ramma, baksida på lightboxen 
sette eg inn eit svart ark. Så fyllte eg rommet med ei lyslenke med 
LED og lot ledningen henge ut. 

Til slutt festa eg rammene saman med dobbelsidig teip. Dette er for å ha 
muligheten til å skifte ut teksten seinare. Dette vart ein kjempenkel
 og ikkje minst dekorativ gjer-det-sjølv ;) Det er kosleg med
 litt ekstra lys no i mørketida!

Ha ein nydeleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 17. november 2015

Klesvasken går som ein leik

Etter at vaskerommet vårt vart ferdig har klesvasken gått som ein leik. 
Det er så godt å sleppe å gå i den mørke kjelleren vår for å vaske kle, 
og ikkje trenge å bruke gangen oppe til å tørke kle!

Bak denne veggen skjuler det seg tørkesnorer 
(som ikkje egner seg på bloggebilder ;)

Det hjelp også veldig på humøret 
når ein har fine farger rundt seg, mens ein gjer jobben ;)

Håper du har ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. november 2015

Endeleg tulipaner!



Endeleg får eg tak i crispy tulipaner på butikken igjen! 
Ein av mine absolutte favoritt-blomster!

Ein tulipanbukett er små gleder som virker veldig ubetydelege etter helgas hendelser. 
La oss alle være gode mot kvarandre. Det er nøkkelen til ei betre verd!

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. november 2015

Full oversikt!

Kleskapet mitt var stappfullt, men eg brukte aldri noko av det som var inne i det. 
Rett og slett fordi eg ikkje hadde oversikt i det lille, mørke skapet. Løysinga var å henge opp stenger frå IKEA rett på veggen. Det er kun ein liten del som kan visast fram her! 
At eg må kjøpe meg kle i andre farger enn svart kom tydeleg fram no ;) 
Men det er i allefall fint å ha total oversikt over garderoben!

Bakdelen er at eg aldri kan klage til mannen meir, 
over at eg ikkje har noko å ha på meg ;)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 24. oktober 2015

Gammal skulepult!

Eldste dottera vår Ariel er blitt skulejenta, og då høyrer det med å få leksepult på rommet sitt. Sjølv om eg tviler på at den blir brukt til lekser med det første. Leksa blir gjort i stova ;) Men det er jo kjekt å ha ein plass å teikne på rommet sitt. Ariel er hvertfall veldig fornøgd!
Pulten er gammal og frå ein skule. 
Vi var så heldige å få den frå ei snill dame, tusen takk :)
Eg har vurdert å måle den, men kjem egentleg fram til at eg liker den slik den er. Med fine spor etter at mange elevar har mottatt kunnskap på den :)



Eg håper du har ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. oktober 2015

Snart Halloween!

Eg liker Halloween! Litt moro på ein trist og mørk haustkveld er gull, synast eg. 
Her feirer vi med noko pynt og kler oss ut. Ein grei regel er å gå til dei husa der vi 
veit vi er velkomne, og dei står klar med godteri. Slik "prakker" vi ikkje på nokon
 denne nye tradisjonen uten at dei vil det sjølve ;)
Som de ser, vi gler oss villt ;)

Eg og jentene har allereie funne fram litt pynt. 
Og graskaret er klart til å få skummelt fjes ;)

Feirer du Halloween?

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. oktober 2015

Muffins med epler frå hagen

Onsdager er ein fin dag! Eg og Ariel har fri frå jobb og skule. 
I dag ville Hermine vere med oss og, så ho fekk ein fridag frå barnehagen. 
Det er heilt supert med litt "helg" midt i veka! 

Vi hadde ei gryte full av epler frå 
treet i hagen. Då var saken enkel. Det måtte bli eplemuffins ;)

Det er kosleg å ha gode hjelperar på kjøkenet. 
Også blir det ekstra stas for jentene å ete muffinsane etterpå ;)

Muffinsane er på mystisk vis snart vekk! 
Dei var veldig gode og oppskrifta fann eg her!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. oktober 2015

Barneseng med gode minner

Hermine er over 3 år, så det var på høg tid å bytte ut sprinkelsenga. 
No er den fine barnesenga Pappaen sov i som liten på plass :) Senga har vore 
i hans familie lenge, og det er Besta hans som har rosemåla den. 
Hermine fann seg fort til rette og var særs fornøgd med 
ei litt større seng ;)
Eit innebygd skap har blitt kosekrok med oppbevaring under. 
I taket er det laga stjernehimmel av LED-lys (som ikkje syner å bildet ;)
 Hermine er fortsatt superfornøgd med leikekjøkenet 
sitt frå Jollyroom som du finn her! Ho elsker å styre og stelle her. 
Det er så kjekt å sjå på :)
Eg håper du får ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

/sponset innhold

torsdag 8. oktober 2015

Styggfin tapet

Eg liker forandringer i interiøret! 
Skapet i stova pleier å ha tapet i glasrutene for å endre utrykk
 og gjere det gladare, men mest for å skjule rotet ;) Den har allereie skifta tapet nokre gonger. Eg hadde liggande ein retrotapet eg kjøpte på facebook for litt sidan. 
Ein sånn styggfin tapet som kan funke eller bli heilt feil. Eg har 
ikkje heilt bestemt meg endå, men eg trur den får bli 
sidan den har den sennepsgule fargen i seg som 
eg liker så godt.
Tapeten er festa på innsida med brei tape, 
slik at den er enkel å fjerne viss behovet for forandring kjem over 
meg atter ein gong ;)
I dag har eg vore heime med ei febersjuk Ariel som trengte Mammaen sin. 
Det blir fort kjedeleg å vere sjuk, men det blir også mykje kos!
Vi satser på at dagen i morgon blir betre :)
Eg ønsker deg ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 2. oktober 2015

Fine hyller ;)

Fleire hyller er på plass i stova. 
Hyllene er kjøpt hos Biltema og måla i fargen Hammershöi. 
Tanken er at vi skal få orden i jentene sine hobbysaker og diverse kontorting
 som har ein tendens til å skape kaos.
Så får vi sjå kor lenge hyllene held seg ryddige ;)
God helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 30. september 2015

Sweet as Candy

Når eg innreier jenteromma så gjeld det å mimre tilbake til barndommen
 og tenke: kva var det eg likte då. Ein må også sjølvsagt sette seg inn i kva eigaren av rommet liker. Hermine på 3 år er veldig glad i rosa. Difor har rommet hennar blitt rosa og sukkersøtt. Ho er ei skikkeleg jente-jente. Og då må det kjøkenkrok til på jenterommet. Vi fekk ein henvendelse frå Jollyroom om vi ville teste ut eit produkt frå dei. 
Det vart eit vanskeleg valg for dei har utruleg mykje fint! 
Men vi landa på dette supersøte leikekjøkenet. 
Sjølvsagt i rosa ;)

Hermine elsker det nye kjøkenet og leiker masse med det!
Her blir det kokkelert både i steikeovn, på komfyren og i mikroen. Eg får smake den bestaste tomatsuppa du kan tenke deg. Etterpå blir til og med oppvasken tatt! ;)
Du finn leikekjøkenet her hos Jollyroom.no :)
Ha ein sukkersøt dag!

Klem frå Bjørg :-)

/sponset innhold

torsdag 24. september 2015

DIY: Vasestøvel ;)

Støvler er noko eg forbinder med hausten. 
Derfor har eg laga meg hauststemning inne ved å spraylakkere 
ein avlagt støvel, plassere eit lite glas i den med vatn og 
vips vart det ein "litt spesiell" vase til rosene ;)
Ha ein herleg haustkveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. september 2015

Ryddig barnerom, så lenge det varte!

Ryddige barnerom er sjelden vare her i huset. 
Eg tenker på det som eit sunnhets teikn. Hadde det alltid vore 
strøkent der, så hadde det igrunn vore litt trist! Men den halvtimen det
 var ryddig sist gong eg tok ein sjau på Ariel sitt rom, 
så måtte det forevigast ;)
På Ariel sitt rom er det meste gjenbruk. 
Grønmåla hylle som min Besten har snekra. Ikea stoler og bord har 
fått ei oppdatering og teppet på golvet har eg hekla av 
gammalt sengetøy rive i remser.
Vogga hadde eg når eg var lita. 
No er det jentene våre som legg dukkene sine i den.
Treet på veggen har eg laga sjølv ved hjelp av måling og tapet-restar.
Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. september 2015

Kaktus

Eg har friska opp heime med fleire planter i det siste. 
Det gjer seg med meir grønt i heimen. Det er først og fremst kaktus eg har satsa på. 
Eg høyrer at det ikkje dør så lett. Og det passer meg som ikkje kan
 skryte på meg grøne fingrar ;)
Eg liker kontrasten ved å 
putte ein piggete kaktus i ein mjuk bestemorkopp!
Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 14. september 2015

Homemade Granola ♥

Frokost er dagens viktigaste måltid seiast det. Eg er enig i det! 
For meg er det viktig å ete ein god frokost, ellers kan eg rett og slett bli litt gretten ;) 
Etter at eg testa ut heimelaga granola var det ingen veg tilbake! Det er så fantastisk godt! Berre synd det blir ete opp med ein gong. Her må det nemleg 
lagast meir, atter ein gong ;)
Granola blanda med 
gresk yoghurt og blåbær er spesielt godt!
Oppskrifta fann eg i den første kokeboka til Trines Mat. 
Du finn den på nett her!

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 11. september 2015

Glad fornyelse!

Kontorplassen i stova vår har lenge vore veldig malplassert. 
Dette har irritert meg ei stund, og eg har lenge lagt planer for ny løysing. 
Det er så herleg når planane endeleg blir realisert. 
Litt vart slik som først tenkt, og noko 
vart til etterkvart ;)
 Den gulprikkete tapeten frå Ellos, var egentleg tiltenkt noko heilt anna. 
Men eg er glad for at den enda opp her i datakroken. 
For no kan eg sjå den heile tida, og den gjer 
meg igrunn veldig glad! :)
 Teak-pulten fann eg på ei kjøp/salg side på Facebook. 
Nyforelska som eg er i teak, så ropte den til meg gjennom skjermen og sa: 
Eg blir heilt perfekt! Og eg var sjølvsagt enig ;)
 

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails