tirsdag 24. juli 2012

Hekla Golvmatte

Det er kjekt å ha noko handarbeid å styre med i ledige stunder. 
Eg har dreve å hekla ei golvmatte av stoffremser.
Og no er den ferdig :)

 Eg har brukt heklekrok nr 8 og stoffremsene er ca 1 cm. Stoffet er frå sengesett
 som ikkje er i bruk lenger. Eg har hekla fastmasker og auka gradvis. 
For ei meir grundig oppskrift kan du trykke her!

Golvmatta skal inn på Ariel sitt rom. 
Eg skal knipse nokre bilder seinare når den er på plass.
Ariel synast den var fin og har allereie tatt den i bruk til turning ;)

I dag er sommaren på plass igjen her i bygda. 
Og eg har lufta sandalane mine :) 
I like it!!!;)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. juli 2012

Eg har lyst å..

...sprade rundt i desse sandalane, ete is og nyte sola!
 Men realiteten er denne; Tjukkesokker og innever!
Er hausten komen til deg og?

Klem frå Bjørg ;-)

lørdag 21. juli 2012

A Cup of Candlelight

Eg har ein forkjælighet for kopper
Og då gjerne gamle porselen- kopper funne på loppis eller på Bruktbutikken.
 Men desse er ofte så små at der berre er plass til nokre munnfuller kaffi,
 og dei blir sjelden brukt her hos oss.

Då eg kom over eit bilde i denne fantastiske bloggen. 
Fann eg eit nytt bruksområde for desse koppane :)

Eg støypte rett og slett stearinlys opp i koppane.  
Dekorativt og fint synast eg. Og veldig bra at desse fin- fine koppane kjem ut av skapet.
 Men det beste er at no har eg ei unnskyldning til å kjøpe fleire ;)

Framgongsmåten min for å støype lys finn du her
Denne gongen har eg brukt rosa lys som eg støypte om. Eg brukte også veiken
 frå desse lysa om igjen :)

Eg håper du har ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 17. juli 2012

Gjenbruk

Gjenbruk er noko eg set stor pris på. Kva er vel bedre enn å gje noko "nytt liv"? ;)
Eg tipper at hermetikkbokser er noko som finns i einkvar heim. 
Det er sikkert ikkje nokon nyhet, men med nokre
 målingsstrøk blir faktisk hermetikkboksane
 ganske lekre :)




 Før inneholdt hermetikkboksane bønner. 
No er dei pastellfarga vaser. 
Me like ;)

Ha ein superduper tysdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. juli 2012

Trekning :)

Det er søndag, det er den 15.juli og tid for trekning :)
 Tusen takk til alle 71 som deltok! Eg har som vanleg trekt ut med random
Og eg fekk ikkje til (denne gongen heller..) å få med skjermbilde av trekninga, 
så eg må berre be om at de stoler på meg :)

Vinnaren av denne plakaten var:
 Lodd nr 50

Gratulerer til


Vinnaren av den andre plakaten var;
Lodd Nr. 3

Gratulerer til 

Send meg adresse til husetvedfjorden@hotmail.com
 så kjem plakatane snart susande
 med posten ;)


Ta gjerne turen innom nettbutikken til Retroliv.
Dei har masse fint som er absolutt verdt ein titt. Trykk her så er du der ;) 
Tusen takk til Retroliv for sponsing av desse fine plakatane :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 14. juli 2012

Det nærmar seg..

...trekning av denne Give Awayen;

Har du meldt deg på?
Viss du har lyst å vinne desse knalltøffe plakatane frå Retroliv,
 er det berre å legge igjen nokre ord på denne linken!
Trekninga skjer iløpet av morgondagen ;)

Fin laurdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 12. juli 2012

Soverommet vårt..

..har fått nokre forandringer i det siste. 
Dette sengesettet frå Princess (kjøpt for lenge sidan) oser av sommar, synast eg.
Så då kan vi jo ha sommar her, når den svikter utandørs.

Hermine har sjølvsagt flytta inn på soverommet vårt. 
Ho søv i vogga som Oldebesten hennar snekra då han levde. Han laga 
slike vogger til alle oss barnebarna, noko som vil glede i 
fleire generasjoner framover :)

For fotoshooten si skuld har rotet som opprinneleg har sin plass på nattbordet
 blitt bytta ut med ein sjølvlaga vase med Gerbera i ;) 
Eit syltetøyglas, ein stoffrest og litt lim 
= søt vase!

Sengeteppet som ligg på senga har eg etter Oldemora mi, ho har hekla det sjølv. 
Det er heilt nydeleg og eg er kjempeglad i det!


Lappeteppet som heng over vogga er eit av mine første strikkeprosjekt. 
Eg strikka det mens eg gjekk gravid, og før eg var heilt sikker på om vi venta gut eller jente. Så det var flaks at eg ikkje bomma med rosafargen ;)

Lysekrona vår har fått små loppis- skjermer på seg. 
Kjekt med forandring, samtidig som lyset blir mykje meir behageleg med skjermer på :)

Tusen takk til alle som tar seg tid å legge igjen nokre ord her hos meg! 
Eg set utruleg stor pris på det, og har veldig dårleg samvittighet for at eg er så dårleg å legge igjen spor etter meg for tida. Tida strekk ganske enkelt ikkje til alltid...
Men eg er stadig innom og suger til meg all den 
flotte inspirasjonen de gjer :) 

Det er fortsatt gode muligheter å vinne knalltøffe Retroplakater
 sponsa av RetrolivAlt du treng å gjere er å legge igjen nokre
 ord på linken øverst til høgre :)

Ha ein flott torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. juli 2012

Sommersol i vinduskarmen

To blomsterpotter har fått nokre målingsstrøk 
med gulfargen Sommersol

 I selskap med nokre søte blomstertallerkenar og Dronning Ingrid 
vart pottene riktig så sommarlege i vinduskarmen :)

Heile stova vart så sommarleg og lett,
 etter at vi tok ut det grå teppet som låg under bordet.

På sofaen kan du skimte verdens søtaste og snillaste Hermine :) 
På torsdag er ho allereie 3 veker gammal.
Tida går så fort!

Dagane hennar går stort sett i soving og eting
Når ho av og til er våken gjeld det å kose mest muleg med ho ;) Det er nesten slik at eg begynner å sakne ho når ho søv heile tida. Men dette er nok eit
 luksusproblem, ifølge mange andre ;)

 Og eg må innrømme at det er jo litt godt å få drive med "eigne" ting
 når Hermine søv og storesøster Ariel er i barnehagen.

For det er aldri mangel på ting å gjere her i Fjordhuset.
 Kjede meg har eg ikkje gjort på mange år ;)

Ha ein fin- fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 9. juli 2012

Eg ♥ puter

Det er neppe nokon hemmelighet at eg er laaangt over snittet glad i puter.
 Så det kjem vel ikkje som nokon bombe at litt av sengetøyet eg viste i forrige innlegg,
 no pryder sofaen i puteform ;)

Putene er sydd i ein fei. 
Bakstykket er av kvit flanell og eg har laga lommeopning. 
Veldig fine stoff synast eg. Det rosa vart fort ein favoritt ;) Det er ekstra kosleg at besteforeldrene mine har brukt sengetrekka :)
Gode minner!

Teppet vi har hatt under sofabordet er "pælma" ut. 
Og det var slett ikkje dumt. Stova vart så mykje lettare og finare. Det passer 
til lysare tider, så får vi sjå om teppet får kome inn 
i varmen igjen til hausten ;)



 Eg er så smått begynt å bli ferdig med å pusse opp
 ei sittegruppe vi skal ha på terassen. Og her må vi jo sjølvsagt også ha puter. 
Så då sydde eg 5 stk i blåfarger til den :)

Fin- fin mandagskveld til deg som titter innom!
Husk Give Awayen som du finn 
øverst til høgre ;)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 7. juli 2012

Lucky me!

Sjå kva Mamma hadde med til meg! 
Gamle retrosengetrekk i "mine" farger. Eg liker! ;)

Viss eg finne tid skal det snart syast! 
Imens berre koser eg meg med synet av fargane og mønstera ;)

Ha ein flott laurdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 6. juli 2012

Bilder frå Gangen

Vi er så heldige å ha romslege ganger i huset vårt. 
Idag kjem eit lite bilderas frå gangen nede. Dette er det første rommet 
ein kjem inn i når ein besøker Fjordhuset.
Velkomen inn ;)

 Skapet til høgre er redda frå eit jonsokbål. 
Det har fått ny plate på toppen og ny knott. Kommoden er frå Ikea og har fått tapet. Rommet bak døra du ser på bildet skal etterkvart bli gjestetoalett og vaskerom. 
Trappa går opp til andre etasje som inneheld 
bad og 4 soverom.

 Teppet på golvet er av plast og kjøpt hos Ellos
Veldig praktisk å ha i eit inngangsparti. Det er berre å vaske over det
 når det blir flekkete ;)

 Rett fram går døra inn til TV- stova
Til høgre før skapet (viser ikkje på bildet) går det ei dør ned til kjelleren.

 Til venstre etter at du kjem inn inngangsdøra finn du kjøkenet vårt. 
Dette bildet er tatt frå trappa :)

 Om nokon skulle lure har vi det aldri så ryddig
 som på desse bildene (dessverre ;) Eg har juksa og tatt vekk alle jakkene og skoa
 som pleier å henge og slenge her, før eg tok bilder ;)

Eg har fått tid å måle utemøbler idag! Glede!:) Så no er vi nokre 
små steg nærmare ferdig stæsja terasse ;)

Ha ei nydeleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

Ps; husk Give Awayen. Du finn link øverst til høgre :)

onsdag 4. juli 2012

Sommersol

Etter at Ariel er lagt for kvelden. 
Og innimellom amming og kos med Hermine, så er der pittelitt tid til overs. 
Eg prøver å få gjort litt kreative aktiviteter då. 
Fordi det gjer meg glad og gjer
 meg ny energi :)

 I går testa eg målingsfargen Sommersol
Det er ein nydeleg gulfarge. Ein dus og nostalgisk pastellfarge, 
akkurat slik eg liker det :)

 Eg måla denne krakken i Sommersol. Og eg vart kjempefornøgd
Fargen passer perfekt i Fjordhuset. Så no er eg på vill jakt
 etter nye"offer" som skal bli gule ;)

 Pappa har snekra krakken for mange år sidan. 
Vi har fleire slike i huset og eg liker dei veldig godt. Dei er også kjempepraktiske. 
Ariel tar dei med seg overalt for å sitte,
 eller nå opp til ting.


Det er veldig kjekt at så mange vil vere med på Give Awayen der 
du kan vinne flotte plakater sponsa frå Retroliv. Der er fortsatt 
mange lodd igjen! Viss du vil vere med finn 
du link oppe til høgre :)

Ha ein super onsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. juli 2012

Give Away! :) AVSLUTTA

KONKURRANSEN ER AVSLUTTA! :)

Eg er rett og slett i ei babyboble for tida. 
Interiør og blogging kjem naturleg nok i bakgrunnen. Tida går til kos, og så litt meir kos :) 
Eg satser på å vere tilbake i bloggemodus snart. Eg driv på med nokre småprosjekt, 
som tar lenger tid enn ellers. I mellomtida tar eg eit lite pauseinnslag i form 
av ein superduper Give Away! :)
Retroliv er ein nettbutikk som baserer seg på å selge varer som passer for nostalgiske sjeler. Her finn du produkt frå 50-talets naive, fargesprakande og optimistiske
 periode. Og produkter frå 60- talets reine og futuristiske interiør.
Mykje fint med andre ord! :) Eg er så heldig å få lov til å gje
 vekk 2 plakater til kvar sin 
heldige vinnar.

Desse kan du vinne;

 Plakatane er i A3 og kjempefine
Eg kunne gjerne ha tenkt meg ein eller fleire slike på veggen sjølv! :)

Nettbutikken til Retroliv finn du her!
Viss du vil kan du like på Facebook her!

For å vere med er reglane slik;

1 lodd for å kommentere under dette innlegget.
(om du ikkje har blogg kan du kommentere som anonym, men husk epost-adresse ;)

1 lodd for å dele link på blogg eller Facebook
(bruk det øverste bildet ;)

Trekninga blir søndag 15.juli.

Lykke til! :)

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails