søndag 30. september 2012

Hermine sin dåp

I dag har vi døypt Hermine. 
Dagen har vi feira ilag med familien, og den har vore veldig fin!
Først var vi i ei flott gudstjeneste, deretter var det middag og kaker hos oss. 
Hermine har vore ein liten engel i heile dag og vore
smilande og blid for det meste ;)
Her kjem eit lite bilderas;








Vi har hatt ein veldig flott dag, men det er godt å vere ferdig og. 
No er bunaden av og kosebuksa er på ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. september 2012

Det er..

..travle dager i Fjordhuset. 
På søndag skal Hermine døypast, og det er sjølvsagt litt å gjere før det. 
Difor blir det stille frå denne kanten til over helga.


Kanskje det blir eit bilde eller to frå barnedåpen
 i eit innlegg neste veke? 

God helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 26. september 2012

God kveld! :)

Eg har plutseleg fått kvelden tilbake. 
Begge jentene er i seng i halv 8 tida og eg nyter "stillheten"!
Her er utsikten min i kveld. Ja, også TVen då, 
som befinner seg til høgre for
 motivet her ;)

Det er morsomt å lese kva farge de trur spisebordet skal få. 
Kanskje eg blir ferdig med det iløpet av neste veke, 
så skal de få sjå ;)

Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. september 2012

Oliventre

Eg har tatt inn oliventrea eg har hatt ute i sommar. 
Det er minusgrader på natta her, så då er det vel på tide :)

 Eg har googla overvintring av oliventre. 
Og fått litt forskjellige svar. Det aller beste er vel egentleg å la trea stå lyst, men kjølig. Foreksempel i ein kjeller med vindauge. Og dei skal ha nokre desiliter vatn i veka. 
Men eg har og lest at trea kan overvintre i stova, men at dei då treng meir vatn. 
Så eg satser på det siste, dei er jo så fine at eg ikkje vil
 gøyme dei vekk i kjelleren ;)


 Dette er kanskje siste gongen eg viser fram spisebordet vårt
 i sin opprinnelege brune farge. For no skal det fornyast. Måling er innkjøpt idag ;) 
Kva slags farge trur du eg har valgt? ;)

Ha ein flott tysdagkveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. september 2012

Rund heklepute

Eg er ferdig med den runde puta eg har hekla på. 
Sidan det er det eg kan innen hekling, er den laga av fastmasker ;) På baksida har eg sydd lommeopning av eit bomullstoff. Puta er rosa, grøn og kvit som er ein av mine favorittfargekombinasjoner. Planen er å ha den på rommet til Hermine. 
Eg har lyst til at desse fargane skal dominere rommet. 
Snakk om å begynne i feil ende. Rommet skal
 pussast opp, og vi er ikkje begynt endå. 
Men puta! Den er ferdig ;)



Eg håper du har ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 21. september 2012

Frå signal- gul..

...til isvann. 
Ein av dei gule stolane mine har møtt målekosten igjen. 
Eg følte for ein mildare farge og fann fram fargen isvann. Ein nydeleg dus blåfarge. 
Stolen har også fått nytt lintrekk med trykk. Om eg skulle savne den slik den var 
har eg gulfargen i skapet og det blomstrete trekket 
er framleis på, under det nye ;)







Her ser du korleis stolen har sett ut før :)

Eg ønsker deg ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. september 2012

KK Living

Mandag kom det ut nytt nummer av KK Living
Ein ny favoritt i bladhylla :) Og sjå her kven som stikke "trynet" 
og sofaen sin fram i dette bladet då ;) Skikkeleg rart å sjå eit bilde eg har tatt på trykk i eit interiørblad. Det er eit lite bilde, men stort for meg ;) 
Gleder meg til å få premien i posten. 
Tusen takk KK Living ;)

 
Her er ein liten smakebit på kva eg har på heklekroken for tida. 
Det skal bli ei rund pute i min favoritt- farge- kombinasjon grøn, rosa og kvit. 
Og bombe; den er laga av fastmasker ;) kanskje det snart 
er på tide å lære noko nytt?

Fin onsdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 17. september 2012

Mine haustfarger

No når hausten er her og det går mot mørkare tider,
 så har eg fått behov for varmare jordfarger i heimen. Stilen er litt røffare
 og nedtona i fargeskalaen enn kva eg pleier. Pastell er jo kjenneteiknet
 på interiøret i Fjordhuset, og tru meg; 
det finns her framleisberre i litt
 mindre skala enn før ;)

Kommoden eg har fått etter Besta har flytta frå gjesterommet og ned i tvstova. 
Og den røffe Loppekrakken min passer også godt
 inn i haust- stemninga :)

Eplekake, kaffi og tente stearinlys høyrer med :)

Det gule pleddet minner meg om blada på trea på denne årstida. 
Gule og snart klare til å dette av.

Det er på tide å finne fram tjukkesokkane
Og den gamle tissepotta har fått lyng ;)



Dette er mitt bidrag til Lidyll si utfordring; Vis meg dine Høstfarger. 
Sjå fleire bidrag og/eller sleng deg på sjølv her! 

I dag er eit bilde frå Fjordhuset på trykk i nyaste nr av KK Living. 
Eit lite bilde, men det er stort for meg ;)
God ny veke til deg!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. september 2012

Nam!

Eg er følger og stor fan av Trines Matblogg
Denne veka frista ho med rømmeboller med friske bær
Og gjett om eg og Ariel måtte teste dei då ;)







Vi inviterte til kaffislabberas og bollane fekk raskt føter å gå på ;) 
Oppskrifta finn du her viss du fekk lyst
 å prøve du og :)

Fin søndag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 14. september 2012

Babylue

Eg kjøpte denne nydelege babylua til Hermine ei stund før ho vart født. 
Då eg såg den i bloggbutikken til Janne, så måtte eg berre ha den. 
Janne tryller fram dei finaste plagg med heklekroken sin. 
Eg skulle ønske eg var like flink! :) 
Ta ein titt her!


Hermine er allereie 2,5 mnd. 
Snillare baby enn denne vesle jenta trur eg ikkje finns ;) 
Men eg merker at livet er betydeleg travlegare med 2 små troll i hus! 
Men det er slik det skal vere. Det er viktig å senke skuldrane
 og huske på å nyte tida :)

God helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 13. september 2012

Farger i Fjordhuset

Eg elsker farger. 
Og aller helst duse delikate, men gjerne nokre litt meir knæsje inneimellom også!
Eg er rett og slett avhengig av fargesmil i kvardagen min :) 
Og eg bruker gjerne målekosten for å få det slik eg vil!
Eg får mange spørsmål ang kva farger eg bruker. 
Derfor tenkte eg å samle dei i eit innlegg, 
sånn at dei er enklare å finne :)

Nokre har eg fargekoden på, andre har eg berre namnet på. 
Men uansett skal målerbutikken klare å finne det for deg utifrå dette :)
Dette innlegget blir oppdatert når eg får nye favoritter som må med, 
og eg skal legge ein link på høgre side på bloggen :)
Vær obs på at fargen kan vere litt 
forskjellig frå slik den ser
 ut på bildet.

Grøn krakk: S 0530- G30Y
Gul krakk: 10235 Sommersol

 Krakk: Petal Pink
Knotter på kjøkken: Petal Pink
Hylle på vegg: Petal Pink
Bein på Bord: Hammershöi
Gyngestol: Hammershöi
Front på kjøkken: Hammershöi
Vegg: Singel

 Vegg: Skagen S 1502 Y50R
Rammer: 0100 Hvit

 Vegg: Skagen S1502 Y50R
Gul stol: Signal Gul
Tavle: Magnetmåling og tavlemåling
Hyller frå Biltema: 0100 Hvit

Skjenk: S 0530 B50G
Skodder: Hammershöi
Vegg: huntonittplater nostalgisk hvit
Ramme: (kjem snart)

Skodder: Hammershöi
Krakk: S 0530 G30Y
Kommode: (kjem snart)

Var dette nyttig? 
Om det er noko du saknar må du gjerne 
gje meg ei tilbakemelding :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 11. september 2012

Fin tysdag! :)

 Ei grein datt av Pellisen min, den måtte sjølvsagt i ein vase. 
Og yndig som den var måtte den fotograferast. Så då vart det nokre 
blomsterbilder på ein regnfull haustdag,
 frå meg til deg! :)



Her blir det husvask og opphenging av
 haustgardiner seinare. Men først litt (meir) kaffi ;)

Fin tysdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. september 2012

Hausten...

...er definitivt komen.
 Det er kaldt og surt ute, og det er ekstra godt å kose seg inne. 
Eg får eit behov for mørkare og lunare fargar når hausten kjem. 
Og dei er såvidt på veg inn i interiøret. Eit sennepsgult strikka pledd frå Jotex er på plass. Lyng og kaffi i kul kopp frå Kremmerhuset høyrer med.
 Haust er i grunn heilt greit! ;)






Tusen takk til Vera for kjempefin omtale på bloggen hennar :)

Nyt søndagen!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails