torsdag 31. mars 2011

LaMpE MaKeOvEr :)

Eg har hatt denne lampa lenge, 
men ikkje heilt fått den til å passe inn i Fjordhuset. 
Den er for så vidt heilt fin, men den trengte litt farge og særpreg :)


Det tok meg 10 min å sy eit trekk
 som eg hadde over lampeskjermen. Stoffet er frå Stoff & Stil. 
I toppen har eg trekt eit strikk, og kanten nede har fått blonder.


Eg har ikkje heilt bestemt meg endå, men kanskje foten får litt måling og. 
Kanskje blåfargen isvann hadde gjort seg?


Eg har fått ny hortensia i hus. 
Kjempefine blomster synast eg. Så spørst det kor lenge denne held ut med meg. 
Eg kjøpte ein ifjor og, denne har vandra til 
blomsterhimmelen ;)


Tusen takk for alle gode ord de legg igjen! 
Eg har ikkje så god tid til skikkelege bloggerunder for tida. Og det synast eg er trist. 
Døgnet skulle som sagt før, hatt fleire timar!! Det er så mykje 
inspirasjon å hente hos dokke flinke damene! 
Men eg er snart tilbake, håper eg :)


Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 30. mars 2011

VaFfeLkOs :)

Det må vere lov å kose seg litt på ein heilt vanleg onsdag! 
Eg seier som Ariel sa; "Mmmmmmm" ;)

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 28. mars 2011

Min Nye FaVoRiTtKrOk :)

Eg har fått ein ny favorittkrok å kvile augene på i spisestova. 
Det er  her noko av det nyaste i heimen har samla seg.
Pasteller med frisk gul som innslag.

(ja eg veit vi har lite dekorativ barnesikring på skapdørene ;)

Den gule stolen eg har pussa opp er komt ved enden av spisebordet. 
Så snart eg er ferdig med stol nr 2. skal denne
 på andre enden :)

Stolen matcher fint med lampa, som for ei tid tilbake fekk seg
 nokre dusjar med Quick signalgul spray.


Tallerkenhylla er eg fortsatt superfornøgd med.
 Tenk at eg vurderte å gå i frå denne
 på Bruktbutikken!!?


Vatt- teppene har eg lagt opp på ein gammal  koffert.
 Eg elsker fargane i teppene :)


Har du ein favoritt- krok? :)

Ha ein flott mandag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 26. mars 2011

PåSkE- FøLeLsE :)

I dag matcher veret med det vårlege interiøret i Fjordhuset ;) 
Etter store mengder med nedbør og dritver, har endeleg 
våren vist seg frå si beste side idag!


Eg har vore å "snopa" litt på Spar Kjøp. 
Spar Kjøp synast eg har mykje fint inne no. Og det til ein snill pris ;)

Desse runde putene synast eg var superfine! 
Eg har tydelegvis dilla på runde puter, og blomstermotiv er ikkje feil det heller;)

Litt påskepynt vart med heim og. 
Og fastelavensriset har no blitt klar for påske.
Gjenbruk er bra! ;)



No skal vi snart ut å kose oss i sola!
Herlege tider dette :)


Ønsker deg ein strålande laurdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 23. mars 2011

Lite Skap Før&Etter + ny lysestake :)

Det vesle skapet eg fann på bruktbutikken har fått ein liten mini- makeover. 
Det har opprinneleg vore eit vaskefat- skap. Men hylla i bakkant mangla.
 For å skjule sporet etter dette har toppen fått 
eit strøk med kvitmåling. 


Eg har og skifta ut knottane
 med søte porselenknotter frå Kremmerhuset.
Det vart ikkje den store forandringa, fordi eg ville beholde det mest muleg slik det var. Gammalt og sjarmerande synast eg:)

Før&Etter:

Skapet er blitt Ariel sin nye favoritt
Det foregår ein del klatring inn og ut av det, 
igjen med skapdøra og bøøø ;)

Eg har kjøpt meg ein lysestake frå Rice som eg har sikla etter lenge! 
Då eg fann den lyseblå varianten hos Pur Glede i Måløy vart
 den med meg heim. Jubel ;)


Så søt med blomster og fugler i fine farger :)


Ønsker alle ein strålande onsdag! 
(her regner det i store mengder, men vi koser oss inne;)

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. mars 2011

BloggFavoritter :)

Eg fekk ein kosleg overaskelse frå Fru Andersen. 
Ho hadde meg blant sine 3 Bloggfavoritter. Eg vart så glad
Spesielt sidan Fruen sin blogg er ein stor favoritt og er eit friskt pust i kvardagen min med sine morsomme tekster og flotte bilder! 
Besøk ho her, og kos deg!:)

Bildet er lånt frå Fru Andersen

Dette skreiv ho om meg;

Og fruen vet hun har sagt det før, men Huset ved fjorden 
er også definitivt verd jevnlige besøk!

Fy søren for en kapasitet denne damen har, hun maler, syr og ordner raskere
 enn en tornado. Fruen skjønner ikke hvordan malingen i fjordhuset
 rekker å tørke, for her går
 det unna! 

Måtte nesten flire når eg leste dette. 
For eg føler meg slett ikkje så effektiv:)
Men tusen takk for gode ord!

Så er det min tur å presentere mine 3 Bloggfavoritter. 
Og dette er slett ingen enkel jobb. Det finns så mange flotte damer med nydelege 
blogger der ute. Men etter ein del tenking
 fallt valget på desse:


Bildet er lånt frå Husfruas Memoarer

Hulda har eit nydeleg hus & hage, og ein blogg som oser av kreativitet og glede. 
Hulda er og ein mester til å ta flotte bilder! Eg storkoser meg med kvart einaste innlegg. 
Ikkje rart at Ingeborgstua kom blant Norges vakraste heimar ifjor. 
For her er det gjennomført og nydeleg ned til 
den minste detalj!:) 

Bildet er lånt frå Sukkertøy for øyet

Ida Susanne har ein stil eg berre forelsker meg i! 
Ein herleg miks av retro og romantisk i mange glade farger. Og bildene ho tar er til stor inspirasjon. Ho tapetserer og måler og deler sin kreativitet med oss andre. 
Eg gleder meg til kvart eit innlegg frå denne dama.


Bildet er lånt frå Put it in a Box

Ida har ein energi av det sjeldne. 
Ho syr i ein fart eg er litt misunneleg på. Og alt blir berre så flott! 
I tillegg er ho så snill at ho deler oppskrifter på bloggen sin. Eg blir inspirert kvar gong eg besøker Put it in a box. Ho deler min lidenskap for pasteller. 
Og har ein nydeleg heim :)

Om de vil ta utfordringa vidare blir eg glad, men det er sjølvsagt valgfritt!;)

Eg håper de vil ta ein tur innom desse flotte 
bloggane og bli inspirert.
(dei er nok ganske så velkjent for mange ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 21. mars 2011

TallerkenHylle Før&Etter

Tallerkenhylla eg kjøpte på Bruktbutikken er no blitt kvit og komen på veggen. 
Eg tenkte først at denne ville eg ikkje ha. Men den vart med heim.
Og det er eg glad for ;)

Før;

Etter;

Innholdet er for det meste frå Kremmerhuset (utenom zinkhuset som er frå Bohus)
Det som er genialt med slike hyller er at eg kan varierere pynten 
i det uendelege. Me like ;)

Under hengte eg (les; mannen) opp to kjempesøte knaggrekker
På den måten vart den litt "større" og 
meir fleksibel :)



Ønsker deg ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 17. mars 2011

Det Skjer Ting Ute!:)

Dei siste vekene har det skjedd mykje med fasaden på huset vårt.
 Snekkarane har isolert, skifta kledning og vindauge. Dei er ikkje heilt ferdig endå, 
men eg viser litt bilder undervegs ;)


Herleg å få alt nytt :)
Vi måtte dessverre rive inngongspartiet vårt. 
Sidan det var så rote at det visst nok var eit under det stod der framleis. 
Vi skal sjølvsagt bygge nytt med veranda opp på :)
Som de ser får vi ein stor målejobb i nær framtid. 
Huset skal fortsatt få vere kvitt.

Tusen takk for alle fine tilbakemeldingar på den gule stolen min :))
Det blir stille her på bloggen til over helga. 
I tillegg til favorittutfordringa har eg
 mykje å vise fram :)

Ha ei fortsatt god veke!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. mars 2011

StoL Før&Etter :)

Det var mange som gjetta på kven av bruktfunna mine som skal pussast opp. 
Og det rette er stolane og tallerkenhylla. Det gamle skapet skal eg beholde som det er. 
Men toppen skal få litt kvitmåling og det skal få søte kvite porselenknotter :) 
Eine stolen er eg ferdig med. Dette vart til ein frisk sak ;) 
Ta solbrillene på, og sjå her ;)

Stol Før&Etter;

Stolen måla eg i fargen signalgul. Den andre eg kjøpte skal snart få same behandling!
Og du kan trygt seie at det vart eit friskt pust i Fjordhuset ;) 


Setet var laust, så det var ein enkel sak å stifte nytt trekk på det. 
Valget fall overraskande (? ;) på dette blomstrete stoffet som stammer frå 
ei gardinlengde frå Spar Kjøp.


Som sagt har eg ein til av desse stolane. 
Den skal pussast opp på same måten, og få plass på kvar si kort- side
 av spisebordet.


Eg synast stolen vart sommarleg, frisk og søt på same tid. 
Kva synast du?


Ha ein super onsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 14. mars 2011

Mine Funn på BruKtButikKen :)

For dei som bur i nærheten av Stryn anbefaler eg varmt eit besøk på Bruktbutikken der. 
Den er stor og har godt utvalg! Den er open torsdager mellom 16.00 og 19.00. 
Torsdag som var sneik eg meg til eit besøk etter jobb. 
Dette var det eg fann. Ser sikkert ut som skrot for nokon. 
Men eg ser muligheter ;)
Eg fann endå eit vatt- teppe i søte farger og mønster.
 Til berre ein 10'er vart det med meg heim :)


To av desse "lekre" stolane vart med meg heim. Og denne gamle kommoden måtte 
eg ha. Eg trur det har vore eit slikt som ein hadde vaskefat på i "gamle" dager. 
For det mangler noko i bak-kant på det.

Denne tallerkenhylla fekk eg med meg 
til den nette sum av 30 kr ;)

Den søte blå vasen og bollen ropte etter meg. 
Og eg kunne ikkje seie nei :)

Alt dette betalte eg under 500 kr for. Me like ;) 
Og sjølvsagt skal nokre av desse tinga få ein makeoverEg kan røpe at målekosten alt har vore frampå ;) Kan du gjette kva slags ting som skal fornyast?

Ha ein strålande mandag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; Eg må takke Fru Andersen som har utnevnt vesle meg som ein av sine 3 favorittblogger! 
Eg vart utruleg glad! Utfordringer er noko eg ikkje pleier å vere flink å ta vidare. 
Men denne skal eg ta. Må berre fundere på kven eg skal velge. 
Det er så mange flotte blogger der ute:)

søndag 13. mars 2011

FocacCia- OppSkrift :)

Det var eitpar som hadde lyst på Focaccia- oppskrifta eg brukte på onsdag. 
Så då lager eg rett og slett eit innlegg om denne idag ;) 


1 pk tørrgjær
0,5 l vatn
3 ss olivenolje
0,5 l kveitemjøl
0,5 l sammalt kveitemjøl fint
1/2 ts salt
1/2 ts sukker
3 ss raud pesto

Garnityr;
Salt
Basilikum
Fetaost



Ha alt det tørre i kjøkkenmaskina.
Varm vatn og 1 ss olivenolje til ca 60 grader.
Bland alt saman ilag med raud pesto til ein graut-aktig konsistens. 
Til slutt har du i 2 ss olivenolje. For å "smøre" deigen inn.
La det heve i 30- 40 min.
Hell deigen i ei smurt form. Etterhev i 20- 30 min.
Ha olje på fingrane og prikk i deigen. 
Trykk fetaosten godt ned i og hell litt av oljen ,som er i glaset, over deigen. 
Krydre med salt og basilikum.
Steik Focacciaen på 225 grader i 25 min.


Bon Apetit! ;)


Ha ein strålande søndag!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails