tirsdag 30. april 2013

Vitrineskap Før&Etter

Dette hjørnet i spisestova har vore lite dokumentert her på bloggen. 
Det har rett og slett vore litt kjedleg. Eg har lenge tenkt å gjere
 noko med vitrineskapet. Og no er det gjort!:) For ein 
kjedleg jobb med maskering, heftgrunn og 3 strøk 
med måling. Men eg synast det 
var verdt det :)

Før;
 Etter;
 Eg har måla skapet i fargen Hammershöi
Og med hjelp frå mannen har vi tapetsert bakgrunnen med
 tapet frå Retrovilla.
Skapet var litt anonymt i forhold til mykje anna i stova vår. 
Men no synast eg det passer bedre inn. 
Kva synast du?

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
(som har hatt veldig kosleg besøk idag ;)

søndag 28. april 2013

AVSLUTTA!Vil du vinne ein kopp frå Green Gate?

AVSLUTTA
Henriette som eig Allmuen Kafe og Interiør
 vil gje vekk 2 Green Gate koppar til 2 heldige vinnerar!
Eg har ein slik sjølv, og eg digger den!

Allmuen Kafè og Interiør opna i 2011. 
Dei held til i Dalstunet i Dale i Sunnfjord. Heimelaga mat og ei koseleg atmosfære er noko dei synast er viktig. Allmuen er kanskje mest kjende for dei heimelaga skillingsbollane, den gode pestoen og ikkje minst baristamaskina som lagar herlege kaffidrikker.
I tillegg til mat og drikke finns der ei lita interiøravdeling med varer frå
 blant anna Green Gate, La finesse, PB Home, Bloomingville, 
Design By Us, Sagen Vintage Design, Tante Pose, 
Gloveables, Irèn Kleiven og mykje 
anna spennande. 

Berre sjå her kor mykje flott interiøravdelinga har, 
og ikkje minst den fristande maten! :)

Her finner du Allmuen Kafe og Interiør på nett;
Blogg

Dei har dessverre ikkje nettbutikk, 
men ser du noko du liker så sender dei til deg :)

Alt du treng å gjere for å vere med i trekninga,
 er å legge igjen nokre ord under dette innlegget. Alle kan vere med. 
Har du ikkje blogg sjølv kan du kommentere som anonym, 
men husk å legge igjen epostadresse. Om du har lyst å linke 
konkurransen på FB eller blogg blir eg veldig glad
Då kan du bruke det øverste bildet :)

1 lodd = 1 kommentar

Trekning 11.mai :)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

AVSLUTTA

lørdag 27. april 2013

I avisa


Foto: Idar Stadheim

På onsdag hadde eg besøk av ein triveleg journalist frå Firda. 
Det endte opp med ein stor reportasje i fredagsavisa sine hus og heim sider. 
Du kan lese eit utdrag av den på nett om du trykker her!
Det er mykje spennande som skjer for tida. Kanskje 
litt for mykje! Men moro er det;)

Ha ein fortsatt fin kveld/natt!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. april 2013

Mann tar det mann har ;)

Eg har hatt eit stort sølvfarga fat ståande på boda. 
Det har liksom aldri fått oppholdstillatelse lenge igongen. 
Eg har ikkje fått det til å passe inn skikkeleg. Så no har eg rett
 og slett måla det turkisEg meiner at har ting stått
 lenge nok i ei bod, så kan det godt fiksast
 litt på istaden for at det
 blir kasta.
Først vaska eg det godt med salmiakk. 
Deretter måla eg det med eit strøk måling, også pussa eg lett over det
 for å få fram mønsteret og for å få ein røffare finnish. Så får det vare så
 lenge det gjer. Det er fort gjort å måle 
det ein gong til ;)
Det vart iallefall eit fint fargeinnslag på spisebordet. 
Eg synast oransje mot turkis er så 
nydeleg og friskt :)
Eg kan love deg at spisestova ikkje ser så ryddig ut i skrivande stund. 
For her har eg nemleg hive meg på eit stort prosjekt. Akkurat som
 om eg ikkje har nok å ta meg til frå før..
Men fint blir det ;)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 22. april 2013

DIY; Donald på do + vinnerane

Då eg var lita var det vanleg å lese Donald Duck på do ;) 
No i voksen alder med 2 unger har eg som oftast hverken tid eller fred til
 å lese noko som helst på do ;) Difor har eg rett og slett laga meg eit Donald Duck
-bilde og hengt opp over toalettet. 
Det vart ein fargeklatt 
og eit fint barndomsminne på badet vårt :)
Bildet laga eg ved hjelp av gamle Donald- blad, 
eit lerret (kjøpt billeg på Europris) og tapetlim.
Eg klarte å få med nesten 3 heile 1-siders historier 
+ at eg har rive tilfeldig og limt fast for 
å fylle ut resten.

Så no har vi Donald Duck på do ;)
Vinnarane av Give Awayen er klare. 
Dei 3 heldige som vinn hansker og skjerf av lammeull i valgfri farge
 sponsa av Lue.no er:


Gratulerer så mykje! 
Kan de sende meg ein epost?
husetvedfjorden(ætt)hotmail.com

Tusen takk til Lue.no som sponsa dei flotte premiane!
Klikk innom her for å besøke nettbutikken.

Ha ein flott mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 21. april 2013

I kveld er det trekning!

Først må eg få takke for alle gratulasjoner og fine ord etter at 
eg vann utfordringa Vårforberedelser hos Nib
De gjer meg så glad! :)
 Tusen takk!
Har du lyst å delta i trekninga av dette deilige settet med 
hansker og skjerf i lammeull, så må du vere rask ;) I kveld kl 21.00 
trekker eg 3 heldige vinnerar! :)


Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

Oppdatering;
Vinnerane vil bli publisert imorgon (mandag)
og konkurransen er avslutta :)

fredag 19. april 2013

Hvin, hyyyl, hurra!!!

..Eg vann finalen i utfordringa Vårforberedelser hos Nib. 
Heilt utruleg, og fantastisk moro! :) Tusen takk til alle som stemte på meg! 
Eg sender ein klem til dokke alle saman! Og for ein premie!  Premien er 
eit gåvekort på kr 3500,- hos herlege Home & Cottage
Så no skal eg børste støv av shopoholikeren i meg 
og kose meg stort ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. april 2013

Ha ein fin kveld!

 Gamle kofferter som har fått hjul og nye knotter på skapet
 = Små smil i kvardagen ;)

Koffertane inneheld litt av leikane til jentene. 
Det er godt å gøyme leikane vekk i noko som er fint å sjå på,
 når dei er lagde for kvelden :)
Har du huska å melde deg på Give Awayen min? 
Legg igjen nokre ord her, og du er med i  
trekninga som skjer 
på søndag!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 17. april 2013

Potetkasse nr 2..

..er blitt til oppbevaring på hjul.
Eg har måla den i ein mintfarge (S 0530- G30Y)
og tapetsert med rester av Eijffinger tapeten Cherry Blossom.
Hjula er ifrå Biltema.
Også eit lite tips
lampa som heng i hjørnet på rommet til Hermine 
er på salg til berre 99,90 hos Bohus no :)
Den er kjempefin!
Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 16. april 2013

Kvifor berre eit prosjekt..

..når ein kan ha mange? 
Uff, eg har litt for mange prosjekt på gong for tida. 
Eg hekler og måler om kvarandre i ledige stunder. Men det er jo egentleg slik 
eg trivst best ;) No har eg starta å hekle på eit rundt teppe til Hermine 
sitt rom. Eg er ferdig å rive stoffremser, og såvidt komt igong med
 heklinga. Denne gongen starter eg med fastmasker, 
men eg fortset vidare med staver, 
slik at det skal gå litt raskare :) 
Oppskrift finn du
Eg er finalist i Nib- utfordringa denne månaden. Og eg er så glad! :) 
Viss du har lyst å gje meg di stemme,
 kan du trykke her!

Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 15. april 2013

FINALIST!

Eg vart så hoppande glad igår når eg såg at 
bildet mitt var komt til finalen i NIB si utfordring; Vårforberedelser.
Dette skreiv Juryen frå Home & Cottage om bildet mitt;
Bra komposisjon i bildet. Nydelig vårfarge på krakken som passer godt til det rustikke. 
Liker at det hele ser litt tilfeldig ut selv om det er stylet.
Det var faktisk meininga at det skulle sjå litt tilfeldig ut. 
Eg dreiv å planta stiklingane samtidig som eg styla og tok bilder. 
Skikkeleg moro var det, og veldig kjekt at det fallt i smak. 
Tusen takk!
Det er mange flotte bilder i finalen. 
Viss du vil stemme på meg, blir eg veldig glad! :)
 Du kan stemme 1 gong kvar dag fram til onsdag kl.21.00. 
Finalistane og avstemminga finn du om

Ha ein super mandag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 13. april 2013

Fin laurdag!

Vermeldingane seier at dette er siste solskinnsdagen for ei stund. 
Så då gjeld det å vere ute og nyte! Ingenting smakar bedre enn kaffi frå ein ny kopp ;) Kva er det med meg og koppar? Eg har mange, og har så visst ikkje bruk for fleire. 
Men når eg kom over denne frå den nye kolleksjonen til Green Gate. 
Så kunne eg rett og slett ikkje la vere. 
Mint og blomster. JA, eg vil ha ;)
Hanskane og skjerfet eg har på meg er frå Lue.no
Det er i deilig lammeull og av italiensk design. Det er fortsatt litt kaldt ute, 
så det varmer fint i vårsola ;) Du kan vinne same settet i valgfri farge 
ved å delta med ein liten kommentar her! 
Her er fortsatt store vinnersjanser. 
Vi lodder ut heile 3 sett ;)

Ha ein fin dag sola!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. april 2013

BoligPluss Utfordring

Eg deltar i BoligPluss- utfordringen -Stove med dette bildet. 
Viss du har lyst, blir eg veldig glad om du vil stemme
 på stova vår, eller kanskje du vil delta sjølv? 
Uansett så finn du konkurransen
om du trykker her ;) 
Eg håper du får ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 10. april 2013

Sweet as Candy

Eg har fått fart på bestemor-rute heklinga mi. 
No trur eg endeleg at eg hekler det på rett måte også ;)
Rutene skal bli eit sukkersøtt sengeteppe til Hermine si sprinkelseng.
Eg har til no hekla 7 ruter. 
Berre 5 igjen før det blir festing av tråder og 
å montere det saman.
Potetkassa eg pimpa for litt sidan har fått eit bruksområde. 
Garnet mitt er veldig greit å ha opp i der :)
Ikkje gløym å ta lodd i Give Awayen min under her ;) 
Berre ein liten kommentar og du kan vinne eit herleg sett med 
skjerf og hansker i lammeull 
sponsa av Lue.no :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 9. april 2013

Vil du vinne? Avslutta!!!

Give Away er avslutta!
I dag har eg lyst å presentere ein forholdsvis ny nettbutikk; lue.no
Nettbutikken har base på det fagre Vestland og satser på god service og varer 
av høg kvalitet. Her finn du eit bredt utval av 
luer, vottar og skjerf.
Her kjem nokre av mine favorittar frå butikken. 
På kalde dagar/kveldar framover og til neste vinter kunne eg meir enn 
gjerne hatt på meg dette:



Og når våren og sommaren kjem for fullt, 
hadde desse vore perfekte;

Klikk deg gjerne inn her for å sjå det
 flotte utvalget i butikken.
Lue.no på Facebook finn
 du her!


I samarbeid med Lue.no gjer vi vekk 3 sett med 
italienske hansker og skjerf i lammeull i valgfri farge.
Settet er veldig mjukt, varmt og av god kvalitet.

For å delta gjer du slik;

1 lodd = 1 kommentar

Vil du sikre deg fleire lodd kan du;

1 lodd = klikk deg inn her 
og finn fargen du ville hatt på settet. 
Skriv det i kommentaren :)
1 lodd = Link til Give Away på 
FB eller blogg. Bruk bildet over.

Alle kan delta. 
Kommenterer du som anonym må du legge 
igjen epostadresse:)

Lykke til 
og fin mandagskveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 6. april 2013

"Nytt" i stova

For litt sidan kjøpte eg to gamle skulestoler på ein Bruktbutikk. 
Dei vart ståande i boda, men no har eg tatt den eine inn i stova. Eg funderte 
på å gjere noko med den. Men har bestemt meg for at den er kul 
akkurat slik den er. Mannen er ueinig, 
men det går seg nok til ;)
 Ei stråveske fungerer som potteskjuler. 
Denne er også eit bruktfunn, gjort for lenge sidan.
 Datakroken vår har eg visst aldri vist her på bloggen. 
Den står inntil senga vi har ståande i spisestova. Så dette er blitt ein populær 
filmkrok også ;) Det svarte bordet vårt, ein stol måla i fargen korall. 
Hyller frå Biltema som er måla grøne. Og hermetikkbokser 
med fin-fin tapet. Enkelt og greit :)
Ha ein flott laurdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails