Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg

lørdag 28. mai 2016

Terasseliv☀

Vi har hatt nydeleg ver i Nordfjord den siste veka. 
Det er herleg når vi endeleg kan "flytte ut" og kose oss på terassen. 
Vi har ein stor terasse med fantastisk utsikt over fjorden. Eg blir aldri lei av sitte 
her og sjå utover den fine naturen.

Eg vart plutseleg aleine heime idag. Den nye planen var å sitte her med vin 
i glaset og ei bok i fanget. Men då kom sjølvsagt lyn og torden på besøk. 
Difor vart det nytt blogginnlegg istaden ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. juni 2014

Nye solstoler

Eg har lenge hatt lyst på solstoler på terassen. 
Og då gjerne dekkstoler. Men desse er ofte litt dyre. 
Difor vart eg veldig glad når eg fann slike på Jula til kun 400 pr sett (stol og krakk) 
Dei blir levert ubehandla. Men det gjer meg ingenting å måle. 
Og dei blir finare når ein får velge fargen sjølv ;)
Eg valgte fargen Marikåpe FR1321 til stolane. 
Hos butikken fekk eg blanda fargen i oljemåling til utebruk.
Dei er kjempegode å sitte i. 
Eg har ikkje hatt tid til å sitte der så lenge igongen, riktig nok. 
Men det kjem (når småbarnstida er over kanskje? ;)
Eg blir aldri lei av utsikten vår! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 18. april 2014

Utesesongen er opna!

Glede! 
Terassen er vaska og utemøblane er på plass. 
Vermeldingane er flotte og utesesongen er herved opna. 
Hurra! :)
Eg håper sola skin på deg og!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 23. juli 2013

Sommar!

Endeleg kom sola og ikkje minst sommarvarmen til Nordfjord også. 
Så no gjeld det å nyte, og vere ute mest muleg! :)
Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 30. juni 2013

Lite bord Før&Etter

Dette vesle og runde bordet frå Ikea, har eg hatt ståandes på loftet ei stund. 
Eg har hatt ein plan om å fornye det med spraymåling
Og no endeleg fekk eg gjort det! ;)

Før; 
Etter;
Eg har brukt mintgrøn Molotow spray kjøpt hos Kem
Denne skal tåle utandørsbruk. Og det er bra; 
sidan bordet står ute på terassen i vestlandsver. 
Og bordet har tålt det godt så langt ;)
(fargen heiter Menthol light)

Desse bildene tok eg ein nydeleg kveld for litt sidan.
Eg driv fortsatt på med første strøk med måling på rekkverk rundt terassen. 
Ting tar tid når ein berre får måle litt i slengen. 
Ha ein fortsatt nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 31. mars 2013

Og vinnaren er...

Først av alt; takk til alle 138 som deltok i Give Awayen. 
Takk til Kremmerhuset som har sponsa den fine premien.Og tusen takk
 for alle fine ord de har lagt igjen. Det frister til ein ny Give Away, 
som snart kjem. Følg med, følg med ;)

Vinnaren denne gongen vart nr 94;
 Evy 

med bloggen ByEvy Photography
Sjekk ut bloggen, heilt fantastisk fine bilder der!

Vi har hatt fine påskedager. 
Veret har vore så flott at det føltes igrunn greit at det vart snø og surt idag. 
Det er godt med ein innedag med god samvittighet
 inne i mellom ;)
Fortsatt god påske!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 9. oktober 2012

Eg ♥ haust

Når hausten glimtar til med fint ver, så blir det heilt magisk ute synast eg. 
Dei flotte fargane, den skarpe lufta og den milde sola. Denne dagen var nettopp slik. 
Då må ein berre nyteUt på tur med mann, 
jentene, kaffi og nybakte boller. 
Då har vi det fint :)






Husk å melde deg på Give Awayen min under her. 
Berre ein liten kommentarog eit superfint husnr-skilt frå
 Ramsign kan bli ditt ;)

Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 22. juni 2011

Nydeleg dag!

I dag klaffa veret perfekt på min og Ariel sin fridag! 
Vi gjekk i fjæra om morgonen, noko Ariel synast var stas. 
Når Ariel tok høneblunden sin kosa eg meg med sola, kaffi og Rom 123 som er begynt å bli ein stor favoritt hos meg :) Deretter følgte grilling. 
Ingenting kan slå slike dager.
Hurra!:)

Og attpåtil har eg fått i hus noko heilt nydeleg. 
Eg har og ringt på ei salgsannonse i ei avis, og fått kjøpe noko eg har ønska meg lenge.
Dobbelt- hurra!:)

Det er mange som har gjetta riktig på forrige innlegg. 
Snart skal eg vise fram :)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

PS; framleis lodd igjen på Give Away. Du kan 
melde deg på oppe til høgre ;)

lørdag 30. april 2011

Herleg dag!

I dag har vi kosa oss på besøk hos Ariel si Besta og Besten. 
Som sagt før; Å herlege tid ;)


Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. september 2010

Med dette ønsker eg...

...dokke kjære leserar som er innom 
ei fortsatt god veke!

Litt haustbilder frå dei flotte dagane som har vore;




I morgon reiser eg på tur med min vesle skjønne familie! :)
Vi bloggast til over helga!

♥ Ha det fint så lenge  

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 1. juli 2010

Endeleg litt sommar! :)

I dag var han her igjen denne sommaren som vi lengter etter heile tida. 
Best å nyte mens ein kan ;)


Vi rakk ein liten formiddagstur før min kjære reiste på jobb igjen. 
Og då knipsa vi litt bilder :)





Ariel er ikkje så vant med det sterke lyset frå sola, 
så ho myser litt ;)

Om ein times tid skal eg på bruktbutikken ein svipptur. 
Håper eg finn nokon små prosjekt
For det har eg jo så lite av! ;)


Etterpå 
kaller verandaen! :)


Til slutt bilder av dei supersøte stoffa eg fekk frå Panduro igår. 
Klør i fingrane etter å sy puter, hjerter osv 
av dei :)



♥♥♥


Nyt dagen!


Klem frå Bjørg :-)

torsdag 20. mai 2010

Endeleg sommer !? ♥

I dag har vi berre kosa oss ute. 
Her kjem eit bilderas frå den (syns eg ihvertfall) fantastiske naturen i bygda der vi bur :)


Fargane er så flotte ilag. 
Grønn bakke mot blå fjord og himmel.


♥ Det skal bli herleg å bade her, når vatnet blir (ein heil del ;) varmare 



Og det er berre 2 min frå huset vårt, 
så kan vi stupe i fjorden :)




I det vesle sentrumet i bygda finn du desse flotte gamle trehusa.
Her triller vi tur omtrent kvar dag :)

♥♥♥

Eg fekk eit kjekt brev i posten idag!
For litt sidan deltok eg i ein konkurranse i Allers Hjem og hygge
Der eg skulle sende inn bilde av min favoritt- ting i heimen.

Og eg sendte inn bilde av...


..kjøkkenhyllene mine, sjølvsagt ;)

Og eg vart ein av vinnerane og fekk gåvekort frå Jernia!


Så i veke 25 kjem bildet mitt i Allers :)
Moro synast eg!

Bror min fekk meg raskt ned på jorda,
 der han påstod at det slett ikkje var rart at eg vann. 
Sidan Allers- leserane antaglegvis ikkje var dugandes 
til hverken å bruke digitalt kamera, eller sende bilde som vedlegg på epost. 

Eg syns han var litt frekk, eller? ;)


Håper du får ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails