tirsdag 29. januar 2013

Eg prøver lykken..

...og deltar i konkurransen hos Franciskas Vakre verden. 
Her kan ein vere heldig å få bildene sine i den nye boka hennar Sanselige rom.
Det blir litt reprisebilder i dette innlegget. Eg melder meg altså på 
med stova/spisestova med desse bildene:






Har du lyst å delta, kan du gjere det her!

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. januar 2013

Trauet...

...eg fekk i hus til jul og pynta med granbar og julestjerne, har no fått kvardagspynt. 
Det har også bytta plass til skjenken Besten laga til 
meg for mange år sidan.
 Det gamle trauet er så flott, med nydeleg og slitt treverk. 
Eg har det berre på lån av Mamma, og eg kjenner eg kvir meg
 litt til eg må gje det frå meg ;)



Dette innlegget om korleis eg hekler luene mine har blitt populært i Tyskland. 
Eg har hatt rekordmange treff på innlegget, og eg har registrert fleire tyske bloggera som har hatt innlegg om eiga lue som er hekla etter mi oppskrift. Blant anna her og her :) 
Også eg som var litt i stuss om nokon ville interressere seg for oppskrifta.
Utruleg moro, synast eg :)

Ha ein super søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. januar 2013

Med tulipaner..

..i hus kan helga berre kome.
Fatet som står bakom tulipanane har fått komt ned frå loftet. 
Kjekt å ta fram sånne ting som du har lagt vekk.
 Det er nesten som å gå på shopping
 i eget hus ;)


Vi har måla tak og vegger på Hermine sitt rom med 2 strøk. 
Men eg ser det trenge 1 strøk til. Æsj! Så gjenstår tapetsering, litt snekring og golvmåling. Før den morsomme stæsjinga kan begynne ;) Det går altfor seint
men sånn er det når ein har mykje å ta seg av.
Men vi er jo igong!! :)

Ha ei fin helg alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 23. januar 2013

I'm in l♥ve

At det skulle gå an å bli så glad for eit haug-gammalt bord hadde eg aldri trudd
 for nokre år tilbake. Men eg har fått meir og meir sansen for møbler med sjel
Møbler med hakk, flekker og er prega av lang bruk er fantastiske
Dei lager ei stemning i huset som eit nytt møbel 
aldri kan klare, synast eg :) 
 Difor vart eg så glad når foreldrene mine kom på døra med dette bordet. 
Ja, eg er rett og slett litt forelska i det ;)
 Det har stått på garden der eg kjem ifrå. 
Så det er nokon frå slekta som har hatt kaffikoppen sin på hjørnet her :)
Pinnestolen på bildet hadde måling av nyare dato då eg fekk den. 
Så den har fått seg nokre strøk med fin-fin gråfarge :)
Bordet derimot skal aldri målast!


Kva synast du om gamle møbler?

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 20. januar 2013

DIY; Enkel heklelue

Eg har hekla ein del av desse luene i det siste. 
Desse vart også fjorårets heimelaga julegåve. Luene er inspirert av ei Mamma 
hadde hekla, og oppskrifta på mine vart til etterkvart som eg prøvde 
meg fram. I dag tenkte eg at eg ville dele oppskrifta mi med dokke. 
Kanskje nokon der ute har lyst å hekle seg ei 
enkel og fin lue på berre ein kveld? ;)
(i tillegg får eg lagra oppskrifta
 for min egen del ;)
Du treng:
- 2 nøster ullgarn i forskjellig farge til krok nr 3-4
- 1 nøste tynn fluffy tråd (eg har brukt Angel, som er 70% Kid Mohair og 30% silke)
- Heklekrok nr 8
- Litt hekleferdigheter eller Youtube (der finn du enkle framgongsmåter)
Slik gjer du:

Samle alle tre trådane.
Og legg opp 50 luftmasker.
 Ta dei saman med ei kjedemaske.
Start første omgangen med 1 luftmaske, og deretter 1 omgang med fastmasker.
Du avslutter omgangen med 1 kjedemaske og starter med 1 luftmaske. 
Du fortsetter med å hekle fastmasker i bakre ledd. Dette for å få "kanten".
Hekle 5 slike omganger. Då er du ferdig med den nederste delen.
Hekle 3 luftmasker, deretter fortsetter du med doble staver i kvar maske.
Du avslutter omgangen med kjedemaske, og starter ny omgang med 3 luftmasker.
Neste omgang hekler du 5 doble staver og hopper over 1 maske.
Deretter hekler du 4 doble staver og hopper over 1 maske.
Hekle 3 doble staver og hopp over 1 maske.
Hekle 2 staver og hopp over 1 maske.
Hekle 1 stav og hopp over 1 maske.
Så snører du toppen saman.
Fest trådane med ei stor nål.
Om du ønsker det, kan 
du hekle ein blomst
 å pynte med.

Fekk du lyst å prøve?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Thank you Anna for translating the recipe for my German readers :)

Häkelmütze Heklelue

Du brauchst:
- 2 Knäuel Garn für Häkelnadel nr 3-4
- 1 Knäuel dünnes fluffiges Garn (z.Bsp. Angel, 70% Kid Mohair og 30% Seide)
- Häkelnadel nr 8

Alle drei Fäden zusammennehmen
50 Luftmaschen anschlagen
Mit einer Kettmasche zum Ring schliessen
Die nächste Runde mit einer Luftmasche anfangen, danach eine Runde feste Maschen häkeln. 
Die Runde wieder mit einer Kettmasche schliessen und die nächste Runde wieder mit einer Luftmasche anfangen. 
In den folgenden fünf Runden feste Maschen häkeln, dabei in den hintern Maschenbogen einstechen.
Die nächste Runde beginnst du mit drei Luftmaschen, danach häkelst du ein doppeltes Stäbchen in jede Masche.
Die folgenden Runden beinhalten Abnahmen und sehen wie folgt aus:
Rd 1: 5 doppelte Stäbchen, eine Masche überspringen, wiederholen
Rd 2: 4 doppelte Stäbchen, eine Masche überspringen
Rd 3: 3 doppelte Stäbchen, eine Masche überspringen
Rd 4: 2 doppelte Stäbchen, eine Masche überspringen
Rd 5: 1 doppeltes Stäbchen, eine Masche überspringen
Die Spitze zusammenziehen, den Faden vernähen.
Wenn du magst, kannst du eine Häkelblume häkeln und damit die Mütze verzieren.

fredag 18. januar 2013

Nytt stort prosjekt:)

Vi er endeleg i gong å pusse opp rommet til Hermine! 
Eg har gleda meg og planlagt lenge :) I dag har vi tømt rommet, 
og mannen har så smått begynt forarbeidet. I dag viser eg
 rett og slett før- bilder av rommet ;)
 Her skal det målast, listast, tapetserast m.m. 
Det blir ein del jobb, men det blir og moro å kome skikkeleg igong :)
 Her er nokre hint av kva som kjem på dette rommet. 
Det blir eit skikkeleg jenterom som de ser :)

Lampe frå Bohus, tapet frå Eijffinger, heimehekla pute, 
kommode frå loppis som skal fiksast litt på og kaninlampe frå Heico.

Fleire bilder kjem undervegs ;)

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. januar 2013

Mens eg venter...

..på at sola kjem tilbake til oss i begynnelsen av februar, 
så har eg skaffa oss litt sol inne.
Ein gul primula som gjer oss ein herleg forsmak 
på plussgrader, solskinn og vår.
Blomsterpotta er ein stor jumbokopp 
som har fått seg nokre strøk spraylakk i mint :)
Eg ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 14. januar 2013

Fine Minner :)

Då Ariel (vår eldste dotter) var 6 mnd laga vi avtrykk av hendene og føtene hennar i gips. 
Og det er eg så glad for idag. Det er veldig kjekt å samanlikne med hennar idag 3 år gamle hender og føter, og minnast kor lita ho har vore. Sidan Hermine no er 6 mnd, 
så har vi sjølvsagt laga av henne også :) Det er kosleg å forevige dei 
søte små på denne måten.
Eg tenkte eg skulle dele framgongsmåten. 
Kanskje nokre har lyst å prøve?

Du treng: Trolldeig -Gips - Kjevle -Ramme -Søte hender og føter :)
1.
Lag trolldeig (1 del salt, 2 deler mjøl, 1 del vatn og 1 ss matolje) 
Kjevle deigen utover ei papp-plate e.l. Legg ramma opp på med fronten ned. 
Ikkje press den ned (pass på at deigen er større enn ramma)
Det er best å bruke ei djup ramme. Mi er frå Ikea.
Press hender og føter ned i trolldeigen. Her er det greit å vere to om 
jobben for å holde styr på sprellande og glade babyer ;)

2.
 Tett kantane slik at gipsen ikkje vil renne ut, 
ved å dytte trolldeigen oppetter ramma. La trolldeigen stivne i eitpar timer.

3.
Bland gips etter instrukser på pakken. Hell den i ramma og la det tørke 
etter kva som står på gipspakken. Eg tørka det i over 2 døgn.
Ta av trolldeigen, og bildet er ferdig :)
For meg gjenstår det å finne den perfekte
 plassen å henge dei opp :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 11. januar 2013

God helg!


Eg er klar for ei kosehelg med familien. 

Ha ei fin helg du og!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 9. januar 2013

I Rom123

Huset ved Fjorden er ein av tre blogger som Nib- jentene anbefaler
nyaste Rom123Og det er eg kjempestolt av! :)
 Eg har blogga i snart 3 år no. Og det er rart å tenke på kor mykje eg har utvikla meg, opplevd og lært av å blogge. Hadde nokon sagt til meg i februar 2010 at
 nettopp min blogg skulle bli anbefalt i eit interiørblad, 
då hadde eg ledd rått og trudd at personen 
var heilt på styr...
..men sånn vart det. Og eg er så glad! Og ikkje minst takknemleg for at
 nettopp du kjem innom her. Det er derfor eg har 
holdt på med dette i snart 3 år.
Tusen takk 

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 7. januar 2013

Nib-utfordring Januar- From within

Årets første utfordring frå Nib- jentene er slik:

Om en deler inn livet i bør og vil, og bevisst manøvrerer etter det, 
kan en få mange fine oppvåkninger underveis.  Hva om jeg ikke må alt jeg trodde jeg måtte?Om vi tar det med oss inn i interiøret, kan det kanskje begynne å bli ordentlig moro? Hva vil du? Hvordan har du det? From within? 
Vi vil se det upolerte og det polerte, det klassiske og det bohemske. 
Bare det kommer fra deg.

Ei fin og litt vanskeleg utfordring som kan tolkast på mange måtar. 
Mi tolking blir slik; Å ha eit interiør som ikkje "alle" andre har. 
Eit personleg interiør som seier litt om
 korleis eg er, from within..

 Min interiørstil er sarte farger og mønster, mjuke tekstiler, nostalgi, lys, luft
og nokre forsøk på å stramme det heile opp. 
Det kan jo faktisk minne litt 
om meg, om ein omset 
det til personlege
 trekk ;)

Eg har vist denne delen av stova mange gonger før. 
Men det er her eg føler at eg har lykkast mest med eit personleg interiør. 
Derfor viser eg stova atter ein gong ;)

Om du vil sjå fleire bidrag, 
kan du trykke her!

Ha ein super dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 5. januar 2013

Avhengig!

Eg berre må ha ei notatbok i nærheten. 
Der skriver eg lister over kva som skal gjerast, og ideer som dukker opp etterkvart. 
Ein plass der eg kan tømme hovudet, rett og slett. 

 Eg hadde ei heilt vanleg kvit notatbok frå Clas Ohlson liggandes.
Denne pimpa eg med inspirasjon frå Sukkertøy for Øyet- Ida med tapet, tau og 
ei trekule frå Panduro som eg måla turkis.


Så no kan ideane berre kome.
 Boka er pynta og klar :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 4. januar 2013

God helg!

Eg har ikkje komt heilt i gong med blogginga etter juleferien. 
Dårlege lysforhold til å ta bilder og litt liten motivasjon har skylda :) 
Bildene idag er uttesting av julegåva frå min kjære. 
Ny kameralinse :)



Ugla til te og tekokeren var eg så heldig å få til jul. 
Den nydelege koppen fekk eg av Mamma. Den er kjøpt på eit 
bruktmarked i England :)

God helg til alle som er innom!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails