fredag 29. juni 2012

Vinnerlykke :)

Eg er som mange andre stor fan av Cathrine Holm sitt Lotus- design. 
Og då Sukkertøy for Øyet lodda ut ein slik nyprodusert
 bolle for litt sidan, prøvde eg sjølvsagt lykka :) 

 Og eg var så utruleg heldig at eg vann den!! Hurra! :) 
Den er kjempesøt, og ein ny favoritt! Bollen har Ida kjøpt hos Retroliv.
(dei er tomme akkurat no, men får inn igjen i slutten av juli)
Tusen takk Ida Susanne! :) Sjekk ut den
 fantastiske bloggen hennes

 Tusen takk for alle fine gratulasjoner angåande vår herlege lille Hermine. 
De er så gode alle saman! Vi storkoser oss. Hermine er ein
 kjempesnill baby og Ariel er stolt og flink storesøster. 

Eg føler for å feire igjen ;) 
Så følg med; snart kjem det ein flott Give Away
 med premier sponsa av nettopp
 Retroliv :)

Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. juni 2012

Hermine ♥



Verdas søtaste Hermine kom til verda 21. juni,
 etter ein overraskande fin fødsel. Ho var 3860 gr og 52 cm lang. 
Og sjølvsagt heilt perfekt! :) Vi kom heim frå sjukehuset igår, 
så no er det familie og kos som står i fokus.

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 14. juni 2012

Ei lita pause:)

I dag har eg termin, og eg går her fortsatt med babymagen min. 
Det kan godt vere at det fortsatt tar litt tid før "nye"babyen er her. 
Mens eg venter tar eg livet med ro...

...difor blir det stille her på bloggen ei stund. 
Til babyen har komt til verda, og ting har roa seg litt :)

Men eg er nok snart tilbake ;) 
Mannen er så og seie ferdig med snekring av den store herlege terassen vår. 
Og her venter spennande prosjekt som måling av gjerder, måling av møbler, sying av puter, planting av blomster og stæsjing. Og dette må eg sjølvsagt dele med dokke ;)
Også blir det sikkert "litt" om nyebabyen og, kan eg tenke meg ;)

Ha nokre fine sommerveker!
Så "snakkast" vi :)

Klem frå Bjørg :-)

mandag 11. juni 2012

Eg ♥ peoner

Eg har sett etter peoner i butikkane ei stund. 
Men har ikkje lykkast før no. Og det var til og med i bygda sin matbutikk. 
Hurra for dei :)

 Dei er heilt nydelege, og lukter fantastisk :)
Draumen er å kunne plukke inn slike frå eigen hage. Og det skal eg!
 Ein eller annan gong...;)

Er det nokon som har erfaring med å få peoner til å overvintre i store
 krukker/ kasserVi har lite med bed rundt huset vårt, sidan det meste av 
uterommet vårt blir terasseEg blir kjempeglad for tips og råd, 
sidan mine fingrer langt ifrå er grøne ;)

Duken på bordet som eg ikkje har stroke endå (kremt..;) er ny
 og frå KremmerhusetDet er halv pris på denne serien no, 
eg betalte berre 39 kr for duken (90x90cm :)

 Eg har plassert peonane ein og ein i flasker og vaser her og der. 
Dei var ekstra fine på den turkise 
skjenken, synast eg :)


Eg håper mandagen din blir fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 10. juni 2012

HELDIGE vinnerar! :)

Først må eg takke for alle dei fine kommentarane eg har fått i Give Away- innlegget mitt. Eg skulle så gjerne gitt ei gåve til alle 190 som meldte seg på. 
Men det er dessverre ikkje realistisk ;) 

Eg brukte random.org til å trekke vinnerane;

1.premien + nr 131
= Laila.lovseth (ætt) hotmail.com

2.premien + nr 19
= ida_jc (ætt) hotmail.com

3.premie + nr 129
= marie.rossland (ætt) hotmail.com

Gratulerer så mykje til dei heldige vinnerane!! :) 
Vil de vere snille å sende meg adresse til husetvedfjorden@hotmail.com ? 
Så kjem premien snart susande med posten :)

Vi andre som ikkje var så heldige, kan gå i nettbutikken til Kremmerhuset og handle istaden. Mykje sommarleg og fint inne no. Butikken har alltid fine priser,
 men der er mange godbiter som i tillegg er på salg! :)


Tusen takk til Kremmerhuset,
 og til dokke som ville delta i feiringa mi! :))

Fin søndag kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

Siste sjanse..

...til å delta i Give Awayen med flotte premier sponsa av nettbutikken til KremmerhusetDei heldige vinnerane blir trekt
 ikveld etter kl. 20.00 :) Du finn link til 
Give Awayen oppe til høgre.
Lykke til! :)


Oppdater kl. 20.00; 
Konkuransen er dessverre avslutta, 
eg skal no trekke dei heldige vinnerane :)

Klem frå Bjørg :-)

fredag 8. juni 2012

God helg! :)

Ein bukett med lupiner og hundekjeks er helgas blomster i Fjordhuset. 
Så no tar vi helg med forhåpentlegvis nydeleg sommerver og frisk Ariel :)



Husk å melde deg på Give Awayen min
 med flotte premier frå nettbutikken til Kremmerhuset. Trekninga skjer søndag!
Du finn link øverst til høgre :)

Fin helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 7. juni 2012

Lampe Før&Etter

Eit meget utsatt prosjekt er ferdig. 
Denne lampa kjøpte eg på loppis for eit år tilbake. Det er eit dårleg før- bilde,
 og egentleg er den heilt grei som den var. Men eg får jo som
 alltid lyst å fikse litt ;)

Før;
 Etter;
 Eg har måla lampefoten med kvitmåling
Og så har eg sydd trekk til lampeskjermen. Simsalabim så vart det ei sommarleg
 lampe i stova vår. Det geniale er at det er enkelt å sy eit nytt trekk,
 eller bruke den opprinnelege skjermen igjen. 
Og den blir "ny" ein gong til ;)

 DIY 
-Sy trekk til lampeskjermen-

Mål høgda på skjermen (legg til ca 10 cm til løpeganger)
Mål diameter på skjermen der den er lengst  (legg til nokre centimeter til saumen)
Klipp til ønska stoff etter desse måla
Sy løpeganger på langsidene (Husk å ikkje bruke meir til dette enn dei 10 ekstra cm)
Sy saman kortendane (Ikkje tett løpegangane ;)
Tre tråd gjennom løpegangane.
Ta trekket over lampeskjermen og stram til tråden oppe og nede. 
Knyt godt fast, og fordel rynkene.

Gratulerer med ny skjerm med eget preg ;)


Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 6. juni 2012

Har du lyst å..

...vinne kjempefine premier sponsa av
Då kan du trykke deg inn her! 
Skriv nokre ord i kommentarfeltet og du er med i trekninga
 som skjer søndag 10.juni.

Mange har allereie meldt seg på, 
og eg må benytte anledninga å takke for dei fine orda de legg igjen :)

Fin onsdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 5. juni 2012

Gule detaljer

Når sommerveret svikter må ein berre lage litt sommar inne. 
Og kva er vel bedre med litt gult her og der, 
og markblomster i vaser :)

Dei gule stolane som eg pussa opp for ei tid tilbake,
 er komt ned i spisestova igjen etter å ha stått på hobbyrommet i vinter.


2 loppefat frå Egersund har fått plass i tallerkenhylla. 
Putene har eg sydd av retro- sengetøy og vatt- teppene er bruktfunn. 
Tallerkenhylla er også eit bruktfunn som eg har måla kvit.


Dei to fine knaggrekkene med fugler på under tallerkenhylla pleier
 eg å få spørsmål om. Dei er frå Kremmerhuset :)

Det er herleg å kunne hente blomster rett utanfor døra, 
istadenfor å kjøpe på butikken! Sjølv om dei gjerne drysser litt meir ;)

Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 4. juni 2012

Vinnerlykke

Eg var så heldig å vinne ein premie i gåvedrysset til Monica med den inspirerande bloggen TyrifrydFor nokre dager sidan dukka dette smykket frå House Doctor opp i posten, premien var sponsa av Hviit. Det fallt i smak, og er tatt i bruk ;) Tusen takk!  Smykkeskrinet i porselen under her er eit bruktfunn gjort i forrige veke.




Babymagen blir berre større og større. Og "smidigheten" min blir berre 
verre og verre ;) Det er 10 dager igjen til termin no!
Vi har ein baby i hus igjen når tid som helst! :)

Ha ein fin mandag!

Klem frå Bjørg :-)
Ps: husk å melde deg på Give Away. Du finn link øverst til høgre ;)

søndag 3. juni 2012

Cosy Concept

Då eg fekk 2.plassen i NIB si utfordring
 for mai "Nytt møter Gammalt" vanka det også ein premie :) 
Den fekk eg i posten for nokre dager sidan. Og for ei herleg 
pute og kosesokkar eg fekk! :)

 Eg fekk altså ei strikka pute og lange kosesokker i det finaste mønster og farge frå 
Cosy Consept. Dette er Rosendal Turisthotel si eiga merkevare. 
Og består av handlaga tekstilprodukt som tar i bruk 
gamle mønstre og gamle teknikker, og som vidarefører 
desse i eit moderne uttrykk. 

 Du kan lese meir om Cosy Concept her og her
Eg er som kjent godt over snittet glad i puter. Og kosesokker går eg
 alltid med haust og vinter. Så dette var midt 
i blinken for meg :) Tusen takk!

I same slengen må eg vise fram denne boksen som eg fann på bruktbutikken i Førde
 denne veka. Eg er svak for botaniske bilder. Og når eg er svak for bokser og,
 så vart den sjølvsagt med heim ilag med litt andre funn som
 dukker opp på bloggen etterkvart ;)

No rommer den fin- fine boksen kattemat av alle ting,
 og står i vinduskarmen på kjøkenet :)

Eg synast det er veldig kjekt at premiane frå Kremmerhuset i Give Awayen min har
 fallt slik i smak! Mange har meldt seg på, men det er stadig plass til fleire ;)
 Trykk her, skriv nokre ord og du er med i trekninga. 
Lykke til :)

Eg håper du har ein nydeleg søndag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails