Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DIY. Vis alle innlegg

søndag 6. mars 2016

Påskepynt..


...har vi igrunn veldig lite av.
Difor har eg tenkt at vi skal lage litt i år.
Vi har starta med å lage påskeharer av mjølkekartonger, 
som vi har sådd karse i.

Eg klipte ut harefasongen. 
Så måla vi dei og teikna på kvar sin etterpå.
Jentene teikna fine fjes, mens eg juksa litt med ferdige auger ;)

Å så karse er kjekt for utålmodige små (og Mamma) 
Det veks raskt og resultatet kjem fort. Når det er sjølvdyrka så smaker 
det sjølvsagt ekstra godt også, ifølge jentene ;)



Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. februar 2016

DIY: Hengepotte

Hermetikkbokser kan brukast til mykje!
Denne gongen har eit par av dei blitt til hengepotter her hos meg. 
Superenkelt å lage og mykje billegare enn dei hengepottene 
du kan kjøpe ferdig i butikken ;)

Eg limte først tapet på boksen. Deretter laga eg tre hol med spiker og hammer. Så drog eg snøret gjennom hola og festa med ein knute. Dei tre snørene 
festa eg i ein knute litt over planten. 


Så gjenstår det berre å bestemme seg for kor den skal henge ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. november 2015

DIY: Lightbox

Lightboxer er veldig populært for tida, eg ser dei overalt i bilder av interiør. 
Det er typisk meg og kjenne på at: Sånn må eg ha! Men eg pleier også å tenke: 
Kan eg lage ein slik sjølv? Og ja, det kunne eg! :)
Sidan eg jobber blant anna med nettbutikken bilderammer.no var det
 ganske naturleg at ideen om å lage lightbox av nokre av våre fine 
rammer såg dagens lys ;)
Til lightboxen trengte eg rammer som er ganske djupe. 
Derfor valde eg 2 stk av ramma Janne Galleri. Eg laga ein tekst i word og skreiv ut på vanleg kopipapir. Dette la eg ned mot glaset i ramma og festa det med klipsa. 
Bakstykket fjerna eg. På den andre ramma, baksida på lightboxen 
sette eg inn eit svart ark. Så fyllte eg rommet med ei lyslenke med 
LED og lot ledningen henge ut. 

Til slutt festa eg rammene saman med dobbelsidig teip. Dette er for å ha 
muligheten til å skifte ut teksten seinare. Dette vart ein kjempenkel
 og ikkje minst dekorativ gjer-det-sjølv ;) Det er kosleg med
 litt ekstra lys no i mørketida!

Ha ein nydeleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 8. oktober 2015

Styggfin tapet

Eg liker forandringer i interiøret! 
Skapet i stova pleier å ha tapet i glasrutene for å endre utrykk
 og gjere det gladare, men mest for å skjule rotet ;) Den har allereie skifta tapet nokre gonger. Eg hadde liggande ein retrotapet eg kjøpte på facebook for litt sidan. 
Ein sånn styggfin tapet som kan funke eller bli heilt feil. Eg har 
ikkje heilt bestemt meg endå, men eg trur den får bli 
sidan den har den sennepsgule fargen i seg som 
eg liker så godt.
Tapeten er festa på innsida med brei tape, 
slik at den er enkel å fjerne viss behovet for forandring kjem over 
meg atter ein gong ;)
I dag har eg vore heime med ei febersjuk Ariel som trengte Mammaen sin. 
Det blir fort kjedeleg å vere sjuk, men det blir også mykje kos!
Vi satser på at dagen i morgon blir betre :)
Eg ønsker deg ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 24. september 2015

DIY: Vasestøvel ;)

Støvler er noko eg forbinder med hausten. 
Derfor har eg laga meg hauststemning inne ved å spraylakkere 
ein avlagt støvel, plassere eit lite glas i den med vatn og 
vips vart det ein "litt spesiell" vase til rosene ;)
Ha ein herleg haustkveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 11. august 2015

Alt kan fornyast!

Utfordringa frå Nib denne månaden er: "Alt kan fornyast"
Gjerne med spray eller bengalack. Eg liker å måle, men eg elsker 
den raske fornyinga med spray. Her er 3 små prosjekt 
med sprayen, som eg har gjort:
 Tre fugler i messing vart 
oppdatert og mykje friskare med turkis spray :)

 Eit metallbord frå Ikea vart grønt og sommarleg.

Dette store glaset har fått spray på nederste delen 
for å gje det litt meir farge :)

Til og med ølboksar blir tøffe med litt spray ;)

Sjå fleire kreative bidrag og delta sjølv her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. juli 2015

Fugler på veggen

Dei som føl meg på instagram (@husetvedfjorden) har sett desse før. 
Eg må jo sjølvsagt vise på bloggen også ;) Søstra mi skulle kvitte seg med nokre pyntefugler i messing. Skrotnisse som eg er; Såg eg sjølvsagt potensiale i dei.
Med eitpar dusjer spraymåling vart dei turkise og meir oppdaterte. 
Eg synast dei passa godt over senga vår. 
Måling er som trylling altså! ;)
Ha ein fortsatt herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. juni 2015

Hermine 3 år!

I går feira vi Hermine sin 3 årsdag, 
litt på forskudd sidan vi ikkje er heime på dagen hennar. 
Vi dekte langbord og inviterte familie og venner. 
Det vart ein fin fest og Hermine var
 spesielt fornøgd ;)
Kaka vart ein reprise av Ariel si bursdagskake. 
Sidan det var det Hermine ville ha. Veldig greit for meg sidan det er 
den enkle varianten ;)
Vi pynta med heimelaga vimpler 
som er laga av snor, gåvepapir og stiftemaskin ;)
Dagens "nesten" sunne 
variant var fruktspyd med marshmallows :)
Ha ei fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 2. juni 2015

Glade fargar!

Eg blir så glad av fine fargar. 
Når eg får lyst på nokre nye fargeklattar finn eg fram sprayboksane mine. 
Denne gongen er det tre lysestakar som har fått seg 
eitpar dusjar med sprayen ;)
 Eg blir også veldig glad når sola skin. 
Slik som den gjer inn i spisestova vår her. Akkurat no lengtar eg 
voldsomt etter at sommaren skal kome. Eg tipper at eg 
ikkje er aleine om det!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. april 2015

Skap med favorittfargen Nude

Foreldra til mannen hadde eit brunt skap som dei ikkje trengte lenger. 
Vi trengte meir oppbevaring til sengetøy, så vi ville gjerne ha det. 
Med nokre strøk med min store favorittfarge om dagen
 Nude (S1015-Y70R) så vart det ganske fint, 
synast eg.
Skapet er plassert i gangen oppe, 
som definitivt trengte noko nytt. Med nokre gamle fat 
på veggen og prikker på veggen så vart det til den miksen eg liker så godt. 
Nostalgisk med ein moderne vri.
Eg drøymer om kvitmålte golv her oppe. 
Men den draumen får vente litt til..
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 13. mars 2015

Diy: Lys i eggeskal

Inspirert av ein ide eg kom over på Pinterest
 har eg laga meg fin påskepynt :)
 Eg tok vare på nokre eggeskal etter ei vaffelrøre. 
Dei skyllte eg i vatn og deretter lufttørka. Så tok eg fram nokre stearinlys
 som eg knekte opp i eit glas. Glaset med lysa sette eg til smelting i ein kjele med kokande vatn. Veiken tok eg vare på. Den klipte eg til slik at dei 
vart veiker som passa i eggeskala.
 Når stearinen var smelta helte eg den over i eggeskalla. 
Veiken holdt eg på plass med to pinner. Når stearinen var hard igjen 
måla eg eggeskalet med jentene sine vannfargar. 
I fine eggeglas blir dette flott
påskepynt.
Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. mars 2015

Ups!

Klokka som eg laga for ei stund sidan har allereie fått ein makeover
Eg laga klokka av ei finerplate og visere som eg spraymålte.
Sjølv om eg syns det er utruleg fint med ubehandla treverk, 
så fekk eg det ikkje til å "stemme" her hos oss. 
 Med ein retrotapet passa klokka så mykje bedre inn i heimen vår. 
Akkurat passe fargerik og glad ;)
Om eg skulle ombestemme meg, 
så er det berre å snu plata ;) 
Ha ein fortsatt fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. februar 2015

DIY; veggklokke

Eg fekk som sagt før tilgong på ein haug med finèrplater
Denne gongen har vi laga ei veggklokke av ei av dei.
 Min snille og tålmodige mann gjekk atter ein gong ned i kjelleren
 og fann fram saga. Han sagde ut ein sirkel til meg. Denne vart pussa i kantane.
Eg kjøpte urverk på Clas Ohlson som eg spraya
 i ein nude- farge.
 Eg vurderte lenge å dekke plata med marmorfolie, 
men fann til slutt ut at den var finast i treverk :)
Treverk og pasteller er så fint i lag, synast eg!
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 28. januar 2015

DIY Marmor- brett

Den måtta kome til slutt hos meg og; marmordilla
Eg kjøpte ein rull med marmorfolie hos Panduro, og så var eg igong. 
I tillegg har eg fått tilgang på mange finèrplater, 
så då måtte det hvertfall lagast eitkvart. Eg har lenge hatt lyst 
på eit slikt marmorbrett. Sidan eg fortsatt ikkje er veldig handy av meg
 når det gjeld saging og slikt, sendte eg snille mannen 
i kjelleren med instrukser ;)
 Deretter klipte eg til marmorfolien og klistra det på. 
Og vips hadde eg og marmorbrett i fin-fine geometriske former ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. januar 2015

DIY; vase av melkekartong

 Det kan bli dei flottaste vaser av ting som normalt går i søppelet. 
I dag har eg laga vaser av melkekartonger ;)
Eg digger gjenbruk altså!
To av melkekartongane klipte eg eit mønster på 
og måla i 2 forskjellige nude- nyanser.
 Den største kartongen klipte eg til,
og limte marmorfolie på.
 Melkekartonger kan bli dekorative dei og ;)
Dette er forresten en super aktivitet for barn og! 
Eg har lova at jentene mine skal 
få lage slike også :)
Eg håper du har det fint!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails