Viser innlegg med etiketten ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ferie. Vis alle innlegg

tirsdag 22. juli 2014

Ferieminner

Det vart plutseleg ei lang bloggepause her i frå. 
Delvis pga at eg er koser meg i varmen og at vi har vore 10 dager i 
Winchester i England på ferietur. Winchester ligg ca 1 time med tog sør for London. 
Dette er ein sjarmerande, og ikkje minst godt bevart gammal by.
 Vi budde i eit gammalt cottage som stammer heilt tilbake til 1400-talet. 
Så her snakker vi ekte engelsk ;) Huset var skeivt, knirkete, 
lavt under taket med ein fantastisk hage, 
og rett og slett utruleg sjarmerande!
 Her er eitpar bilder frå stova. 
Den grøne barnestolen var eit bruktfunn eg gjorde, 
og den klarte eg å få med i kofferten ;)
 Hovedsoverommet såg slik ut;
 Hagen var nydeleg 
og gjekk over fleire plan, med så mange 
detaljer at ein vart berre gåande å sjå og sjå!
Her har jentene fått på seg Disneykjoler, 
etter at eg var på ein dagstur til London ;)
 Vi hadde ein aktiv ferie
 og reiste blant anna til Bournemouth på sørkysten. 
Her er der ei fantastisk fin strand!
 Og der var lange rekker med 
små strandhytter i mine favorittfarger
Dååån ;)
 Denne gongen fekk eg også med meg Carboot- sale. 
Det er som eit gedigent loppemarked, berre at det er privatpersoner som 
sel brukte varer frå bilane sine. Utruleg moro! Og sjølvsagt vart 
det med nokre skatter heim ;)
 Takk for ein fin tur! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. juni 2014

Ut på tur..

..aldri sur!
Eg elsker å reise. Følelsen av å oppleve noko nytt ilag 
med dei eg er glad i, er veldig god! Denne sommaren reiser vi til Winchester i England.
 Det ligg ca 1 time med tog sør for London. Mannen har familie her, 
så vi har vore på besøk der nokre gonger før. Dette er ein veldig 
sjarmerande by, med mange gamle, koslege bygningar. I tillegg
 er der herleg shopping og mange fine spisestader. Vi skal bu i 
eit cottageViss du har sett filmen The Holiday, 
så skjønner du korleis dei ser ut :)
Bildet er frå forrige gong vi besøkte Winchester :)
Sjølv om feiren for i år er sikra, 
så hindrer det meg ikkje å planlegge neste års ferie ;) 
Då frister det voldsomt å besøke Astrid Lindgrens verden i Vimmerby,
 som sjølvsagt ligg i Sverige.Hos oss er Emil, Pippi, Ronja, Maddicken og alle dei andre populære både for oss foreldre, Ariel og Hermine. Det må derfor vere supert å gå i denne parken der du finn Villa Villekulla, Katthult og alle dei andre stadane 
med tilhøyrade figurer i levande live
Bildet er frå bildesøk på google.
Det blir spelt skuespill der som vi besøkande endar midt opp i. 
Når skuespillet har pause, vandrer rollefigurane blant barna. Dei tar del i leiken,
 og eg tipper dette er meget populært for dei små. Eg for min del er meget
 fascinert av det nostalgiske interiøret
så det gleder eg meg veldig til! ;)
 Bilde frå Bildesøk på google
Når attraksjonen er så bra, er det berre å finne overnatting i nærheten, spør du meg! 
Eg tok eit søk på Vimmerby hos hotelspecials.no og der fann eg eit nydeleg, nostalgisk hotel frå 1860 talet; Vimmerby Stadshotel. 
Det ligg nært sentrum og Astrid Lindgrens verden. 
Og i tillegg serverer dei eigen barnebuffe, 
noko som passer bra for mine 
to kresne jenter ;)
 Bilde frå hotelspecials.no

Eg trur at også neste års ferie er i boks ;)
Kva slags planer har du for sommaren?

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 11. juli 2013

Plutseleg var..

..det over ei veke sidan forrige blogg-innlegg. 
Dagane har gått fort. Sjølv om det har skjedd lite her på bloggen, 
så har det skjedd mykje i det "virkelege" liv :)

Eg har vore på "husmor"-ferie hos ei veninne i Bergen. 
Der fekk eg endeleg shoppa med gåvekortet (som eg vann i Nib si april-utfordring) 
Home & Cottage. Det var veldig moro!! 
Kva eg kjøpte skal de få sjå seinare ;)

Vi har også vore ein tur til Hakallegarden
som ligg i nærheten av Fiskå på Sunnmøre. Eg viser litt bilder derifrå idag. 
Dette er ein fantastisk plass både for små og store.
Garden har ei fantastisk ramme med flott natur, og du ser ut i havet. 
Her fann vi alpakka, esel, hester, høner, kattunger, kalkuner, geiter og mange andre. 
Dei fleste dyra gjekk fritt rundt oss, slik at ungane fekk kose og klappe på dei. 
Og for interiør- nerder som meg var det masse inspirasjon å hente. 
Utruleg flott tillaga. Gamle og fine møbler måla i sukkersøte farger. 
Og ein kafe kombinert med interiørbutikk. 
Fantastisk! :)
I fjøset var veggane i mint og rosa!
Køyre tur med Gråtass var stor stas! 
Om du befinner deg i nærheten, anbefaler eg varmt eit besøk. 
Du kan lese meir her!
Dette innlegget er på ingen måte sponsa, 
eg vart rett og slett litt betatt av plassen og ville fortelle om den :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 18. juni 2013

Mallorca

I forrige veke var vi på Mallorca. 
Vi budde på Viva Alcudia Sun Village på Playa de Muro like ved Alcudia. 
Ein heilt fantastisk plass for unger. Her mangler det ikkje på aktiviteter. 
Stort barnebasseng med sjørøverskip og sklier, ei flott langgrunn strand like ved, leikeparker overalt, ponni- riding, barnevenlege resturanter og mykje meir. 
Vi var veldig uheldige, sidan begge jentene fekk feber dei første dagane. 
Så det vart mykje "bli-frisk" -tid på hotellrommet. 
Men vi hadde det fint likevel, og dei siste dagane når 
begge var friske var det veldig stas!
Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)
..som har fått på målekle, og skal ut å måle rekkverk, juhu!;)

mandag 18. juli 2011

Det er dejlig å vere norsk i Danmark?

Ja, det er det! ;)
Vi har hatt ei herleg veke i Danmark. 
Eg, mannen og Ariel leigde ei svær hytte ved Stillinge Strand (nær Slagelse) ilag med min bror og mine foreldre. Hytta hadde alle fasiliteter og diger plen med mange leiker :) 
Det var også ei flott strand like i nærheten.
Ariel storkoste seg!


Og at vi var kun ein time frå København var jo også eit pluss;) 
Sjølv om turen dit var litt nedtur når det gjaldt shopping. Eg fann rett og slett ikkje alle
 desse herlighetane av interiørbutikker som eg har høyrt så mykje om! 
Det kan jo vere fordi vi kun gjekk i handlegata Strøget, 
og at vi prøvde å rekke over mest muleg på kort tid. 
Men Søstrene Grene fekk eg med meg, 
og det var ein butikk etter min smak!:)

Vi besøkte også ein dyrepark med mange flotte dyr. 
I parken kunne vi mate alle dyra (vi fekk med pose med mat når vi kjøpte billetter) Det var og muleg
 å gå inn til mange av dyra. Ein kjekk tur for 
liten og stor :)


Eg fann fine bruktbutikker som eg gjorde nokre gode kjøp i. 
Ein liten smakebit her, kjem meir seinare ;)
Sidan eg var i feriemodus har eg ikkje tatt så mange bilder. 
Dei fleste i dette innlegget er tatt av min kjære. Derfor har eg lite med
 interiørbilder å vise fram ;)

Tusen takk til Pappa som spanderte turen på oss! 
Vi har kosa oss mykje!:)

Ha ein super mandag!

Klem frå Bjørg :-)
(som framleis har 3 herlege ferieveker igjen! Jubel! ;)

PS; Veit du korleis ein legg ut pdf filer på bloggen? 
Eg har lyst å legge ut reportasjen frå huset vårt i lokalavisa;) 
Men eg får det rett og slett ikkje til..

søndag 8. august 2010

Dei første skoa..

I ferien kjøpte eg mine første to par sko til Ariel. 
Dei var så søte at eg ikkje klarte å
 gå ifrå dei ;)

Winchester er eit paradis når det gjeld billege kle og sko. 
På meg vart det 3 par sko, 
til saman betalte eg 400 norske kroner for dei.  
Eg handla og ein del kle både til 
meg og Ariel :) 


Desse skoa med fin blomster på, 
fann eg på ein butikk i Winchester som heiter Next
Next sel flotte kle og sko til både dame/herre og Barn. 
Dei har og ei interiøravdeling :)
Du finn nettsida deira her!


Ein av dagane var vi på dagstur til Portsmouth
Dette er ein havneby med mange Outlet- butikker. 
Her fann vi jentene kjente merkekle til ein billeg penge,
 medan karane såg på båtar ;)

Eg kjøpte blant anna desse 
supersøte Adidas joggeskoa til Ariel.

 

Og til ein pris på 120 norske kroner,
 så måtte dei jo berre bli med heim ;)
Dei blir nok ikkje jogga i med det første, tihi....


I morgon skal de få kome på besøk i syrommet mitt, 
som er nesten ferdig ;)
TTT



Eg håper alle har ein fin- fin søndag!


Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. august 2010

Ha det på badet ;)

Der var faktisk meir å få kjøpt i Winchester 
enn Cath Kidston ;)

Boots i England er eit eldorado for oss jenter,
 som elsker sminke, hudpleie og hårpleie med kvalitet 
og til ein god pris!
Du kan sjekke ut nettsida her!

Eg fallt fullstendig for produkta frå Soap&Glory.
Med herlege pin-up damer på. 


Eg må innrømme at eg kjøpte dei pga designet
Men når det viste seg at dei lukta vidunderleg 
og var herlege i bruk var eg solgt. 
Angrer på at eg ikkje kjøpte fleire :)
Nettsida deira er smakfull og fin. 
Du kan lese meir om 
produkta her!

Og sjå berre her kva eg har 
fått meg!!! :)



Ein gammal Roberts- radio.
*Lykke* :)


Snille L (søstra til min kjære) var på noko som 
er kalla "Car Boots Sale".


Dette er eit gedigent bruktmarked som er 
kvar søndag i Winchester.
Her kjem folk frå alle kanter,
 og sel mykje flott frå bagasjerommet i bilen sin.


Av diverse grunner kom eg meg ikkje på dette.
Men snille L kjøpte med denne til meg for 
berre 25 norske kroner!!

Eg er overlukkeleg ;)
I skrivande stund fungerer den ikkje, 
men det skal min kjære fikse!

På neste Winchester tur skal eg få med meg dette. 
Mange flotte gamle ting til ein billeg penge, 
det lika vi ;)


I går hadde vi ein kosleg segltur på fjorden, 
sjølv om det regna litt.
Så no skal eg lese blogger og ta igjen det tapte ;)

Eg håper alle har ein flott torsdag!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails