mandag 30. januar 2012

Mitt første strikkeprosjekt..

...sidan barneskulen er ferdig! 
Og eg kjenner at eg er litt barnsleg stolt, sjølv om dette er eit særdeles enkelt prosjekt. 
Og sikkert noko de erfarne "strikkedamer" flirer litt av ;)


Eg har brukt tjukt ullgarn i svart, grått og kvitt og strikka rett fram og tilbake ;) 
Til dette har eg brukt ein rundpinne (heiter det det?)  
På den kan du strikke ekstra bredt.


På baksida har eg rett og slett sydd ei bakside i kvit bomull med lommeopning, 
slik at det skal vere enkelt å ta inn og ut innerputa. 
Så får eg heller vere forsiktig når det 
skal vaskast :)


Det er kjempekjekt å ha nok å putle med når ein sit på ræva og ser TV. 
Får litt bedre samvittighet, samtidig som det nesten
 er litt "terapautisk" ;)

Ha ein fin mandag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 28. januar 2012

Hekta!

Eg er hekta! Og det på strikking ;) 
Eg har ikkje strikka sidan barneskulen, og no var det tanteungen min på 11 år
 som hjalp meg å friske opp minnet ;) Og det er så kjekt! Eg har lenge hatt lyst å ha eit handarbeid eg kunne gjere på medan eg ser på TV osv. Hekling fekk eg ikkje til og symaskin er litt tungvindt framfor Tven, men strikking er supert! No kan eg berre å strikke
på retta endå, og eg måtte nettopp google korleis enn fell av.
 Hehe, ein lære så lenge ein leve. 
Men det er jo det som
 er moro! :)


Ha ein fin laurdags kveld,
 med eller uten strikking (her er det med ;)!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. januar 2012

Bruktfunn

går var eg og Mamma på vift til Stryn og Bruktbutikken der. 
Eg har ikkje vore der på 3-4 mnd, så du kan seie det kribla i kroppen ;) Det vart ikkje handla så mykje på bruktbutikken, men eg er veldig 
fornøgd med det eg fann :)


Eg har lenge leita etter gamle sausenebb og terriner,
 og denne gongen fekk eg full klaff ;) Eg fann begge deler i matchande sett.


At stempelet bakpå viste at dette er god norsk kvalitet
det var heller ikkje noko minus;
StavangerFlint ;)


Ellers fann eg ei fin ramme , ei gammal mjølkeflaske og nokre telysestaker. 
Eg har og drista meg til å handle inn til nokre småprosjekt eg har tenkt på lenge. Så kanskje det snart blir nokre gjer-det-sjølv innlegg på bloggen igjen ;)

Ha ein fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 25. januar 2012

Ha ein fin onsdag! :)


Søt liten orkide + tøff potte frå Kremmerhuset.



..Og ein dose nyskjerrige, klissete og ikkje 
minst herlege barnehender :)

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-) 

søndag 22. januar 2012

Tallerkenhylle

Eg har fått opp ei ny tallerkenhylle i spisestova, på veggen mot TV-stova. 
Denne bestilte eg ilag med lampane frå Ellos

Den er berre midlertidig stæsja, så det ser kanskje litt tomt ut. 
Eg kunne tenkt meg nokre flotte Pip eller GG-tallerkener her. 
Men då må det sparast ;)

Tallerkenhylla kom umontert, og var visst noko drit å skru i saman (ifølge mannen) 
Men til den prisen synast eg det var verdt å høyre 
mannen grynte misfornøgd ;)

Eg vil gjerne ønske alle som er innom ein fin- fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. januar 2012

"Ny" Spisestove :)

Spisestova vår har fått ein liten makeover. 
Det vil seie; eg er framleis ikkje ferdig. Men litt kan eg vise fram ;) No er det mest nye saker og ting som står for fornyinga. Graviditeten gjer det slik at eg ikkje kan hive meg rundt å måle
 og styre slik som før, dessverre. Men kreative ideer lagrer seg stadig i hovudet mitt,
 så når formen er der har eg nok å ta meg til ;)


Spisebordet er kledd opp med linduk frå Kid og linløper frå H&M Home. 
Og den største forandringa har skjedd over bordet. Lysekrona er tatt ned, og vi har fått opp 2 kvite industrielle lamper frå Ellos. Eg er kjempefornøgd, og mannen 
om muleg endå meir fornøgd (han hater nemleg lysekroner ;)


Her skimtar du Sofus i utkikksposten sin (i vindauget).


Og endeleg er korgstolen som eg har ønska meg i ei evighet komen på
 plass i Fjordhuset. Den fann vi på salg på Skeidar, og eg synast den er ein fryd for auget! 
Ja, også god å sitte i då sjølvsagt ;) Prøv å ikkje legge merke
 til den meget malplasserte 
varmepumpa (arg! ;)


Eg har sakna ein skikkeleg stol å ha i denne kroken.
 Der ein kan sitte å nyte den flotte utsikten vår ilag med ein kopp kaffi eller te.
Idag ser vi faktisk tendenser til sol og. Berre 2 veker til den er klar for å skinne på oss.
 Gleder meg! (Vi er uten sol fleire månader om vinteren..)


Til Lise (eg kom meg ikkje inn på bloggen din..) som lurte på om eg har hekla teppet som ligg over korgstolen. Og det kan eg seie at det har eg ikkje. Det har eg arva etter
 oldemora mi :) Og eg er veldig glad i det! 
Heilt nydeleg synast eg :)


Det vart visst eit langt innlegg. Men så er det jo lenge sidan sist og ;) 
Vi er endeleg friske og raske i Fjordhuset etter ei god veke med influensa.
 Og det er herleg! :) 

Til slutt vil eg takke jentene bak Kremmerhusetbloggen,
 som har vore så snille å velge meg ut til det gode selskap på bloggrollen deira. 
Tusen takk! :) Sjekk ut bloggen her!

Ha ein super dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 14. januar 2012

Putedilla!

Her i huset har influensaen herja heile veka. 
Eg og Ariel er feberfrie på 2.dagen idag. Men fortsatt veldig forkjøla, slappe og slitne. Heldigvis har både Pappa (som no ligg sjuk) og mannen stillt opp for å pleie oss :)
Eg håper inderleg mannen slepp unna!


Eg har bestilt ei ny ladning med puter frå HM Home. Dei er så fine synast eg :) 
Desse har fått plass i dagsenga som står i spisestova. Det har skjedd og skal skje ein del endringer i det rommet framover. Bilder kjem når eg er
 ferdig og fornøgd ;)

Dagsenga fekk ein mix av heimesydde og bortesydde puter :)
Eg har også gått litt amok når det gjeld blomsterinnkjøp. Det er så herleg med friske blomster i hus. Men eg har liksom ikkje energien til å plassere dei på riktig måte endå. 
Eg satser på at den kjem imorgon :) 


Eg håper du er frisk som ein fisk!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 10. januar 2012

I ♥ it

Eg var til den lokale butikken vår (Grete) og handla nokre primula her ein dag. 
Og då såg eg denne fantastiske lykta. Det vart ikkje til at eg kjøpte den då. 
Men eg tenkte og tenkte på denne lykta, 
og svak som eg er måtte eg innom å kjøpe den dagen etter. 
Viktig å klarne tankane ser du ;)


Den er røff og søt på same tid, 
så den passer kjempefint inn i den nye planen min for Fjordhuset ;)
Utsida ser ut som ein bjørkestamme med små hjertevindauge inn til telyset.
Og den gjer eit kjempefint stemningslys.


Her i heimen har det gått i omgangs- syka i nokre dagar. Det er Ariel som er sjuk, virker som om eg og mannen slepp unna. *krysser fingrane* ;)
Eg håper inderleg vi er på slutten no, 
og at ho er frisk imorgon :) 


Her blir det snart TV- titting. 
Det er obligatorisk på ein tysdag ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 8. januar 2012

A little Flower..


Ein nyinnkjøpt mini St Paulia i den søtaste potta frå Sia. 
Og det er så rett som det er sagt;

"A little flower makes me smile!" ;)

Ha ein fin- fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)


Ps; Kva synast du om den nye headeren min?:)

fredag 6. januar 2012

Ut med jula, inn med noko nytt :)

Eg blogga jo ingenting i jula, 
men her var det tradisjonell jul med innslag av raudt, kvitt, grønt og zink. 
For eitpar dager sidan heiv vi jula ut. Noko som er like herleg kvart år!
Og inn kom blant anna nye gardiner og puter :)


Eg har lenge tenkt at med kvite vegger, kvit sofa og kvite gardiner. 
Ja, då blir det litt vel kvitt ;) Det er kjempefint til sommaren, men no vil eg ha det litt lunareOg sidan det er langt til IKEA og dyrt med nye sofatrekk (det får bli seinare ;)
 så vart det nye gardiner :)


Gardinene fann eg til 40% avslag hos Princess i romjula. 
Dei er grå, med mørkare grå striper.


Etter nokre tastetrykk på HM.com vart det nye puter også. 
Eg er spesielt fornøgd med dei blåblomstrete, synast dei gjorde seg i sofaen ;)
 Og dei kosta berre 29 kr, løp og kjøp ;)
Eg er kjempefornøgd med vår
 "nye" TV-stove!


Tusen takk for alle gratulasjoner ang baby i magen :) Det varmer mykje! 
Vi gleder oss mykje til babyen kjem i juni.  Det blir rart og moro å ha ein baby i hus igjen. 
For min forrige "baby" er jo allereie 2 år! ;)


Eg håper du får ei fantastisk helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. januar 2012

Tankar rundt interiør her i heimen..

Interiør er visst noko eg ikkje heilt klarer å legge frå meg, 
sjølv om energien til å vere kreativ og redesigne ikkje er på plass endå. Men planlegge 
og sjå for meg korleis eg vil ha det.
 Det er eg god på ;)


Dei første månedane i graviditeten var eg forferdeleg kvalm, og sat for det meste i sofaen som ein slags zombie. Dette var før vi hadde pynta til jul, og pastellane
 regjerte framleis i huset. Og til mi store redsel vart eg rett og slett
 uvel av fargane. Og bestemte meg for at aldri meir 
skulle eg ha pasteller i hus.


Men som de ser på bildene, 
pastellane er her framleis ;) Planen er heller å gjere det mindre sukkersøtt ved å tilføre meir svart og grått i interiøret. Røffe det søte opp litt, rett og slett. 
Lin, zink og metall er også element eg har lyst å bruke meir av. 
Så får vi sjå med dette sakte tempoet mitt 
kor tid det blir fullført ;)


Men eg starter godt med å hente 
ein stor pakke frå Hjem- kolleksjonen til Ellos i posten idag! :)
Har du nokre interiørplaner for 2012?


Ha ein  super dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. januar 2012

Godt Nytt År! :)

Så var det plutseleg eit nytt år. 
Og bloggepausen min vart noko lenger enn planlagt. Eg har vore i veldig dårleg form 
dei siste månadane. Kvalm og forferdeleg trøtt. No er kvalmen omtrent vekke,
 men er blitt erstatta av ein rund mage ;) 


På fredag var vi på ultralyd,
 og fekk vårt første "møte" med eit komande familiemedlem :)
Alt var som det skulle vere, og det begynner virkeleg å gå opp
 for meg at i juni blir vi ein familie på 4
2012 blir eit spennande år! :)


Julafta vart feira hos mannens foreldre dette året. 
Det var kosleg, og Ariel var i ekstase over nissen og alle dei flotte pakkane ho fekk :)
Vi kom heim 1.juledag. Vi parkerte på tunet akkurat då lyset gjekk og Dagmar starta å herje. Så vart det 2 døgn heilt utan straum, og det 3. døgnet delvis utan. 
Ved hjelp av eit rødsprit- apperat frå båten til mannen fekk vi likevel 
fullført julemiddagen vi hadde invitert til 2.juledag. 
Men julestemninga vart liksom 
ikkje heilt den same
 utan strøm.


Eg kjenner eg er litt rusten på bloggefronten om dagen. Interiør har liksom 
vore veldig nedprioritert i det siste. Tanken har slått meg at eg kanskje ikkje skulle starte å blogge igjen. Men det er jo veldig motiverande å høyre at eg er sakna, 
og at eg faktisk har fått fleire følgerar på desse månedane. 
Det set eg stor pris på! :)
Og eg må innrømme at tankane svever litt rundt
 interiør igjen ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails