Viser innlegg med etiketten uterom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten uterom. Vis alle innlegg

lørdag 28. mai 2016

Terasseliv☀

Vi har hatt nydeleg ver i Nordfjord den siste veka. 
Det er herleg når vi endeleg kan "flytte ut" og kose oss på terassen. 
Vi har ein stor terasse med fantastisk utsikt over fjorden. Eg blir aldri lei av sitte 
her og sjå utover den fine naturen.

Eg vart plutseleg aleine heime idag. Den nye planen var å sitte her med vin 
i glaset og ei bok i fanget. Men då kom sjølvsagt lyn og torden på besøk. 
Difor vart det nytt blogginnlegg istaden ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 17. august 2015

Herlege sommardager!

Endeleg opplever vi sommar her i Nordfjord også. 
Vi kan ta på shorts, gå berrføtt og ete ute. V fortjener det etter lang ventetid! ;)
På same tid som sommaren er her, kom første skuledag til ei spent Ariel. 
Ho har hatt sin første skuledag idag. Det gjekk kjempefint, 
og det ser ut som om ho kjem til å 
like seg godt på skulen!
Gode vener og eit kjempebra samarbeid mellom 
barnehagen og skulen siste barnehageåret er verdifullt. 
Ho har gått i femårsklubb ein dag i veka der ho har blitt kjent med skulen og alle klassekameratane. Det kjem til nytte når første skuledagen kom!
På fritida gjeld det å nyte fineveret til det fulle, 
så lenge det varer! ;)
Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 15. mai 2015

Ut i vår hage!

I dag har vi endeleg begynt å flytte ut på terassen vår! 
Det er så kjekt å få på plass utemøblane og gjere det fint ute. 
Litt "nytt" har det blitt på terassen i år. Blant anna dette bordet som eg har måla
 i utandørs oljemåling i yndlingsfargen nude :)
Dette er mitt bidrag til nibutfordringa Ut i vår hage. 
Sjå meir hageinspirasjon her!

Ha ein fortsatt herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 4. juli 2014

God helg..

..til deg som er innom!
Eg håper sola vil skinne masse på deg :)
Klem frå Bjørg :-)

mandag 30. juni 2014

Ei sandkasse..

..trenger ikkje sjå kjedeleg ut! 
Med litt mintgrøn oljemåling på ei sandkasse frå Biltema, 
så blir den straks litt meir morosam å sjå på ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. juni 2014

Nibutfordringen; Uterom

Her kjem mitt bidrag nummer 2 til Nib sin utfordring Uterom
Eg viser nokre nye bilder og nokre reprisebilder ;)
 Uterommet vårt består av ein stor terasse med utsikt mot Nordfjorden. 
Her har vi leikehytte til jentene våre. Grill og spisegruppe. 
Sofagruppe og solstoler. Alt for einkvar smak ;)
 Og vi koser oss her!
For meir uterominspirasjon
 kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. juni 2014

Nye solstoler

Eg har lenge hatt lyst på solstoler på terassen. 
Og då gjerne dekkstoler. Men desse er ofte litt dyre. 
Difor vart eg veldig glad når eg fann slike på Jula til kun 400 pr sett (stol og krakk) 
Dei blir levert ubehandla. Men det gjer meg ingenting å måle. 
Og dei blir finare når ein får velge fargen sjølv ;)
Eg valgte fargen Marikåpe FR1321 til stolane. 
Hos butikken fekk eg blanda fargen i oljemåling til utebruk.
Dei er kjempegode å sitte i. 
Eg har ikkje hatt tid til å sitte der så lenge igongen, riktig nok. 
Men det kjem (når småbarnstida er over kanskje? ;)
Eg blir aldri lei av utsikten vår! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. juni 2014

Terasseliv

Eg viser litt bilder frå den gresk- inspirerte delen av terassen. 
Her er det deilig skygge på dagtid og mild kveldsol til rundt halv 10.
Det er så herleg ver ute, at vi nærmast er flytta ut!
Og eg liker det. Måtte det berre 
vare og vare og vare ;)
Ha ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 30. mai 2014

Litt meir plass å boltre seg på!

Vi har ikkje så stor tomt rundt huset vårt. 
Difor består uterommet vårt for det meste av ein stor terasse
Men ved sidan av terassen har vi planlagt garasje. Her er det komt opp ein mur,
 men så er vi ikkje komt lenger. Dette området har hittil vore brukt til lagring. 
Noko eg har sett meg lei av. For dette kan jo også brukast som uteområde.
 Som sagt så gjort. Vi fekk rydda. No er det på plass ein pallesofa
Og sandkasse til jentene er under arbeid. 
Vips, så vart det meir uteplass ;)
Sofus la sin elsk på pallesofaen med ein gong ;)
Sofaen er eg sett saman av 4 paller
Opp på har eg lagt ei madrass. Rundt denne har
 eg lagt på eit sengeteppe
Sengeteppet har eg fått frå Dekoria
Dekoria har eit stort utvalg av tekstiler til heimen. 
Der er blant anna sengetepper for ein kvar smak, og dei syr etter mål
 om du ønsker noko som ikkje er standard.
Sjekk ut Dekoria her!
Sofus har testa kvaliteten
Og han var fornøgd! ;)
 Eg har og laga ein gangsti av trestubber som eg har spraymåla. 
Dekorativt og moro for jentene ;)
Fin helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

PS; slenger med dette innlegget på Nib si utfordring uterom. 
Sjekk andre bidrag ut her!

torsdag 29. mai 2014

NYT!

For eit herleg ver vi har no! 
Her gjeld det å berre nyte så godt som muleg :) 
Og det er ikkje feil med laaaang helg heller. Eg held på med 
diverse måleprosjekt for tida...
 Blant anna har eg laga ein gangsti
 til jentene våre i hagen ved å spraymåle trestubber
Dei vil rotne etter nokre år. Men det er jo moro så lenge det varer ;)
 Inspirasjon fann eg her!
Eg håper sola skin på deg og!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. april 2014

Ein smak av sommar!

For nokre fantastiske dager vi har. 
Her gjeld det å nyte! Og det har vi jammen det gjort. 
Vi har meir eller mindre flytta ut på terassen denne veka. 
Eg håper vi får meir sommar, for dette gav meirsmak ;)
Ønsker deg ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. april 2014

Leikehytte - sesongen er opna!

Leikehytta er vaska og klar for vår og sommar. 
Jentene liker seg godt i hytta som onkelen bygde til dei ifjor. 
Han bygde den av restmaterialer og eg tok måle- og innredningsjobben ;)
Eit utruleg artig prosjekt!
Det er litt tomt her inne endå, 
men det kjem seg heilt sikkert etterkvart ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails