tirsdag 1. januar 2013

Bloggeåret 2012 Del 1

Godt Nyttår!
Eg er vel heime etter eit kosleg besøk hos svigers, der vi har feira Nyttår. 
No kjenner eg at eg er veldig klar for eit kreativt 2013 :) 
Planane er mange, så eg håper du vil 
fortsette å følge meg :)

Men først tar vi eit tilbakeblikk på 2012!

Januar:
 Eg kom tilbake etter ei laaaang bloggepause, og fortalte at vi venta ein liten baby i juni. 
Å lære meg å strikke og hekle var nyttårsforsettet mitt, og eg begynte så smått
 med eit putetrekk og nokre"vase og lykt-trekk". 
Svart var ein farge som det begynte
 å bli meir og meir av 
huset vårt :)

Februar:
 Kvalmen pga av graviditeten begynte å gje slepp. 
Og det var endeleg overskudd til litt kreativitet. Eit speil fekk seg ein makeover med servietter og decoupage. Eg laga ein barneuro av ein ribba lampeskjerm.
 Eg laga nøkleoppheng av nokre små rammer.
Og ein liten kommode gjekk 
frå å vere lilla til å 
bli svart :)

Mars:
 Eg laga ei tavle av sponplate, tavlemåling og magnetmåling og hengte den på kjøkenet. 
Eg sydde ei pute til Ariel sitt rom med eit hus på. Denne har eg funne igjen
 på mange utenlandske nettsider, moro at den fallt i smak ;) Ein bildevegg
 med sider frå botaniske bøker kom opp i gangen oppe. 
Og eg gjorde mange gode loppefunn. Blant anna
 fine flasker og ein vinballong :)

April:
 Eg gjekk bananas og bestilte meg gamle fargeglade retrostoff her og der. 
Dei endte etterkvart som puter i sofaen. Eg vart ferdig med eit lappeteppe til babyen i magen (som eg har brukt masse) Teppet er laga av fleire lapper som er strikka og hekla saman.
 Eg hekla også nokre vaskekluter. Og endeleg fekk dukkehuset til Ariel
 seg ein makeover, til Ariel si store begeistring :)

Mai:
 Den kule retrovogna vi hadde på loftet, fekk seg ein god vask og nysydd vognteppe. Den stod i gangen klar  for babyen som snart skulle kome. Eg hadde eit nytt "raid" hos Pappa,
 og vi fekk i hus den kulaste industrilampa. Ut med lysekrona og inn med ein litt røffare 
stil :) Vi fekk i hus ein ny skjenk som eg måla turkis. Eg digger den fremdeles :)
Bildet mitt kom på 2.plass i NIB si utfordring for mai -Nytt møter gammelt.
 Og det var jubel i heimen! Premien eg fekk var ei nydeleg pute og sokker, 
strikka i tradisjonell stil. Eg var også månadens 'Hjemme Hos' på Kulør
 si nettside. Eg feira 200 000 besøk og 700 følgerar
 med ein Give Away.

Juni:
Hermine kom til verda 21.juni. 
Den herlegaste babyen, som tok all mi tid denne månaden :)

Oppsummering av juli- desember kjem i neste innlegg.

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

6 kommentarer:

Tove `blogg verden sa...

Flotte bilder som ga meg vår følelse :D
Ønsker deg og dine et godt nyttår! Gleder meg å følge deg videre inn i det nye året!
klem Tove

Audhild sa...

Flott årskavalkade fra din supre blogg!!
Riktig godt nytt år til deg og dine Bjørg!

Gleder meg til å følge deg videre!
KLEM Audhild :)

Blåbærtua sa...

Herlige bilder:)ønsker deg et godt nytt år!
Klem fra Lillian

Jijji sa...

Godt nytt år!
Masse herlige bilder!
Gleder meg til å følge deg videre i 2013!

Klem fra Jijji

MissMette sa...

Hei, og et riktig ✲✬ᏀᏬᎠT NYTT ÅR ✯✲ til deg også Bjørg :) Nydelige bilder fra ditt vakre hjem... Jeg gleder meg til å fortsatt følge deg i det nye året som kommer :) Ha en fin uke i det nye året ღ Stor klem fra Mette

Hanne Margrete sa...

Godt nyttår:-) kjempekjekk kavalkade fra året som er godt, og jeg husker alt når jeg ser det! Gleder meg til et nytt år hos deg!

Klem fra Hanne:-)

Related Posts with Thumbnails