torsdag 11. juli 2013

Plutseleg var..

..det over ei veke sidan forrige blogg-innlegg. 
Dagane har gått fort. Sjølv om det har skjedd lite her på bloggen, 
så har det skjedd mykje i det "virkelege" liv :)

Eg har vore på "husmor"-ferie hos ei veninne i Bergen. 
Der fekk eg endeleg shoppa med gåvekortet (som eg vann i Nib si april-utfordring) 
Home & Cottage. Det var veldig moro!! 
Kva eg kjøpte skal de få sjå seinare ;)

Vi har også vore ein tur til Hakallegarden
som ligg i nærheten av Fiskå på Sunnmøre. Eg viser litt bilder derifrå idag. 
Dette er ein fantastisk plass både for små og store.
Garden har ei fantastisk ramme med flott natur, og du ser ut i havet. 
Her fann vi alpakka, esel, hester, høner, kattunger, kalkuner, geiter og mange andre. 
Dei fleste dyra gjekk fritt rundt oss, slik at ungane fekk kose og klappe på dei. 
Og for interiør- nerder som meg var det masse inspirasjon å hente. 
Utruleg flott tillaga. Gamle og fine møbler måla i sukkersøte farger. 
Og ein kafe kombinert med interiørbutikk. 
Fantastisk! :)
I fjøset var veggane i mint og rosa!
Køyre tur med Gråtass var stor stas! 
Om du befinner deg i nærheten, anbefaler eg varmt eit besøk. 
Du kan lese meir her!
Dette innlegget er på ingen måte sponsa, 
eg vart rett og slett litt betatt av plassen og ville fortelle om den :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

5 kommentarer:

Inspirasjon fra Elin sa...

man må ta seg tid til litt annet en blogging om sommeren :D Selv er jeg på Sørlandet på ferie. Reiser hjem i morgen, har glemt bloggen litt disse dagene... Det tror jeg bare er sunt. Gleder meg til å se hva du har kjøpt for gavekortet :D

toves sammensurium sa...

Herligste plassen på jord nesten....var der tre ganger i fjor og må selvfølgelig i år også.Bor et par timer unna.Nydelig kjøretur i flott natur ut,og Hakallegården er bare så kjekt med kombinasjonen dyr og interiør.Alle blir fornøyd ;)
Toveklem :)

elviras drops sa...

Så artig at du la ut bileter frå Hakkalegarden i dag, då vi har vore der i dag:-) Vi bur 1,5 time frå hakkalegarden så me har vore der ein del gongar. Rett bortom er det ei kjempefin sandstrand, og vi bruker alltid å ta turen dit etter nokre timar på garden. Fin avslutning på dagen:-)

idylloghim.blogspot.com sa...

Så koselig den plassen ser ut til å være;)) det finnes så mange nydelige steder rundt om i Norge. Fine bilder du har tatt:)) høres ut som en koselig tur. Klem klem Ann Elin :))

Eli Kristin sa...

Fantastisk sted, aldri hørt om det. Noe helt eget og mange herlige perler. Kjempekoselig!! :)

Related Posts with Thumbnails