fredag 27. juni 2014

Ut på tur..

..aldri sur!
Eg elsker å reise. Følelsen av å oppleve noko nytt ilag 
med dei eg er glad i, er veldig god! Denne sommaren reiser vi til Winchester i England.
 Det ligg ca 1 time med tog sør for London. Mannen har familie her, 
så vi har vore på besøk der nokre gonger før. Dette er ein veldig 
sjarmerande by, med mange gamle, koslege bygningar. I tillegg
 er der herleg shopping og mange fine spisestader. Vi skal bu i 
eit cottageViss du har sett filmen The Holiday, 
så skjønner du korleis dei ser ut :)
Bildet er frå forrige gong vi besøkte Winchester :)
Sjølv om feiren for i år er sikra, 
så hindrer det meg ikkje å planlegge neste års ferie ;) 
Då frister det voldsomt å besøke Astrid Lindgrens verden i Vimmerby,
 som sjølvsagt ligg i Sverige.Hos oss er Emil, Pippi, Ronja, Maddicken og alle dei andre populære både for oss foreldre, Ariel og Hermine. Det må derfor vere supert å gå i denne parken der du finn Villa Villekulla, Katthult og alle dei andre stadane 
med tilhøyrade figurer i levande live
Bildet er frå bildesøk på google.
Det blir spelt skuespill der som vi besøkande endar midt opp i. 
Når skuespillet har pause, vandrer rollefigurane blant barna. Dei tar del i leiken,
 og eg tipper dette er meget populært for dei små. Eg for min del er meget
 fascinert av det nostalgiske interiøret
så det gleder eg meg veldig til! ;)
 Bilde frå Bildesøk på google
Når attraksjonen er så bra, er det berre å finne overnatting i nærheten, spør du meg! 
Eg tok eit søk på Vimmerby hos hotelspecials.no og der fann eg eit nydeleg, nostalgisk hotel frå 1860 talet; Vimmerby Stadshotel. 
Det ligg nært sentrum og Astrid Lindgrens verden. 
Og i tillegg serverer dei eigen barnebuffe, 
noko som passer bra for mine 
to kresne jenter ;)
 Bilde frå hotelspecials.no

Eg trur at også neste års ferie er i boks ;)
Kva slags planer har du for sommaren?

Klem frå Bjørg :-)

4 kommentarer:

Lynetmor sa...

Hei, høres ut som noen koselige ferieturer både i år og neste år :-) Anbefaler Astrid Lindgrens verden, var der for 3 år siden. I år skal vi en uke til Danmark, to dager i Tyskland og fire dager i Sverige. Gleder meg :-)
Ha en fin helg :-)

Hege Gjerde sa...

Høres veldig kjekt ut :)
I sommar skal vi gifte oss, så det blir nok ikkje mykje farting på oss :) Kanskje nokre dagstura i nærområdet (Stryn, Loen, Olden, Valldal) Vi får sjå :)

Johanna sa...

Astrid Lindgrens verden var kjempekjekt, eg var der ilag med mine foreldre og småsøsken for 4 år sidan, eg var då 17 og minstesøstra mi var då 9 år. Me følte kansje me var litt for store, men koste oss alikavell :)

I år skal eg og samboaren min ikkje så mykje, kanskje ein tur til Borgøy ei helg :)

Fin blogg du har! Alltid kjekt med nye innlegg frå deg!

tatjana sa...

Great houses, I would like in the yellow house of Pippi live with the horse :-)).
Have a nice weekend wishes you Tatjana from Bavaria

Related Posts with Thumbnails