onsdag 15. oktober 2014

Litt nytt på favoritt-skjenken

Mitt favoritt- møbel må vere den turkise skjenken i TV- stova. 
Den kom til oss på rein impuls. Ei dame eg kjenner skulle kvitte seg med den. 
Eg slo til og tok den med heim. Sjølv om eg egentleg ikkje hadde plass. Det 
ordna seg, og snart vart den måla turkis. Ikkje eit heilt vanleg valg. 
Men eg digga den fargen, og det gjer eg fortsatt :)
I dag har skjenken fått litt nytt på seg.
 Eg har lengta etter tulipaner. Dei er så fine!
Crispy og rosa tulipaner. Gleda var stor når eg fann dei på Plantasjen :) 
Lysestakane har eg hatt ei stund, dei er frå Søstrene Grene.
 Lampa er den eg hadde på leksepulten min som lita jente. 
Den var brun, men etter ein omgong med grøn spray
 så passa den mykje bedre inn i heimen vår :)
Eg håper onsdagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

5 kommentarer:

sandrynka sa...

so beauty!!! :)

Frøken Loppe sa...

Hei!
Den er såååå fin den benken din, og fargen er berre heilt e l s k!!!
Kan eg spørre om kor du har kjøpt spraymalinga til lampa? Har leita etter ein slik farge på spray, men har ikkje funne....
Ha ein flott dag!
klem

Erin {House of Turquoise} sa...

I hope it's ok that I use some of your beautiful photos on my blog tomorrow! Your home and photography are amazing! I will be linking and crediting you for your photography of course! Tusen takk!

Gina T-N sa...

Er så koselig med nostalgiske gjenstander som lampen du hadde da du var liten! Den passet veldig godt inn. Og jeg elsker selvfølgelig både selve sjenken og ikke minst fargen! :-)

Fortsatt god helg til deg og dine!

Klem fra fargehverdag Gina

Landliv med sjel og sjarm sa...

Så flott, nydelig farge og flott interiør. God helg

Related Posts with Thumbnails