På ferieturen vår til Lillehammer så vart det nokre bruktbutikk- besøk på meg.
Slikt er ikkje så enkelt med 2 små som skal passast på samtidig.
Men eg er kjempefornøgd med dei tinga eg fekk med meg!
Sjølv om eg løyste svetten og sikkert
såg ganske panisk ut ;)
Blant anna fann eg denne tallerkenhylla.
Den var litt slitt og med perfekt blåfarge. Heilt meg med andre ord ;)
Også er den stor nok til å romme samlinga mi av serveringsfat.
Jubel ;)
Eg må seie det er moro å gå i bruktbutikker på nye stadar.
Plutseleg så finn ein det ein har leita etter lenge. Eg hadde faktisk 3 tallerkenhyller å velge mellom på denne bruktbutikken! Der eg pleier å gå
finn du omtrent aldri slikt!:)
Bruktbutikken heiter Ting og Tøy og ligg i Lillehammer sentrum.
Vi besøkte også ein i same kjeden i Otta. Dette er store bruktbutikker med herleg utvalg!
Eg har handla litt meir som eg skal vise seinare ;)
Tallerkenhylla er bytta ut med den kvite som hang her før.
Dette er i spisestova på veggen mot kjøkenet :)
I morgon begynner Ariel i barnehagen igjen etter 4 veker ferie.
Det gleder ho seg veldig til! Og eg får meir tid til diverse målejobber
som har vore utsatt lenge. Det skal bli
godt å kome igong ;)
Ha ein flott søndag kveld!
Klem frå Bjørg :-)