torsdag 4. november 2010

Beste jenta! :)


Eg skulle egentleg vise nokre prosjekt eg har holdt på med i det siste. 
Men lysforholda er mildt sagt dårlege for fotoshoot når eg kjem heim  etter jobb. 
Derfor viser eg heller bilder av det beste eg veit: 
 ♥ Ariel -jenta mi 

Og ønsker samtidig alle ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)
(Ta gjerne turen her og stem på meg, eller andre blogger)

tirsdag 2. november 2010

NIB utfordring- stove

Eg veit at eg har vist bilder frå TV-stova vår til det kjedsommelege i det siste. 
Og idag er dessverre intet unntak ;) Grunnen er sjølvsagt NIB 
si utfordring for November, nemleg å
 vise stova di :)


Så her er den igjen :) 
Skoddene er redda frå jonsokbålet og er måla i fargen Hammershøi. 
Eplekasse som har fått fargen isvann og huser mine høgt elska 
interiørblad. Lyslyktene er Norgesglas/ syltetøyglas
 som er "pimpa" med stoff 
og blonder.


I dag har eg hatt min arbeidsdag nr 2 etter ferdig permisjon. 
Og det virker som ein kjekk jobb eg har starta i. Dagane går fort, og det er 
mykje å gjere. Og det er endå koslegare å kome heim til 
mine 2 favorittpersonar ;)
Tusen takk for alle gode ord de legg igjen. 
Eg har ikkje vore så flink til å legge igjen spor i det siste, men eg kjem sterkare tilbake :)
 Tida strekk ikkje til så mykje som eg vil! Eg vil og takke de som har stemt 
på meg på Boligblogg
det varmer!! :)


Dette var altså mitt NIB- bidrag denne måneden. 
Sjå alle dei andre flotte stovene i konkurransen her
Lukke til alle saman! :)
Eg håper alle får ein fin kveld! 

Klem frå Bjørg :-) 
(som har inntatt sofaen ;)

søndag 31. oktober 2010

God søndag! :)


Vi har hatt ei kosleg helg i Fjordhuset. 
No er det berre å lade opp til i morgon! For no er det slutt på den 
herlege permisjonstida, dessverre...

(bildene er frå spisestova vår ;)
I morgon kl. 14.00 er eg "working girl" igjen! 
Ny jobb og ny tilværelse. Spennande, trist, 
godt og forferdeleg på same tid ;)
Så kosleg at 3 flotte damer ville vere med på Pay it Forward
Send meg adressa på husetvedfjorden@hotmail.com så kjem
 det ein overraskelse i posten om 
ikkje lenge :)
Ha ein flott søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 29. oktober 2010

Pay it Forward


Eg var så heldig at eg vann trekninga på Sophie Mari sin Pay it Forward
Og for litt sidan kom det pakke i posten :) Og det er jo alltid kjekt! 
Pakken inneholdt flotte ting som ho har laga sjølv:


 
Eit vintagetrekk som eg trur er meint for presskanne, 
men sidan eg ikkje har det, har eg pynta ei potte istaden :) Og dei søtaste øyredobbane 
fekk eg og. Sjekk ut butikken hennar her og la deg friste. 
Det har eg gjort ;)



For den som ikkje veit kva er Pay it Forward er for noko, så kjem forklaringa her ;

 1.Du kan melde deg på under her (skriv om du vil vere med i  kommentaren din) 
2.Så får du ei gåve i posten frå meg etter ei stund
3.Deretter skal du sende gåve vidare til 3 andre som vil vere med
4.Du bestemmer sjølv kva gåva skal innehalde.

Om du synast denne pakkeleiken høyres moro ut; 
Sleng deg med då vel ;) 

Første dame til mølla! 
3 første som skriv at dei vil vere med, er med ;)


Ha ein fin fredag alle saman, 
og god helg!

Klem frå Bjørg :-)

PS; tusen takk til alle som har stemt på meg på Boligblogg :) 
Om du har lyst å stemme idag,
 kan du gjere det her!

torsdag 28. oktober 2010

På BoligBlogg si liste :)

Huset ved Fjorden er no registrert 
hos BoligBlogg på magasinet Bolig Pluss sine flotte internetsider.
Her kan du stemme på dine Bloggfavoritter.


Om du synast eg fortjener det, kan du stemme på meg her! 
Då blir eg kjempeglad! :)

Ha ein fin torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. oktober 2010

Rosa babyteppe klart for sending :)


Eit rosa babyteppe er klar til sending. Det er laga av lapper av bomullsstoff 
i rosa- farger. Baksida er av mjukt flanellstoff. 
Eg håper mottaker blir fornøgd! :)

Om du er interressert i eit slikt, kan du bestille ved å sende meg ein epost; husetvedfjorden@hotmail.com
Du kan og klikke deg inn her
Eg har som regel 1-2 veker 
i leveringsstid.
Eg håper alle har ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. oktober 2010

Liten kommode Før/etter

Den eine vesle kommoden 
eg kjøpte på bruktbutikken er no (nesten) ferdig oppussa.

Før/etter:


Og her fallt valget på den lilla fargen Lavendel
Herleg dus, lilla pastellfarge. Den passer fint i alt det kvite og dæsjane eg har 
med grønt, blått og gult synast eg.


Handtaka skifta eg ut med desse i trekvit
Desse målte eg og lilla. Den som har eit skarpt auge ser sikkert at frontene 
på skuffene skal ha eit strøk til med måling ;) Og det skal dei få (snart) 
Sånn er det når ein er veldig gira på 
å stæsje og ta bilder ;)


To av vasane mine frå Rice har fått selskap
 av denne lyselilla vasen som er kjøpt på Kremmerhuset.
Dei passa godt til den lilla kommoden synast eg.
Det mangler berre blomster å ha i ;)


Eg har ein til slik kommode. 
Den skal få ein heilt anna "look". Planane er klare ;)

Eg ønsker alle ein strålande mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 24. oktober 2010

TV-stove + søt sak!

Så var det søndag igjen. 
Mannen er komt heim frå jobb. No venter 1 veke fri og 10 veker pappaperm på han. 
Og eg...jo, om ei veke starter eg i jobb. Litt blanda følelser der 
kan du seie!


Det blir litt godt, samtidig som eg veldig gjerne kunne tenkt meg 
å vere heime med Ariel  litt lenger. 


I vinduskarmen i TV-stova,
 har det dukka opp ein søt liten kar.


Denne yndige Bambien vart med meg heim frå Kremmerhuset. 
Eg klarte faktisk ikkje å la vere ;)


Denne IKEA stolen har flytta frå gangen oppe og ned.  Det er veldig greit med 
ein stol der vi tar av og på sko. Skinnet er frå Bohus
og pleddet frå Spar Kjøp.


Dagen idag har gått til Arielkos, foccacciabaking, Lost- sjåing og ikveld 
skal eg sy litt før det blir TV-kos med mannen.
Ein god dag med andre ord!


Eg håper alle som er innom har ein god dag!:)

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. oktober 2010

Vintage hjerter :)

Eg er som sagt før "angrepen" av sydilla for tida. 
For litt sidan vart eg ferdig med nokre 
vintage- hjerter.


Dei er sydde av linstoff. 
Og kvart hjerte har fått på eit vintage- strykemerke. 
Ellers er hjertene forskjellig pynta med band, blonder, hekleblomster og knapper.


2 av desse hjertene blir idag 
sendt til dei som vann trøstepremie i min Give Away.
 Eg håper dei vil falle i smak.


Eit av hjertene skal eg behalde sjølv. 
Hjerter får ein aldri nok av, 
spør du meg :)


4 av hjertene er lagt ut for sal i Fjordbua
Trykk her om du vil ta ein titt ;)


Eg håper alle har ein strålande laurdag, 
og god helg!

Klem frå Bjørg :-)
(som har skikkeleg julestemning idag!)

torsdag 21. oktober 2010

Barndommens bøker ♥

Eg har alltid vore veldig glad i bøker
Framleis husker eg den gode følelsen då eg hadde lest mi første bok frå perm til perm. 
Heilt aleine. Eg var 7 år og boka var Bobseybarna. Sidan det slukte eg bøker, 
kunne lese 2 på ein dag. I seinare tid har eg og arbeidd 
i ein bokhandel. Noko eg likte 
veldig godt.


Difor gleder det ekstra i mammahjertet, når Ariel allereie no viser interesse 
for bøker. Ho blader entusiastisk i bildebøkene sine
 og babler begeistra ;)




For litt sidan fekk eg med meg heim ein pose bøker eg og søskena mine hadde når vi var små. Dette var som å hoppe rett tilbake i barndommen. Spesielt ved 
synet av desse eventyr- bøkene. Eg husker eg 
var heilt betatt av dei 
flotte bildene.





(Legg merke til veldig ung Bjørg som har skreve namnet sitt øverst til venstre ;)
Dei viser spor av å ha vore mykje i bruk. Noko eg synast er herleg. 
For meg er desse nostalgiske minner eg er glad for at 
Ariel skal få ha i sin barndom 
også :)


Er det nokon andre som husker 
desse bøkene? 
Som de ser fekk eg ordna lagringsproblemet mitt. 
Eg kjøpte 20 GB for ca 30 Nkr. Det burde vel 
holde ei stund ;)

Ha ein flott kveld alle saman!

Klem frå Bjørg :-)


tirsdag 19. oktober 2010

DIY; Lyslykt

I går fekk eg spørsmål om korleis eg har laga lyslyktene mine.
 Så eg tenkte eg skulle lage eit innlegg om dei idag ;)


Det er veldig enkelt. 
Eg har brukt stoff (gamle sengesett) frå bruktbutikken, blonder/pomponger
 frå Panduro og Norgesglas/syltetøyglas.



Eg har klipt til stoffet slik at det passer rundt glaset. 
Ta litt ekstra slik at du får sydd kant oppe, nede og på sida. Sy på blonder eller pomponger. 
Til slutt syr du det saman slik at du får tredd 
det nedover glaset.


Og det geniale er at du kan skifte trekk etter sesong og humør.
Til jul skal eg sy nokre som er meir "julete" ;)


Trekket gjer at dei blir veldig stemningsfulle,
 synast eg :)
Når eg dreiv å lasta opp bildene fekk eg beskjed om at eg har brukt opp
 lagringsplassen min for bilder. Og at eg må kjøpe meir. 
Nokon som har erfaring med dette? 
Blir veldig glad for hjelp :)

Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails