torsdag 9. juni 2011

Blir det hage på oss?

Her i heimen går det i hage-planlegging for tida. Vi har fått byggeløyve (frå vegvesenet) som er det viktigaste sidan vi bur nær vegen. Kommunen gjenstår, men vi har fått signal på at dette går greit :) til garasjen som skal ha veranda på toppen, og mannen er begynt på arbeidet. Det kjem ikkje til å skje så mykje i sjølve hagen før litt fram i tid. Men det er viktig å ha planane i orden ;) 
Isabella har mykje flott inspirasjon til hagen og huset også, 
for den saks skyld ;)

Sølvrammene mine har fått florabilder, frekt og freidig utskrive frå internet. 
I påvente på å finne nokre ekte og gamle :)

Ha ein strålande torsdag!
Husk Give Awayen min, link øverst til høgre ;)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. juni 2011

Sy-kos!

No og då dater eg symaskina mi. 
Og det er kosleg selskap. Så lenge alt går som det skal ;)


Denne gongen har den nymåla korgstolen min fått seg rund pute
Eg har og sydd matchande "hette" til eit sylteglas. Denne kan brukast både som telys og vase. Alt dette er plassert i gangen, som absolutt trengte nokre rosa fargeklattar! 
Kun nærbilder denne gongen, fordi resten av gangen
 er ikkje bloggbar! ;)



Husk Give Away her, den trekkast på søndag
 så sleng deg på då vel ;)

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 6. juni 2011

Nytt på Kjøkenet :)

Eg har gitt opp "kampen" og investert i voksduk på kjøkenet. 
Bordplata er blitt litt stygg og vanleg duk blir skitten omtrent før eg har lagt den på bordet ;)
Den store investeringa var det jo egentleg ikkje. Fin, søt og rosete til 80 kr, 
Europris er ein super butikk ;)


Ellers så blomster det flott i Fjordhuset for tida. 
Eg kjøper meg nesten alltid ein blomsterbukett til helgane. 
I tillegg har eg plukka inn syriner (frå foreldra mine sin hage) Dei har ei fantastisk lukt som minner meg om barndommens sommar (Du veit, då det faktisk var sommar ;)


Og ikkje nok med det så hadde vi kjempekosleg besøk hin dagen. 
Og då fekk eg peoner, for første gong. Og eg er forelska! 
Dei er så flotte og lukter heilt himmelsk:)
 it!


Om du ikkje har gjort det før, kan du ta lodd i min Give away her
Berre ein liten kommentar og ein herleg Durance Husvask 
frå Arbeidshuset kan bli din ;)


Eg ønsker deg ein strålande mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 5. juni 2011

Gåvedryss del 2 :)

Då var det søndag allereie, 
og tid for trekning og ny Give Away i Gåvedrysset mitt :)
Først tar vi den nye Give Awayen som du kan melde deg på
 under dette innlegget;



Arbeidshuset blir dreve av mor og datter, Eva og Stine. Dette er ein gåve og interiørbutikk innenfor sjangeren fransk landstil og shabby chic. Dei held til i eit kosleg gammalt hus i Visnes. Eg har aldri fått gleda å besøke denne butikken. 
Men nettbutikken som du finn her kan ein kose seg med i timesvis ;) 
Du kan like Arbeidshuset på Facebook her.

Dei har vore så snille å sponse gåvedrysset med denne herlege 
husvasken frå Durance som lukter lavendel. Den gjer husarbeidet
 mykje trivlegare ;)

Husvask fra Durance - LAVENDEL 

Om du har lyst å vinne denne kan du legge igjen nokre ord under dette innlegget. 
Du må gjerne linke til Give Awayen med det øverste bildet;) Men dette er sjølvsagt heilt opp til deg! Om du ikkje har egen blogg kan du velge anonym når
 du legg igjen kommentar. Husk å legge igjen epost-adresse 
slik at eg får tak i deg :)

Den heldige vinnaren blir trekt neste søndag (12.juni)

Vinnaren av forrige Give Away med premie frå den lekre nettbutikken
Din Kjøkkenkrok vart Hulda med bloggen Husfruas Memoarer. 
Hulda skriv ein av mine favorittblogger, så det var veldig stas at random.org trakk ut deg!
 (og det på nr.1!!:) Tusen takk til alle som deltok og takk for slike fine ord! 
Det varmer mitt 

Eg håper du vil vere med å prøve lykken ein gong til ;)

Ha ein flott dag, satser på at sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 4. juni 2011

Eg ønsker deg...

....ein strålande laurdag!
Her skin sola, og eg venter berre på at Ariel skal våkne
 så blir det ut ein tur :)


I morgon blir det trekning av premie frå Din Kjøkkenkrok
om du ikkje har tatt lodd kan du gjere det på linken øverst til høgre :)
Det blir også ny Give Away imorgon med
 kjempeflott premie!

Nyt dagen!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 2. juni 2011

Mai kom og gjekk...

...Og no kjem juni med sommaren? Det er lov å håpe ;)

Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

Husk Give Away her! ;)

tirsdag 31. mai 2011

Eg ♥ Tilda

Det kjem nok ikkje som ei bombe på nokon at eg digger Tilda! ;) 
Figurane, fargane, rosene, prikkane....
ja, alt fell i smak.


Difor var forventningane store til den nye boka "Tildas Atelier",
 som kom ut no nyleg. Og boka innfridde
 så absolutt! :)

Eg har brukt eitpar kveldar der eg har kosa meg stort med boka. 
Den har nydelege interiørbilder. Slike som gjer meg inspirasjon i lassevis!
Kort oppsummert er boka ein fargeeksplosjon. Flotte Tilda-produkt blanda med 
gamle møbler og nyare ting.  it ;)

Du kan sjekke ut heimesida til Tilda her, for endå meir inspirasjon.

Tilda- englane har eg aldri prøvd meg på å sy. 
Men no trur eg jammen eg skal prøve. Når eg får tid, ein gong ;)

Ha ein flott tysdagkveld!

Klem frå Bjørg :-)

PS; husk å melde deg på Give Away som trekkast søndag. 
Du kan vinne flott premie frå Din Kjøkkenkrok. Link finn du her :)

mandag 30. mai 2011

Gåvedryss! :)

Besøket på bloggen nærmer seg (for meg) svimlande 100 000 besøk. 
Og det er utruleg moro! Eg husker godt når eg starta å blogge i februar ifjor kor glad eg var for kvar einaste følgar og besøk eg fekk. Jubelen var stor i heimen når eg etter eitpar 
veker hadde 10 besøkande kvar dag ;) Besøkstalet og følgerane mine har auka jamnt
 og no er ca 300 innom kvar dag, og eg har runda 400 fantastiske følgera.  
Eg er utruleg takknemleg, det er du som 
gjer det verdt å blogge :)
Så no er det på tide å gje noko tilbake til de som er så snille at de besøker 
Huset ved Fjorden og til de som gjer meg slike søte tilbakemeldingar! 
Tusen takk!:))

Eg har vore så heldig å få nokre flotte sponsorer 
som vil gje vekk supre gåver i min Give Away. Først ut er den fine nettbutikken 


Her finn du mykje lekkert til kjøkenet. Eg har allereie latt meg friste ;) 

Sjekk ut nettbutikken her!
Bloggen her!
Facebook her!


Veldig greit å følge med på
 både blogg og facebook for å få med seg nye varer og gode tilbod ;)

Det du kan vinne er dette;

Ein lekker gryteklut + kjøkenhandkle :)


Det einaste du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar under dette innlegget. 
De som ikkje har blogg kan velge anonym i kommentarfeltet. 
Husk å legge igjen epost-adresse slik at eg får tak i deg :)
Om du har lyst å linke blir eg kjempeglad! 
(bruk det øverste bildet i innlegget ;)

Vinneren blir trekt neste søndag (5.juni) 
Og då kjem det også ny sjanse å vinne ein flott premie :)

Lykke til!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. mai 2011

BoligPluss og Frankrike!

Eg hår fått nokre overaskelser angåande bloggen i det siste. 
Først kom ein krakk eg pussa opp ifjor på tips-sidene i nyaste BoligPluss, 
noko som er kjempestas! :)


Eg pleier å følge litt med på statistikken på bloggen.
Spesielt kjekt er å sjå kor leserane kjem frå. Her om dagen såg eg at det kom ein del lesera frå ei Fransk nettside. Eg sjekka ut sida og fann eit heilt innlegg frå kjøkenet vårt! 
Du kan lese det herHeilt rart og sprøtt. No håper eg det står positive ting der. 
I følge google translator ser det bra ut, 
men den kan jo oversette
 litt dårleg!?


Bildene var gjengitt uten min tillatelse, 
men det var godt linka tilbake. Så då velger eg å godta det. Blir jo litt stolt og ;)
Kva synast de andre om slik kopiering?

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

PS; på søndag blir det Give Away feiring :)

torsdag 26. mai 2011

Gammal Flora

For litt sidan etterlyste eg gamle plansjer og floraer her på bloggen. 
Eg fekk nokre gode tips, som eg skal følge neste gong ;) For det eg gjorde var å kjøpe 
ein gammal flora på finn.no. Uten å ha sett bilder eller noko, men fekk beskjed om at det var blomster-teikningar i den. Eg vart litt skuffa når den kom. Den var ikkje heilt slik
 eg hadde sett det for meg;


Men det var jo litt fint likevel?
Kleklypene vart pastellfarga og prikkete ein kveld eg kjeda meg, 
mangt ein skal finne på ;)

Ha ein fin kveld!
Eg skal fortsette å pleie hovudet mitt, 
som er begynt å kome seg etter dundrande hodepine! :/

Klem frå Bjørg  :-)

onsdag 25. mai 2011

Familiebilde- Vegg ♥

Det gjekk ikkje lenge før det vart forandring i denne kroken igjen ;) 
Eg trur det har med å gjere at det er hit eg har utsikt frå sofaen! Og då popper nye ideer fram heile tida :) (kan vere litt travelt opp i mitt lille hode ;)


Eg har lenge følt at vi mangler ein bildevegg. Før har vi hatt litt bilder her og der, 
men det finaste er å samle alle på ein stad, synast eg. Så begynte eg å tenke på nokre gullrammer som vi hadde liggande. Og plutseleg låg rammene
 på bordet og like etter vart dei pastell- grøne.



Eg skreiv ut nokre bilder av oss 3 som eg liker godt. 
For å få eit "roleg" inntrykk gjorde eg dei om til svart/kvitt.
Det er enkelt å skifte ut bildene om eg skulle få nokre andre "favorittbilder" seinare :)


Eg håper du har ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. mai 2011

Fin oppbevaring :)

Med papir- rullane eg viste i forrige innlegg har eg dekorert esker.
 Kjekke å ha til oppbevaring, og det får ein jo aldri nok av. Samtidig så vart dei 
fargeklattar i interiøret :)


Denne gongen har eg brukt esker bestilt frå Panduro, 
men ein kan like gjerne bruke for eksempel sko- esker. Den rosa boksen har eg "tapetsert" 
med gåvepapir (brukte limstift) og lokket måla eg grønt. Labelen foran hadde eg i scrappesakene mine (denne er også måla grøn)


Eska med muffins på, der er lokket "tapetsert" med eit scrappeark,
 boksen har sin opprinnelege farge. Og denne har også fått ein label på. Denne blir fin å oppbevare muffins- formene mine i :)


Det vesle bordet eg har styla eskene på vart også utsatt for papir i si tid ;) 
Denne har fått scrappeark med decoupage lakk over og under.


Den største boksen er ein Tilda- boks. 
Eg frykter at eg er blitt hardt angrepen av eske- dilla! ;)
Men oppbevaring er vel ikkje det verste å utstyre heimen sin med?


Eg ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. mai 2011

Eg ♥ Papir

Papirsamlinga mi blir stadig større. 
Etter ei bestilling frå Panduro har denne korga med gåvepapir og
 tapetprøver fått besøk av nokre Tilda-ruller.


Gåvepapiret frå Panduro er av god kvalitet. 
Og det er mange lekre design å velge blant. Når rullen er på 10 meter og koster 59 kr, 
synast eg at det er ein fin pris.

(obs! Gåvepapiret øverst til høgre er frå Åhlens)

Og det er veldig kjekt å ha litt utval i papir, ikkje berre til å pakke inn gåver. 
Det kan brukast til så mykje anna og. Eg har drive med litt papirhobby i det siste. 
Det kjem snart på  bloggen ;)

Tellaren på bloggen tikkar trufast mot 100 000 besøk. 
Heilt utruleg! Og det må jo feirast!! 
Følg med, følg med ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. mai 2011

TTT

For ei stund sidan skreiv eg om at eg hadde store planer for Ariel sitt rom. 
Status er; framleis mange planer, i praksis; lite framgong. Problemet er at eg er ei kløne med verktøy, og her må det brukast. Og mannen har meir enn nok å ta seg til rundt huset. 
Så her må ein smøre seg med tålmodighet, 
om ein berre hadde ein
 dose av det ;)

Nokre småglimt kan eg likevel vise fram;


To be continued...ein eller annan gong ;)

Ha ein flott fredag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 19. mai 2011

Dilla på Lilla ;)

Eg har allereie hatt 'dilla på lilla' ei stund. 
I følge Nib er dette ein hot sommerfarge, og dei vil gjerne sjå korleis 
vi bruker fargen lilla i heimen. 
Her er mitt bidrag;


Denne vesle kommoden var det første møbelet som  vart utsatt for målekosten,
 og fargen Lavender. Og eg vart forelska ved første blikk ;) 
Etterkvart fann fleire lilla småmøbler -og ting 
sin plass i Fjordhuset.


Ein krakk...


Ei korktavle...


Ei ramme...


Og meir lilla blir det nok ;)
For herleg lilla inspirasjon, trykk her!

Ha ein super torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)
PS; beklager gjenbruk av "gamle" bilder. Lover å vise 
noko nytt om ikkje lenge ;)
Related Posts with Thumbnails