søndag 7. oktober 2012

Give Away :) AVSLUTTA

Ramsign er etterkvart ganske kjent i Blogglandia
 via diverse Give Aways og god omtale. Dei lager ekte gammeldagse, hånd-sjablonlagde
 husnummer/ dørskilt med originalt design og fet blank emaljering. 
Eg har "sikla" etter eit av dørskilta deira lenge! Eg synast dei er 
kjempefine og eit slikt hadde vore perfekt ved 
inngangspartiet vårt. Men det er ikkje eg
 som er den heldige denne gongen, 
det kan vere deg! ;)

Det er altså min tur å gje vekk eit 
husnummerskilt med 1-5 siffer til ein heldig leser :)
Under her ser du dei 5 forskjellige design Ramsign har som du kan
 velge mellom om du skulle bli 
den heldige ;)

Arrowhead


Engelhardt


Highlander


 Lighthouse

Metropolitan

For meir informasjon kan du sjå nettsida deira her!
 Og du kan like på facebook her!


Eg synast det enkle ofte er det beste. 
Difor treng du kun å legge igjen nokre ord under her, 
om du vil vere med på moroa ;)

1 kommentar= 1 lodd
Trekning 21.oktober

Lykke til! 

Klem frå Bjørg :-)

fredag 5. oktober 2012

NIB utfordring oktober - Bad


Eg har lyst å bidra i NIB si utfordring for oktober, nemleg bad! 
Badekaret er ein stad eg bruker altfor lite tid i, men eg er grådig fornøgd med det :) 
Det er fint og mjuker opp det meir stramme golvet og veggane vi har på badet. Eg er generelt veldig fornøgd med badet vårt. Vi pussa det opp for 3 år sidan, 
så det er ganske nytt. Det er stort med mange vinkler og kroker.
 Og det er difor vanskeleg å ta fine bilder av det, sjølv om lyset er flott her :)
Så eg melder meg på i konkurransen med dette bildet. 
Sjå dei andre bidraga her!

Ha ei flott helg alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. oktober 2012

Litt barneromsbilder..

...på ein torsdag :)
Det er ikkje så mykje nytt på rommet. 
Men ein nygammal kommode har fått plass her sidan sist. 
Ein oppussing på denne er under vurdering ;) Den er hvertfall super å ha 
dukkehuset til Ariel på. Og ekstra oppbevaring er 
heller ikkje dumt :)





Eg håper torsdagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. oktober 2012

Ny kompis!

Eg vart spurt av Whiteaway om eg ville teste ut ei vare frå nettbutikken deira,
 og skrive om den her på bloggen. Valget fallt raskt påstøvsugeren

 Etter å ha testa den ut, skjønte eg at denne burde ha komt i hus mykje før! 
Den er så enkel og grei i bruk. Kosten og brettet har eg kasta ut, og støvsugeren vi har frå før skal få kvile litt meir. Er det noko som får fram aggresjon i meg, så er det ledninger
 og slanger "overalt" når eg støvsuger. Denne går på batteri (varer ca 20 min i slengen) 
og har ingen slike irriterande ledninger og slanger som gjer 
meg raud i toppen ;) 

 Den har også ein handstøvsuger du kan bruke for seg. 
Når du er ferdig å støvsuge setter du den enkelt tilbake i ladestasjonen. 
At den er kvit og passer inn i interiøret er ingen ulempe heller ;)
(og sjølvsagt bruker eg alltid fine sko når eg støvsuger ;P )

 Nettbutikken til Whiteaway finn du her! 
Dei sel eit godt utval av kvitevarer på nett, er billege og du får gratis levering på gateplan. 
Og dette er ikkje fordi eg er sponsa, men fordi den er min nye kompis;
Sjekk ut støvsugeren her!

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 30. september 2012

Hermine sin dåp

I dag har vi døypt Hermine. 
Dagen har vi feira ilag med familien, og den har vore veldig fin!
Først var vi i ei flott gudstjeneste, deretter var det middag og kaker hos oss. 
Hermine har vore ein liten engel i heile dag og vore
smilande og blid for det meste ;)
Her kjem eit lite bilderas;








Vi har hatt ein veldig flott dag, men det er godt å vere ferdig og. 
No er bunaden av og kosebuksa er på ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. september 2012

Det er..

..travle dager i Fjordhuset. 
På søndag skal Hermine døypast, og det er sjølvsagt litt å gjere før det. 
Difor blir det stille frå denne kanten til over helga.


Kanskje det blir eit bilde eller to frå barnedåpen
 i eit innlegg neste veke? 

God helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 26. september 2012

God kveld! :)

Eg har plutseleg fått kvelden tilbake. 
Begge jentene er i seng i halv 8 tida og eg nyter "stillheten"!
Her er utsikten min i kveld. Ja, også TVen då, 
som befinner seg til høgre for
 motivet her ;)

Det er morsomt å lese kva farge de trur spisebordet skal få. 
Kanskje eg blir ferdig med det iløpet av neste veke, 
så skal de få sjå ;)

Fin kveld til deg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. september 2012

Oliventre

Eg har tatt inn oliventrea eg har hatt ute i sommar. 
Det er minusgrader på natta her, så då er det vel på tide :)

 Eg har googla overvintring av oliventre. 
Og fått litt forskjellige svar. Det aller beste er vel egentleg å la trea stå lyst, men kjølig. Foreksempel i ein kjeller med vindauge. Og dei skal ha nokre desiliter vatn i veka. 
Men eg har og lest at trea kan overvintre i stova, men at dei då treng meir vatn. 
Så eg satser på det siste, dei er jo så fine at eg ikkje vil
 gøyme dei vekk i kjelleren ;)


 Dette er kanskje siste gongen eg viser fram spisebordet vårt
 i sin opprinnelege brune farge. For no skal det fornyast. Måling er innkjøpt idag ;) 
Kva slags farge trur du eg har valgt? ;)

Ha ein flott tysdagkveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. september 2012

Rund heklepute

Eg er ferdig med den runde puta eg har hekla på. 
Sidan det er det eg kan innen hekling, er den laga av fastmasker ;) På baksida har eg sydd lommeopning av eit bomullstoff. Puta er rosa, grøn og kvit som er ein av mine favorittfargekombinasjoner. Planen er å ha den på rommet til Hermine. 
Eg har lyst til at desse fargane skal dominere rommet. 
Snakk om å begynne i feil ende. Rommet skal
 pussast opp, og vi er ikkje begynt endå. 
Men puta! Den er ferdig ;)



Eg håper du har ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 21. september 2012

Frå signal- gul..

...til isvann. 
Ein av dei gule stolane mine har møtt målekosten igjen. 
Eg følte for ein mildare farge og fann fram fargen isvann. Ein nydeleg dus blåfarge. 
Stolen har også fått nytt lintrekk med trykk. Om eg skulle savne den slik den var 
har eg gulfargen i skapet og det blomstrete trekket 
er framleis på, under det nye ;)







Her ser du korleis stolen har sett ut før :)

Eg ønsker deg ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. september 2012

KK Living

Mandag kom det ut nytt nummer av KK Living. 
Ein ny favoritt i bladhylla :) Og sjå her kven som stikke "trynet" 
og sofaen sin fram i dette bladet då ;) Skikkeleg rart å sjå eit bilde eg har tatt på trykk i eit interiørblad. Det er eit lite bilde, men stort for meg ;) 
Gleder meg til å få premien i posten. 
Tusen takk KK Living ;)

 
Her er ein liten smakebit på kva eg har på heklekroken for tida. 
Det skal bli ei rund pute i min favoritt- farge- kombinasjon grøn, rosa og kvit. 
Og bombe; den er laga av fastmasker ;) kanskje det snart 
er på tide å lære noko nytt?

Fin onsdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 17. september 2012

Mine haustfarger

No når hausten er her og det går mot mørkare tider,
 så har eg fått behov for varmare jordfarger i heimen. Stilen er litt røffare
 og nedtona i fargeskalaen enn kva eg pleier. Pastell er jo kjenneteiknet
 på interiøret i Fjordhuset, og tru meg; 
det finns her framleis, berre i litt
 mindre skala enn før ;)

Kommoden eg har fått etter Besta har flytta frå gjesterommet og ned i tvstova. 
Og den røffe Loppekrakken min passer også godt
 inn i haust- stemninga :)

Eplekake, kaffi og tente stearinlys høyrer med :)

Det gule pleddet minner meg om blada på trea på denne årstida. 
Gule og snart klare til å dette av.

Det er på tide å finne fram tjukkesokkane. 
Og den gamle tissepotta har fått lyng ;)



Dette er mitt bidrag til Lidyll si utfordring; Vis meg dine Høstfarger. 
Sjå fleire bidrag og/eller sleng deg på sjølv her! 

I dag er eit bilde frå Fjordhuset på trykk i nyaste nr av KK Living. 
Eit lite bilde, men det er stort for meg ;)
God ny veke til deg!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. september 2012

Nam!

Eg er følger og stor fan av Trines Matblogg. 
Denne veka frista ho med rømmeboller med friske bær. 
Og gjett om eg og Ariel måtte teste dei då ;)







Vi inviterte til kaffislabberas og bollane fekk raskt føter å gå på ;) 
Oppskrifta finn du her viss du fekk lyst
 å prøve du og :)

Fin søndag til deg!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails