torsdag 4. september 2014

#likebrabrukt

Månedens utfordring hos NIB heiter #likebrabrukt
Eg treng kanskje ikkje å seie at denne likte eg? Huset vårt er fullt av bruktfunn 
blanda med innslag av nyare design. Ein mix eg trivast godt med! Men eg må innrømme
 at å handle brukt ligg hjertet mitt nærmast. Det er lite som slår 
følelsen av å gå på skattejakt på Finn, bruktbutikker og loppis.
Like bra brukt? Ja, så absolutt! :)

Eg synast bruktfunn er med på å gjere interiøret personleg
 og mykje meir interressant. Det er her ein kan bruke kreativiteten sin
 og ha det gøy med å dekorere heimen sin!
 I stova finn du loppekrakker, eit brukt kjøkkenbord som er blitt sofabord. 
Ei leselampe og eit ullteppe funne godt brukt på garden eg voks opp. 
Roberts- Radio funne på bruktmarked i England. Til og med
 nokre av putene er laga av stoff kjøpt brukt  på Finn ;)
 Rommet til Hermine har kommode frå loppis som 
eg har fornya med nye farger. Den raude stolen stod så fin og 
brukt igjen etter forrige eigar av huset vårt. Bildet er frå ein bruktbutikk.
 Og leikekomfyren fant eg på ei kjøp/salg side på Facebook ;)
 På Ariel sitt rom er den grøne hylla eit bruktfunn. 
Bordet stod igjen i huset etter forrige eiger. Det fekk ein liten makeover. 
Den grønne stolen er eit bruktfunn eg fann i England i sommer. 
Kjærleik ved første blikk! Eg klarte såvidt å få den meg 
meg heim i kofferten ;)
  Senga til Ariel er eit bruktfunn frå loftet til Pappa. 
Den har eg nyleg måla rosa. Furu- kommoden har eg fått godt brukt av søstra mi. 
Den har eg redesigna ein smule ;) Bildet over senga er ein skatt etter
 Bestemora mi! Hekleteppet er også
 gammalt og brukt lenge :)
Min store lidenskap er brukte stoler
Både ferdig slitte, og nokre med ny farge. Kjøkenbordet og spisebordet
 har begge fått selskap av fine eksemplar ;)
Hylla mi på kjøkenet er også fullt 
av fine bruktfunn!
Det var som de ser vanskeleg for meg å velge ut berre nokre få bruktfunn. 
Så her fekk de plutseleg ei lita omvisning i huset vårt istaden ;)

For meir herleg Bruktfunn- inspirasjon, trykk her!

Klem frå Bjørg :-)

7 kommentarer:

Lykke i mitt hjerterom sa...

Du har det helt nydelig!
så fint satt sammen & så nydelige farger.
Ha en fin dag.
Klem Christina

Jenny sa...

Jag blir alltid på gott humör när jag besöker din blogg! Så härliga bilder :)

Nina John sa...

After examine a number of the weblog posts on your web site now, and I truly like your method of blogging. I bookmarked it to my bookmark web site record and will probably be checking again soon. Pls check out my website as effectively and let me know what you think....Cccam Server

Tine Holiløkk sa...

Så nydelige bruktfunn dere har. Elsker fargene du har valgt på både senga, kommoden og hylla :)

Elises TingogSånt sa...

Wow, for noen utrolig flotte bilder du viser:) Masse lykke til i månedens utfordring:)
Klem fra Elise

Jane sa...

Så masse flotte bruktfunn du har. :) Lykke til i utfordringen og ha en riktig fin søndag. klem klem

Signes sammensurium sa...

Du har det så fint, nydelige farger!
Lykke til i utfordringa, du hadde fortjent å vinne!
Ha en fortsatt fin søndag.
Klem fra Signe.

Related Posts with Thumbnails